Matias kjøpte penis på nett
Han er fødd biologisk kvinne, men føler seg som ein mann. Då Matias starta hormonbehandling sette han på lydopptakaren.
Matias Frøystad sat i klasserommet på Filmskulen på Lillehammer og sveitta. Klassekameratane kjende han som Matilde.
Han fekk ikkje med seg eit ord av forelesinga. Om litt var det nemleg hans tur til å snakke.
Han skulle seie noko han hadde stengt inne i 26 år.
Medstudentane hadde fått beskjed om å sitte att etter timen. Med skjelvande bein gjekk han fram i rommet.
Han klarte ikkje halde tårene tilbake. Akkurat det som ikkje skulle skje.
Lærar Carl gav eit støttande nikk og han klarte å samle seg.
Stotrande fortalde han at aldri hadde følt seg som ei jente. No var det på tide å gjere noko med det.
Jubel over kroppshår
Matias sit passe breibeint i den lyse stova med utsikt mot snødekte Sunnmørsalpar, innreidd med lokalproduserte møblar frå bygda.
Seinare i dag har han ein viktig avtale med ei kvinne som er meister med nål og tråd. Hennar sting skal rette opp ein feil frå Matias sin ungdom.
Over sokkane stikk det ut mørke hår på leggane. Skjeggveksten på haka er noko 31-åringen er umåteleg stolt av, sjølv om den aldri kan måle seg med dei andre mennene i familien.
– Det første vesle, teite håret på haka kjendest som ein siger, ler Matias med maskulin stemme.
Den grove stemma er resultatet av ei sprøyte som inneheld 1 gram med testosteron kvar tredje månad, rett i rumpeballen. Behandlinga har gått føre seg i fire år og varer livet ut.
I badedrakt på scena
Matias (31) er på besøk hos foreldra i heimbygda Sykkylven. Når han blar gjennom familiealbumet og ser seg sjølv i jenteuttrykk, huskar han kor annleis han kjende seg som barn. Ingen forstod han, heller ikkje han sjølv.
I rolleleiken ville han aldri vere Barbie, men Ken. Aldri mor, berre barn eller far. Han ville ikkje sjå ut som jenta Matilde. Han hata å gå i kjole og skjørt i bursdagsselskap.
Eit av dei sterkaste minna er frå ei turnoppvisning. Vanlegvis trena gutane og jentene saman, men med publikum til stades blei dei delt.
– Gutane fekk hoppe på trampoline, medan jentene skulle danse i ei slags badedrakt, fortel Matias.
Han huska hestehale, glittersminke og Greasetema. Han følte seg malplassert i kostymet, men turte ikkje seie frå at han heller ville hoppe trampoline. Medan han dansa telte han ned tida til dette var over.
Ei anna tvangstrøye var bunaden. Han ville slett ikkje ha den på. Ikkje i konfirmasjonen heller, men det blei han fint nøydd til.
– Eg tenkte at ei jente må jo kunne ha på seg bunad for ein gongs skuld, sjølv om ho likte å gå i guteklede, seier pappa Åge. Han har framleis dårleg samvit fordi han tvinga Matias.
I dag skal uretten gjerast om på. I systova i bygda.
Forelska i jenter
I ungdomstida følte Matias seg annleis enn alle venninnene sine, utan å kunne sette ord på det.
I staden starta eit opprør i klesvegen.
Han ville gå med hettegenser, treningsklede og kaps. Til andre forklarte han at han var som Sporty Spice i gruppa Spice Girls.
Heller ikkje hårsveisen var jenteprega. Då var det kanskje ikkje så rart at ein lærar tok feil og skyssa Matias ut av jentedo ein gong.
– Eg blei oppfatta som ein annleis og litt vrang ungdom. Rebelsk på eit vis. Eg hadde så mykje inni meg som eg ikkje klarte å sette ord på, seier Matias.
Medan venninnene blei forelska i gutane i klassa, lurte Matias på kva som var gale med han.
Kanskje var han interessert i jenter?
