Ørn Flø, i ballbingen på Flø

Ørn Flø (16) har sin eigen ballbinge på Flø. Han har ein draum om å kunne spele i ein stor europeisk liga ein gong i framtida.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den lange vegen for å nå draumen

Heilt ute i havgapet held han på. Det har han gjort sidan han var liten gutunge. Langt der framme ligg målet han drøymer om. Ein dag vil han kanskje nå det.

16 år gamle Ørn frå bygda Flø på Sunnmøre trivst i sitt eige selskap. Det må han gjere. Ofte trenar han heilt åleine der ute medan vind og regn piskar inn frå storhavet.

Han har eit talent som ikkje mange har. Eit fotballtalent. Men kor mykje er talent og kor mykje er hard trening. Det har han ikkje svaret på sjølv.

På den gamle leikeplassen ved den nedlagde skulen i bygda, eit steinkast unna heimen, har han fått laga ein miniballbinge. Der er han i sine eigne tankar medan han terpar på teknikk.

Eit par gonger i veka syklar han ei mil berre for å kome seg på trening, ofte i sterk motvind. Det kjennest slik ut der ute i havgapet. Motvinden kjem frå alle kantar heile tida, men det gir betre trening å sykle enn om han skulle ha brukt moped.

Ørn Flø, sykkel på Flø

Ørn Flø på veg til trening 11 kilometer unna. Han syklar gjerne den strekninga eit par gonger i veka. Elles vert han skyssa av foreldra.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ørn Flø er ein av mange ungdomar i landet vårt som har draumar. Han drøymer om å verte så god i fotball at han ein dag kan leve av det. Skal tru om Erling Braut Haaland hadde slike draumar som 16-åring. Ørn trur det.

Sidan han var 6 år har Ørn vist seg fram på fotballbana. Han har vorte lagt merke til. Eit talent langt over det som er vanleg. Kor langt kan det gå?

Han vart tatt ut på landslaget i si årsklasse. Har hatt flagget på brystet. Det var stas. Men så vart troppen spissa. Trenar Gunnar Halle valde å utelate Ørn i haust. Dermed vart vegen brått brattare enn det 16-åringen frå havgapet hadde trudd.

Målet til Ørn er nemleg stort. Det er å verte proff i ein stor liga i eit varmt land. Då må han tilbake på landslaget. For når ein er med der vert ein lagt merke til. Speidarar frå store klubbar følgjer med på aldersbestemte landslag. Endå meir enn før på dei norske laga etter at Martin Ødegaard, Sander Berge og Erling Braut Haaland har lukkast.

Den beskjedne 16-åringen er ikkje beskjeden når han fortel om draumar og mål. For han er fotball sjølve livet. Alt han gjer i kvardagen handlar om å nå målet og draumen.

Men han må likevel jobbe med personlegheita si. Han kan godt vere den stille og rolege Ørn utanfor bana, men i 2x45 minutt i fotballkamp må han endre karakter.

Det har landslagstrenaren hans, Gunnar Halle, også sagt. Halle kjenner seg igjen i Ørn. Også han var beskjeden i tenåra og måtte arbeide med det.

Ørn snakkar lågmælt. Men det han seier er tydeleg nok. Han veit kva han må jobbe med for å kome seg framover og vidare. For å nå draumane han har hatt i mange år allereie.

Talent og draumar

Der er fleire tusen ungdomar her i landet som er aktive i ulike idrettar. Av desse er det nokre som vert følgde opp på nasjonalt nivå. Blant desse igjen er det berre nokre svært få som kan nå heilt til topps. Ikkje alle kan verte som Erling Braut Haaland, Therese Johaug, Jakob Ingebrigtsen eller Karsten Warholm.

Ørn kjenner vinden i håret når han syklar til trening den lange mila frå Flø til Høddvoll. Når han kjem fram står ein annan ungdom frå Ulstein klar med staven i handa i Ulsteinhallen. Ho er ein annan talentfull idrettsungdom i den same kommunen.

Friidrettsklubben Dimna held nemleg til i heimkommunen til Ørn Flø, Ulstein. Sarah Saunes Moldskred (16) har nettopp varma opp. No skal ho øve på detaljar. Lista ligg på rundt 3 meter og 15 centimeter, eit godt stykke under hennar personlege rekord. Ho skal ha litt å gå på når det vert konkurranse.

Sarah Saunes Moldskred

16 år gamle Sarah Saunes Moldskred frå Dimna IL. På veg over lista endå ein gong. Ho spesialiserer seg på stavsprang og vart nummer 5 i senior-NM i år.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er dritgøy med stavsprang. Eg har ein draum om å delta internasjonalt ein gong i framtida, seier ho etter å ha tenkt seg litt om.

