Andreas Ødegaard
Foto: Remi Sagen / NRK

Deltidsjobben gjorde Andreas (20) bråvaksen

Då Andreas Ødegaard fekk ei to prosent stilling som brannkonstabel, var han hundre prosent ubudd på kva som ville komme.

På det harde murgolvet midt mellom to brannbilar på Valldal brannstasjon blir ein mann lagt i stabilt sideleie og pakka inn i teppe.

– Rull han over på ein, to, tre, forklarer førstehjelpsinstruktøren til brannmennene som står rundt i ring for å lære. Det har snart gått halvanna år sidan Andreas Ødegaard hadde sitt første møte med døden. Han visste ikkje kva han gjekk til.

Laurdag 30. juli 2016:

Det er midt i turistsesongen og fullasta turistbussar snirklar seg oppover dei krappe svingane på den spektakulære Trollstigen i Møre og Romsdal. Snart skal denne idylliske sommardagen ende i katastrofe.

19 år gamle Andreas Ødegaard sit på ein benk i Valldal sentrum og et hamburgar. I den lysegrøne Oldsmobilen han køyrer frå 1950-talet ligg mannskapsradioen hans frå brannvesenet og hyler før døve øyrer. Ungguten er deltidsbrannmann og brannvesenet er den viktigaste beredskapen i Valldal.

Akkurat no står heile bygda på hovudet. Det er den tradisjonelle olsokfeiringa og kaiområdet yrer av folk og salsbuer. Heilt sidan slutten av 40-talet har bygda feira dagen då Heilag-Olav døydde i slaget på Stiklestad. I år er det sceneshow, morellsteinspytting og mjølkespannhalding på programmet.

Den nyrekrutterte brannmann Andreas er vokalist i bandet «Gromgutane åt ho besta» og dei har spelt Valldalsongen og fire countrylåtar på scena. Gromgutane får gratis mat for å opptre.

Andreas rekk ikkje å ete mykje av hamburgaren, før han ser at onkel Ove Indreeide plutseleg spring forbi med radiosambandet frå brannvesenet i handa. Andreas forstår at noko er gale. Onkel er utrykkingsleiar i brannvesenet.

19-åringen legg fort frå seg maten og spring bort til bilen. I passasjersetet saman med klesskiftet ligg brannradioen til Andreas og uler. Han såg ingen vits i å ta den med på scena, der lyden var så høg.

Over displayet på den svarte Motorolaradioen rullar teksten: «Trafikkulykke m fastklemt. Buss på taket mange personar involvert » Pulsen til Andreas stig. Dette er alvor. Han hiv seg i bilen.

Olsokfeiring i Valldal 2016

I Valldal vert Olsok feira stort. I 2016 var det blant anna konsert og mjølkespannhalding.

Foto: Storfjordnytt

Brennande hus

Då Norddal kommune lyste ut ei 2,04 prosent stilling som brannkonstabel, søkte Andreas. Han har alltid vore fenga av blålys og action. Sunnmøringen såg for seg korleis han i brannuniform skulle springe inn i røykfylte hus med flammar som slikka oppover veggane og berge ut folk.

19-åringen fekk opplæring i korleis pumpa på brannbilen verka, korleis kople slangane og korleis motorsaga verka. Seinare skulle han få erfare at det nesten aldri brenn i Valldal. Det er som oftast heilt andre oppdrag dei 16 snikkarane, offshorearbeidarane og gartnaren med deltidsstilling i brannvesenet vert brukte til. Det kan like ofte vere hjertestartar dei brukar som brannslangane.

– Eg tenkte at med denne jobben ville eg utgjere ein forskjell. Eg kom til å utrette noko viktig for bygda, seier Andreas og kikar utover snødekte markar. Kontrastane frå sommar til vinter er enorm i Valldal med sine 1000 innbyggjarar. På vinteren er bygda i dvale. Sommartid kryr det av campingfolk, bussar, turistar og utanlandske jordbærplukkarar.

Vil dirigere trafikken

På Grønning, som er ein del av den nasjonale turistvegen Trollstigen, ligg ein kvit turistbussen frå Ukraina på taket i grøfta med 41 passasjerar, ein guide og sjåfør om bord. Sjåføren miste kontrollen på bussen etter eit samanstøyt med ein personbil på den smale vegen.

16 personar frå brannvesenet har fått den same meldinga på radioane sine. Det finst inga vaktordning i Valldal brannvesen, så i teorien kan alle vere bortreist denne dagen. Men det er dei ikkje. For det er Olsok. Feiringa som alle i bygda vil ha med seg. 11 personar rykker så fort dei klarer.

Andreas med Oldsmobilen køyrer snarvegen over ein grasplen for å kome raskast mogleg fram til stasjonen. I løpet av dei fem månadene han har vore brannmann har han berre rykt ut på falske alarmar på sjukeheimen, i tillegg til to små trafikkulykker. Begge gongane har han raskt meldt seg til å dirigere trafikken.

– Dette gutar, dette blir stygt, er beskjeden Andreas får inne på stasjonen. Frå 110-sentralen får dei opplysningar om at ein i bussen skal vere død.

Med skjelvne fingrar tar han på seg uniforma utanpå den kvite adidas t-skjorta og dongeribuksa og set seg i den minste redningsbilen. Han legg ein liten slagplan for seg sjølv. Han vil ta ansvar for trafikkdirigeringa.