På vidaregåande blei Matias forelska i ei anna jente. Dei to blei kjærastar.
– Eg turte aldri seie direkte til henne at eg følte meg som ein gut, seier Matias.
Det lengste han gjekk var å bruke slips og skjorte, slik som også kjærasten gjorde. Det kjendest direkte ulovleg ut.
Tok lydopptak
Då Matias starta på filmskulen i 2017 fekk han ein psykisk og kroppsleg knekk.
Å bere på desse kjenslene kjendest ut som eit vulkanutbrot. I alle år hadde vulkanen halde seg i ro, med berre små skjelvingar. No var trykket så høgt at det ikkje kunne stengast inne. Han kunne ikkje late som han var ei jente meir.
– Eg tenkte at ingen ville ha noko meir med meg å gjere. Men eg måtte ut. Slusene var opne og det var ingen veg tilbake, fortel Matias. Han fekk hjelp av klassekameratar, lærar Carl Svensson, skulepsykologen og psykolog på sjukehuset.
Lærar Carl er slett ikkje uvand med studentar som identifiserer seg som trans og han meiner Matias sin måte å kome ut på var den beste han nokosinne har opplevd. Han smiler framleis av å tenke på det legendariske sitatet på kontoret hans.
– Du, eg veit kor hardt du jobbar for jamn kjønnsbalanse i klassa, men sorry. Eg er ein gut, minnest Carl at Matias sa.
Matilde skifta til namnet Matias. Både fordi namna likna på kvarandre og fordi det var mellomnamnet til farfaren.
Etter at klassa var informert, blei alle dei 50 studentane ved skulen også inkludert.
– Eg stod framfor heile skulen og sa at dette skjer no. Eg kjem til å vere emosjonelt på tur og de må berre halde ut med meg, seier Matias. Redselen for å bli utstøytt var ugrunna. I staden opplevde han ei massiv støtte og ein gjeng som heia på han.
Frå då starta han å gjere lydopptak for å dokumentere prosessen med hormonbehandling.
Fekk mensen under hormonbehandling
Med radioopptakaren gåande besøkte Matias hormonlegen fleire gongar i Oslo.
19. september 2017 kom endeleg den store dagen då resepten på testosteron kunne hentast på apoteket. Behandlinga som skulle gi skjegg, grov stemme og brei brystkasse.
Det skulle vere ein lykkedag og han ville berre hoppe av glede, men sjølv med medisinen i handa turte han ikkje å smørje på hormongeleen før han kom heim til kollektivet i Lillehammer på kvelden.
Matias var redd for å ikkje ha kontroll på korleis han ville sjå ut og frykta å bli skuffa over utfallet. Kunne han bli aggressiv av testosteronet? Endre personlegdom? Korleis ville han takle ein ny pubertet med stemmeskifte?
– Eg var redd at eg kom til å miste meg sjølv. Men det blei eit antiklimaks, smiler 31-åringen. Sidan behandlinga starta med lav dose og auka gradvis, merka han nesten ingenting i starten.
Å vere litt «jente» og litt «gut» gjorde også at han fekk det verste frå to verder. Midt i stemmeskiftet, kom også mensen. Akkurat når han trudde at han var ferdig med bind og tampongar.
Bestilte penis i posten
Hormonbehandling er ein langsam prosess, men på lydopptaka blir stemma djupare. Etter halvanna månad starta stemma å sprekke, som om han var forkjølt.
Matias spegla seg mykje, men det var vanskeleg å seie konkret kva som endra seg. Ansiktsforma blei annleis. Kjeven meir framståande. Skuldrene breiare. Hår på stadig nye plassar.
Men sjølvsagt ingen penis.
Bulen i buksa som alle andre menn har, mangla.
– Penisprotese bestiller ein jo på nett og der er det mange variantar, smiler Matias.
Då sunnmøringen fekk si penisprotese av silikon i posten var klassekameratar med og pakka han ut. Matias blei usikker og meinte protesa var stor og klumpete, medan jentene i klassa forsikra han om at penisen såg heilt normal og naturtru ut. Han syntest det var dødsskummelt og flaut å ta han på.
Men korleis skal ein penis festast og kva er riktig høgde i boksershortsen?
Med protesen installert så godt det let seg gjere, følte Matias at alle på gata kunne sjå at han hadde ein unaturleg bul i buksa. Han tvinga seg til å bruke han, sjølv om protesa gnaga og klødde.
Å tisse var heller ikkje lett. Det kravde øving og nokre gongar søla han urin både i boksaren og på buksa.
– Det er mange komiske situasjonar i min prosess som kan kjennest merkeleg ut for andre. På mange måtar er det eit tungt og alvorleg tema, men eg synest det er viktig å ha litt humor opp i det heile, seier Matias.
Så langt har han operert bort brysta etter ein lang vurderingsprosess i helsevesenet. Berre to store arr står att. For han er dei eit magisk bevis på det som har skjedd.
Blir aldri mor
Det luktar kanelbollar og kaffi i stova i Sykkylven. Mamma Anne Rita har rosa garn på strikkepinnane. Det skal bli ein genser til det eine barnebarnet. Det er ei lita sorg for henne at Matias aldri får oppleve å gå gravid sjølv, men ho støttar valet hans fullt ut.
Både ho og Åge veit at avgjerda verken var forhasta eller feil, sidan sonen var så vaksen då han bestemte seg. Dei blei heller ikkje sjokkerte.
– Det kom ikkje som ei kjempeoverrasking. Det var ein del bitar som fall på plass, seier Anne Rita.
For henne var det rart å ringe til yngstebarnet undervegs i hormonbehandlinga og høyre at stemma blei stadig grovare og likare storebror.
Bunadfadesen blir retta opp
Pappa Åge sit i den raude sofaen og hugsar tilbake. Han skjønte tidleg i oppveksten at det var noko spesielt med Matias, men seier det tok ei stund før dei forstod alvoret.
– Det stakk djupare enn vi tenkte, seier Åge.
Han fatta ikkje kvifor «dottera» skulle vere så tverr og nekte bunad i konfirmasjonen, men i ettertid forstår han kva det kosta emosjonelt.
Det er på tide å gi Matias oppreising.
Den svarte bunaden med broderte roser og stakk er selt. For pengane skal Matias få bunaden han har drøymt om. Slik som storebrørne Andreas og Ole Christian har.
På det enorme sybordet ligg måleband, sakser og vadmålsstoff. Rundt om står utstillingsdokker med bunader på. Alle skal bli ferdig til 17. mai. Syerske Marit Klokk jobbar så fort ho kan med Matias sin bunad. Forsiktig lirkar ho på han den raude vesten, som heng saman med hjelp av knappenåler.
Den sit som eit skot og auga til Matias glitrar. Storebror Andreas står stolt ved sidan av. Han kan fortelje at heller ikkje ein herrebunad er behageleg å ha på seg. Det stikk og klør, men Matias gler seg til å bruke den.
– Det kjennest ut som eg gjer noko bra for meg sjølv. For den som stod i jentebunaden, seier Matias.
Han har også funne herrebunadsko i storleik 37, sjølv om han måtte tråle både barneavdelinga og nettbutikkar.
– Livet har falt mykje meir på plass. No er eg Matias og ingen går rundt og tenker på at eg er trans. Eg føler meg heime i meg sjølv, seier 31-åringen, som i dag jobbar som lyddesignar i Filmreaktor i Oslo.
Kan Matias seie at han er mann no med skjegg, herrebunad og ein silikonbul i buksa?
Svaret er at det kanskje aldri var testosteron eller ein penisprotese som gjorde Matias til den mannen han ville vere. Utfordringa var meir korleis han såg på seg sjølv.
Å klare å tillate seg å vere ein mann, utan å måtte passe inn i den sosiale oppfatninga av kva ein mann er.
Identiteten kan nemleg ikkje bestillast i posten.
Lydopptaka til Matias blei til podkasten Penis i posten som du kan høyre i NRK radio.