Familien Øvstebø
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei prioriterer fellesskapet på julekvelden

Over 100.000 er aleine i kveld. Men det finst alternativ. Familien Øvstebø frå Ålesund har i årevis valt å skape ei god jul for andre.

Det er eit par dagar att til jul, og heime hos familien Øvstebø i Ålesund har roa senka seg. Dagens middag er akkurat avslutta og praten går lett rundt bordet, medan tallerkenane blir rydda vekk. To av barna har allereie kome heim til jul, berre eldstemann Kristine (26) manglar for at høgtida skal bli komplett.

Meir naturleg enn å vere heime

Ingvil og Audun Øvstebø

Barna Ingvil og Audun Øvstebø kan ikkje sjå for seg ei jul utan å delta på den opne julefeiringa.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Einebustaden er pynta til jul, men som vanleg skal ikkje familien på fem feire julaftan heime. I år, som veldig mange tidlegare år, skal dei vere med å arrangere den opne julefeiringa i Spjelkavik kyrkje.

– Det har på ein måte blitt vår tradisjon. Det kjennest meir naturleg å feire jul der enn å sitte heime på julaftan, seier Audun (24).

Veslesøster Ingvil (21) nikkar ivrig.

– Absolutt, eg huskar godt det året det berre var oss her, det er litt kjipt å bruke ordet stussleg, men det var veldig annleis. Det har blitt ein del av oppveksten og tradisjonen vår, så det blir ikkje jul utan, seier ho.

Alternative feiringar

I overkant av 100.000 menneske i Norge feirar jul aleine kvart år. Men for dei som ikkje ønskjer å vere aleine i jula, finst det mange gode alternativ. Over heile landet arrangerer både kyrkjer og andre frivillige opne julefeiringar.

I Spjelkavik kyrkje i Ålesund står eit festpynta lokale klart til å ta imot gjestane. Eit dekka langbord er plassert midt i rommet, og like ved står eit juletre pynta med lys, flagg og fargerike kuler. Aud Romslo Schistad, diakon i kyrkja, seier det er fleire grunner til at mange vel å delta på den opne julefeiringa. Ho vektlegg at det ikkje berre er dei som er einsame som nyttar seg av tilbodet.

– Enkelte har kanskje barn som feirar jul saman med svigerfamilien, nokre har familie langt unna og er kanskje ikkje så glad i å reise eller dei er i ein alder der dei kvir seg for å reise. For andre har det blitt ein tradisjon og dei gjer det fordi det er kjekt å kome hit å møte andre.

Julefeiringa består av alt det ein forvente av ein slik kveld, både med julemiddag, song, opning av pakkar og å gå rundt juletreet. I år er det mellom 30 og 40 som har meldt seg på feiringa.

– Og så er det dei som ønskjer å delta fordi dei veit at dei blir sittande aleine på julaftan, og ikkje synest det er noko kjekt. Vi veit at det er andre liknande arrangement som også samlar mange, så det er flott at det er fleire initiativ, held ho fram.

Aud Romslo Schistad

Spjelkavik kyrkje i Ålesund er blant dei som opnar dørene sine på julaftan.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Skaper nære band

Heime hos familien Øvstebø har far Tore Johan sett seg ned framfor datamaskina og leita fram bilete frå tidlegare julefeiringar.

Julefeiring Spjelkavik kirke

Her er bilde frå fjorårets feiring.

Foto: Privat

– Her er Ingvil saman med ei av dei faste som også kjem i år. Dei har blitt svært glad i kvarandre. Han peiker på eit bilete av yngstedottera og ei eldre kvinne, begge smiler breitt. I løpet av åra som har gått har minna og møta med nye menneske blitt mange, samtidig som banda dei har skapt har blitt sterke.

– Eg huskar for fleire år sidan, då var det ei gamal kvinne som røyste seg opp å takka veldig. Då sa sonen vår: «Mamma, dette gjer vi kvart år». Det er utruleg kjekt når vi får slike tilbakemeldingar, legg mor Randi Stige Øvstebø til.

Har halde på sidan 90-talet

Heilt sidan midten av 90-talet har familien feira jul på denne måten. Ikkje alle åra, men dei fleste. Ideen starta då Tore Johan jobba i Frivilligsentralen i Ålesund.

– Vi bestemte oss for å skape ei open julefeiring, og takka vere to frivillige som tok seg av alt det praktiske, blei det mogleg, seier han.

Til deira overrasking var det over 30 som melde seg på feiringa, og ballen byrja å rulle. Sidan har det blitt ein tradisjon.

– Det er viktig å kunne halde slike tradisjonar ved like og gi folk eit tilbod dei kan stole på, seier Tore Johan.

– Enormt press knytt til julaftan

Tore Johan Øvstebø og Randi Stige Øvstebø

Ekteparet Tore Johan Øvstebø og Randi Stige Øvstebø har mange gode minner frå dei opne julefeiringane i Spjelkavik kyrkje.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Randi vektlegg at julefeiringa er open for alle, uansett grunn.

– Dei siste åra har det vore mykje fokus på at vi skal opne heimane våre og gi plass til nokon vi ikkje kjenner, men eg trur terskelen fort kan bli litt høg, og at terskelen derimot er mindre for å delta på ei open feiring.

Og det er ikkje slik at ein må forklare kvifor ein kjem.

– Det er enormt med press knytt opp til denne dagen, og svært mange er opptatt av at julaftan skal vere så perfekt. Men det er ikkje alle som føler det slik når dei tenker på julekvelden. Kanskje kan det å kunne delta på denne feiringa, og møte andre, gjere det til ein god dag. Det er i alle fall det vi håper på, seier ho.

Randi understrekar at det er fleire enn dei som står på for å arrangere feiringa.

– Det krev eit mannskap for at denne dagen skal bli god. Det er mange som møter opp og hjelper til. Vi er berre éin av mange brikker.

Har aldri sagt nei

For familien Øvstebø har det aldri vore eit tema å ikkje feire jul på denne måten.

– Mamma og pappa spør oss kvart år kva vi tenker og har lyst til, og det har aldri vore eit år der vi har sagt at vi ikkje ønskjer å vere der. Vi synest det er stas, seier Ingvil.

Ho og broren vektlegg at dei får like mykje glede ut av å arrangere feiringa, som dei som deltek får.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at vi er der for å gjere dei ein teneste. Vi synest det er kjempekjekt å feire jul der sjølv, og å bli kjent med nye menneske, seier Audun.

– Det er slik at vi gir av oss litt av oss sjølv, og så gir dei veldig mykje tilbake. Alle som er der er interessert i å bli kjend med andre, legg Ingvil til.

Det er dette som har blitt juletradisjonen til familien. Og det blir heller ikkje mangel på julefeiring heime heller.

– Vi har som regel ei ekstra feiring når vi kjem heim på kvelden, der det berre er oss. Så vi får full pakke, seier Tore Johan.