Dimna IL har nærast vorte verdskjend på grunn av Karsten Warholm.

Hekk har vorte meir populært enn nokon gong på grunn av "Karsten-effekten". Nokre meter unna Sarah trenar veninna Andrea Skaar Berg (16) på å kome seg over hekkane. Det er 80 meter hekk som er spesialøvinga. Heilt frå ho var 10 år har hekk vore det kjekkaste ho veit å drive med. Den smilande jenta seier det er for kjedeleg å berre springe rett fram.

Andrea Skaar Berg, Dimna IL

Andrea Skaar Berg frå Dimna IL- Her under trening i Ulsteinhallen der ho fyk over hekkane. Ho tok sølv i ungdoms-NM på 80 meter hekk tidlegare i år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kanskje har ho ein draum om å verte som Karsten ein gong i framtida.

Vart lei av fotball, satsa på volleyball

Runa Redse-Arset saman med Selma Trggestad Hodne på ungdomslandslaget.

Runa Redse-Arset saman med Selma Tryggestad Hodne på ungdomslandslaget.

Foto: Privat

Runa Redse-Arset er avgangselev ved Ulstein ungdomsskule. Ho har også sine draumar, mellom anna om å spele volleyball i USA ein gong.

Ho spelte fotball i mange år, men vart lei. Den 15 år gamle jenta er 186 centimeter høg. Det er berre knapt to år sidan ho starta å trene med KFUM Volda. No er ho med på ungdomslandslaget. Det har vorte ein stor suksess.

– Det er krevjande å pendle til trening slik eg gjer. Ofte tek eg bussen i tre kvarter for å kome meg på trening.

Ho tenker på å reise til USA ein gong for å spele college-volleyball der. Familien budde eit par år i USA, så ho vil gjerne tilbake.

Runa Redse-Arset på trening i Volda

Runa Redse-Arset på trening med elitelaget til KFUM Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Trongt nålauge

Desse idrettsungdomane i Ulstein og mange fleire med dei har draumar om å verte skikkeleg gode, ein gong. Om nokre år, men dei veit også at berre nokre få lukkast.

Frode Moen er dagleg leiar for Olympiatoppen i Midt-Noreg. Han veit kva som må til.

Frode Moen, Olympiatoppen Midt Norge

Frode Moen er dagleg leiar for Olympiatoppen i Midt Noreg

Foto: Privat

Det er forskjel på dei ulike idrettane, men det å trene på det som er spesielt akkurat for den idretten ein held på med er viktig. Det å bygge opp basisstyrken i kroppen. Tole mykje trening og trene med kvalitet. Så er det også viktig å kvile godt mellom slaga.

Frode Moen seier at mange av desse ungdomane tidleg må gjere val. Dei må velje bort mykje. Fest og moro vert det lite av om ein skal verte god. Ein må rett og slett lære seg å prioritere korleis døgnet skal brukast.

Alle utøvarar som når langt i sine idrettar er målbevisste og har stor lidenskap for det dei driv med. Dei må ha ein sterk motivasjon uavhengig av om dei opplever medgang eller motgang.

Han må jobbe endå hardare

Fotballtalentet Ørn Flø veit at vegen er lang, men han kjem ikkje til å slutte å drøyme av den grunn. Han har ikkje vore med i dei to siste landslagstroppane på G16-landslaget. Ørn kjende godt at han vart skuffa då han ikkje lenger var med.

–Dei første dagane tenkte eg litt på det, men etter kvart innsåg eg at det ikkje var noko anna å gjere enn å trene enda meir.

På treningane på Høddvoll i Ulsteinvik er Ørn stort sett saman med eldre gutar på rekruttlaget til klubben. Det er ikkje naturleg for han å brøyte seg fram i det miljøet. Men han må prate meir på bana. Han må verte tøffare i duellspelet. Utfordre seg sjølv meir på det han kan verte betre på. Han kjenner på at dette ikkje er naturleg for han, men han må gjere det. For draumen vil han nå.

Ørn Flø, trening på Høddvoll

Ørn Flø, i trening med stort sett eldre gutar. Han peikar og forklarer. Han har fått beskjed om å kommunisere meir. Ikkje enkelt for ein beskjeden tenåring med store ambisjonar på fotballbana.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ørn Flø veit at det ikkje er kvar ein kjem frå som er avgjerande. Det er kor mykje ein jobbar over tid. Han tenker mykje på dette. At han i periodar ikkje vil greie å «ta steg» like fort. Det er då han vil bite tennene saman og jobbe ekstra hardt.