Det er kaos i hovudet til Andreas. På veg til ulykkesstaden får mannskapet fortløpande meldingar og den unge guten dannar seg mange bilete i hovudet på korleis dette skal bli.

Når brannbilane kjem fram, innser den ferske brannmannen at planen om å dirigere trafikken må skrotast. Køane er endelause i begge retningar, og trafikkavvikling er ikkje prioritert.

Velta buss ulukke Valldal

Ein person omkom og to vart hardt skadde i bussulykka ved Grønning i Valldal.

Foto: Rune Hustad / NRK

Som ein film

Synet som møter Andreas er som ei scene frå ein film. På den store marka på andre sida av vegen for den velta bussen er det fullt med folk. Mange av dei er i sjokk, andre er frivillige som har forlate bilane sine for å hjelpe til. Ambulansane med helsepersonell kjem fram på staden like før brannmannskapa.

Det kunne vore annleis denne dagen. I Valldal er det berre ein ambulanse tilgjengeleg. Dersom den er ute på køyreoppdrag til sjukehuset i Ålesund, er det brannvesenet som kjem først og må utføre førstehjelp. Som mange andre stader i distrikts-Noreg er politiet langt unna.

I dag kjem helsepersonellet først, og brannmannskap gjer det dei er drilla på.

Dei erfarne brannmennene sikrar bussen slik at den ikkje skal rulle rundt, med vinsj frå eine brannbilen.

Andre går i gang med å klippe laus dei to personane som sit fast. Andreas går inn i bussen for å hjelpe folk ut. Taket på bussen har blitt golvet. Det er mat, bagar og glasbrot overalt. 19-åringen prøver så godt han kan å roe ned ein mannleg passasjer som går att og fram i bussen i panikk.

Han snakkar roleg og prøver å forsikre passasjeren om at det går bra.

Dødsulykke med turistbuss i Valldal

Etter ulykka vart brannvesenet att på staden for å rydde opp.

Foto: Andreas Ødegaard

Folk hyler og skrik. Andreas oppfattar situasjonen som kaotisk, men ser at dei erfarne rundt seg veit akkurat kva dei skal gjere. Beredskapsmessig er det alt som klaffar denne fine sommardagen. Det kjem fire ambulansehelikopter, eitt redningshelikopter og seks ambulansar. Helsearbeidarane merkar passasjerane med kort rundt halsen i ulike fargar. Andreas har aldri sett det før, men forstår at raudt er dei som hastar mest å hjelpe.

Sidan bussen ligg i grøfta må dei skadde berast opp ei bratt skråning på båre. Det er vanskeleg å få fotfeste, så Andreas sklir, men held seg på beina. Sveitten renn og han hiv av seg uniformsjakka. På båra ligg ein mann med opne sår. 19-åringen har fått beskjed om å bere forsiktig. Ingen veit om pasientane har indre blødingar.

Andreas har ikkje omgrep om tid der han går opp og ned med båra. Nokre av dei som ligg der blør, andre ser uskadde ut, men klagar over smerter. På hovudvegen er det danna ein eigen oppsamlingsplass for dei skadde.

Buksa hans under uniforma har blitt full av hol, etter klatring og kryping. Han tar imot instruksar og gjer sitt beste. Hentar medisinar. Ber båre. Lengre nede i bygda gjer kompisgjengen seg klar til vorspiel og fest. Også Andreas skal på dans. Litt seinare.

Vart vaksnare

Etter at helikoptera, dei gule ambulansane og blålysa forlét ulykkesstaden, vart Andreas og brannmennene att for å rydde opp på staden. På brannstasjonen gjekk dei gjennom hendinga og prata om det dei hadde opplevd.

Andreas stakk deretter heimom og tok på seg dressen og finskoa. Vokalisten i «Gromgutane til ho besta» drog på Olsokdans med mange tankar i hovudet. Heile natta fekk han spørsmål om ulykka frå venene.

– Det var veldig rart og kontrastfullt, men det hjelp ikkje å sitte heime og tenke på det. I mine auge blir det berre verre, seier Andreas.

I tida etter den dramatiske julidagen har Andreas tatt røykdykkarkurs og brannkonstabelutdanning. Han har rykt ut på hjartestans og drukningsulykke i ein foss. Trafikkulykker, fire brannar og fleire falske alarmar. Når mannskapsradioen pip, anten han er på jobb som tømrar, mekkar bil eller er hos vener, veit han aldri kva som kjem. Han veit berre at alle kursa han har gjennomført, gjer han betre rusta til å takle det som møter han.

Bussulykka gjorde noko med ungguten. Nokre gongar er det berre nokre centimeters breidde på vegen, som avgjer om ein buss køyrer i grøfta eller ikkje. Andreas oppdaga kor skjørt livet er. Kor hårfin balanse det er mellom idyll og katastrofe. Og at hans og 15 andre sin innsats kan vere avgjerande.

– Eg har fått meir perspektiv på livet og ser kor heldig ein er dersom det går bra, seier deltidsbrannmannen i 2,04 prosent stilling.

Andreas Ødegaard brukar fritida på å skru bil

Andreas brukar mykje av fritida si til å mekke bil. I garasjen har han alltid med mannskapsradioen frå brannvesenet.

Foto: Remi Sagen / NRK