Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulla under finalen i Melodi Grand Prix 2016.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Stine Hole Ulla festa med «Bettan» i natt

Stine Hole Ulla er kjempenøgd etter deltakinga i Melodi Grand Prix. Opplevinga var langt større enn ho hadde venta. Og i natt var det fest og allsong med sykkylving og Grand Prix-dronning Elisabeth Andreasson.

Festen varte til langt ut i dei små timane søndag morgon. Finalen i Melodi Grand Prix varte til klokka 23.15. Deretter var det møte med pressa. Og ved midnatt blei deltakarane og andre medverkande køyrde i buss til utestaden Ballroom i Oslo.

– Eg har sunge av full hals saman med «Bettan» i natt, vi har dansa og feira. Eg kjenner det godt i beina, ler Stine Hole Ulla når vi snakkar med henne på telefonen tidleg søndag kveld.

– Har ikkje ord

Stine Hole Ulla

Slik blei Stine Hole Ulla presentert då det blei klart at ho skulle delta i årets Melodi Grand Prix.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Stine Hole Ulla frå Sykkylven stilte med låta «Traces», ei vakker ballade i beste Melodi Grand Prix stil. Trass i stor innsats kom ikkje Stine til gullfinalen. Likevel er ho storfornøgd med deltakinga i det store showet.

– Dette var utruleg spennande. Eg har på ein måte ikkje ord for det. Det var eigentleg større enn eg hadde sett for meg, strålar ho på telefonen. Men eg kom meg gjennom det, legg ho til.

– Grein fem minutt før eg skulle på

På førehand hadde Stine Hole Ulla fortalt til pressa at ho var svært spent, og at ein slags nervøsitet kom og gjekk. Frå mentoren sin, operasongar Solveig Kringlebotn, fekk ho til råd å bruke mindfulness og å fokusere på songen.

– Veit du kva? Fem minutt før eg skulle på scena grein eg backstage. Men eg blei redda av sminkefolk og andre gode folk som fiksa meg opp og gjorde meg klar for scena. Det blei veldig masse følelsar.

Stine Hole Ulla fortel at alt dette forandra seg då ho sto på scenen. Då går ho mykje inn i seg sjølv og fokuserer hardt.

– Ja, når eg står på scena då går eg inn i eit anna modus. Eg går liksom inn i ein karakter og eg legg frå meg nervane backstage og då går eg på scena med full sjølvtillit.

Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulle hadde på seg ein lang gullkjole, og var plassert på eit lite podium midt mellom kronblad.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Eg følte meg som ei dronning

Artisten frå Sykkylven med den klokkeklare stemma stilte i ein lekker, lang gullkjole og var plassert i ein slags blomst med kronblad i forskjellige fargar rundt seg. Stine Hole Ulla kan avsløre at det var teamet frå NRK som kom med forslaget om blomen.

Det fantastiske teamet frå NRK foreslo at eg skulle stå blant kronblad på eit lite platå. Eg likte ideen godt. Eg ville gjerne stå åleine på scena, og då måtte vi gjere noko meir ut av det. Det blei kanskje litt «annleis», smiler ho.

– Og eg er super, superfornøgd med kjolen. Det er ikkje kvar dag ein får lov til å gå rundt i ein gullkjole med digert, glitrande smykke. Det var fantastisk. Eg følte meg litt som ei dronning som sprada i gangane.

Ho fortel at ho måtte ha hjelp kvar gong ho skulle bevege seg i gangane. For kjolen var så stor og lang og hjelparar måtte halde opp kjolen.

Det er så mange morosame ting å ta med seg vidare. Eg blei jo behandla som ein diva. Eg hadde ei eiga vertinne som henta kaffi, te og mat. Nei, dette var heilt fantastisk. Det var som å vere prinsesse for ein dag.

– Håpte å gå vidare

Stine Hole Ulla fortel om dei spennande minutta etter at alle var ferdige med framføringane sine, og utveljinga til gullfinalen var i gang. Til slutt var det den siste som skulle veljast. Den siste til gullfinalen var Freddy Kalas. Då var det klart at Stine Hole Ulla ikkje kom vidare.

Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulla under Melodi Grand Prix-presentasjonen.

Foto: NRK

– Eg håpte jo på å gå vidare. Eg ville veldig, veldig gjerne. Målet var å kome til gullfinalen. Samtidig har vi vore ein slik god, samansveisa gjeng. Det har ikkje vore noko kniving. Vi har heia på kvarandre og skrytt av kvarandre. Då blir eg glad på andre sine vegne. No har alle med seg ei svært stor erfaring. Og vi har fått oppleve dette saman. Men eg var sjølvsagt svært spent.

Men det er no lov å bli skuffa også, når ein ser at målet om Gullfinalen forsvinn?

– Jada, eg ville gjerne til gullfinalen. For eg ville så gjerne synge songen min igjen. Det hadde vore heilt fantastisk. Og tenk å få synge ein gong til i Spektrum. Det var mykje kjensler på ein gong.

Melodi Grand Prix

Stine Hole Ulla klappa då det blei klart at Agnete Kristin Johnsen vann Melodi Grand Prix. - Vi blei ein samansveisa gjeng og då gler eg meg over det dei andre oppnår, seier ho.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Eg var veldig spent på kva Solveig Kringlebotn skulle seie, om ho skulle halde valtale for deg i Gullfinalen ...

Ja, veit du kva. Det var eg også veldig spent på. Det hadde vore gøy å få høyre. Ho sto klar. Vi har eit veldig godt samarbeid og ho er ein fantastisk person som hjelper meg og støttar meg med tips og råd. Ho kom også tidleg på dag og varma meg opp og passa på at eg hadde alt eg trengte.

– Skal synge «Traces mykje»

Låta «Traces» kjem no til å bli ein song som Stine Hole Ulla kjem til å bruke mykje framover. Ho har tidlegare karakterisert låta ein tidlaus song, som dei som likar den kan ha med seg gjennom heile livet.

Eg er blitt veldig glad i å synge «Traces». Og dette er berre byrjinga. No er låta promotert, så no er det berre å køyre på.

Blir låta verande som ei fil på Spotify eller kan det bli eit spor i eit album?

– Eg er blitt kontakta av fleire låtskrivarar. Men eg har ikkje fått tid til å sjå gjennom dette enno. No har eg ein avslappingsdag i dag. Og etter kvart skal eg nok få sett på dette også.

– Kjenner festen framleis i beina

Stine Hole Ulla

Stine Hole Ulla under Norske Talenter i 2012.

Foto: TV2

I natt var det fest heilt fram til klokka var seks om morgonen. På utestaden Ballrom festa deltakarane og støtteapparat og dei som medverka i produksjonen.

– Det var masse dansing og eg kjenner det i beina enno. Men det var verd det. Det var så gøy. Eg dansa med Bettan og song «La det swinge». Det er det slett ikkje ofte ein får gjere.

– Så det var skikkeleg Sykkylven-treff på festen?

– Ja. Vi song for full hals. Og alle svinga seg på dansegolvet. Det var berre så gøy, seier Stine Hole Ulla, sliten og lukkeleg etter den sterke innsatsen både på dansegolvet og ikkje minst under den norske Melodig Grand Prix-finalen 2016.

Melodi Grand Prix

Melodi Grand Prix var eit fargesprakande show.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix