Tiril Risvik og Marta Aspehaug
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Når fint blir nice

Lærarar over heile landet har oppdaga noko som uroar dei. Men Marta (17) synest det er chill 😎

– Eg synest norsk er eit kleint språk nokre gongar, ler Marta Aspehaug så øyrepynten ristar.

Den baggy kledde 17-åringen har to norske foreldre. Likevel pratar ålesundsjenta engelsk store delar av dagen.

Med venninnene sine.

Som også er norsktalande.

Eller med framande ho treff i sosiale medium. Som også er norske. Ingen av ungdomane stussar på at Marta helst vil snakke engelsk.

Men det finst dei som meiner følgjene blir alvorlege.

Marta Aspehaug på Fagerlia videregående skole

Marta Aspehaug går i 1. klasse på Fagerlia videregående skole. Ho synest det er lettare å uttrykke seg på engelsk enn på norsk i mange samanhengar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er nice

Marta sit bakerst i i klasserommet på Fagerlia videregående skole i Ålesund og diskuterer høglydt i gruppe.

Det er ikkje berre Marta som er påverka av engelsk. No har norsklæraren gitt elevane i oppgåve å diskutere når dei brukar engelsk mest i kvardagen.

Same svar går att i mange grupper.

Dei brukar engelsk når dei spelar dataspel eller «gamer». Og mange småord blir brukt i det daglege.

«Nice, sorry, epic, same, bro, please.»

– Dersom eg dultar borti deg er det altfor alvorleg å seie «orsak». Det er betre å bruke «sorry», seier Paulina Hostacna.

Synest du det er gale at unge blandar så mykje engelsk inn det norske språket?

Huskar ikkje det norske ordet

Det hender også at elevane ikkje kjem på det norske ordet og seier det på engelsk i staden.

Kvar einaste dag høyrer lærar Christian Grindalmen at elevane brukar engelske ord utan å tenke seg om.

– Når dei snakkar om å lage noko, seier dei at dei skal «crafte». Det kan sporast direkte til spelet Minecraft, seier Grindalmen.

Norsklæraren i Ålesund er ikkje åleine om å sjå det om skjer. På ei Facebookgruppe for lærarar er det mange som opplever det same.

Jørg Arne Jørgensen:Det har blitt merkbart verre siste årene. Jeg hører til stadighet elever spørre om helt vanlige norske ord når de skriver, "hva heter basically på norsk" f.eks. Og engelske uttrykk direkte oversatt, engelsk ordstilling og preposisjonsbruk florerer
Sirin Lydersen:Hen: (forteller om noe som skjedde i en episode av et program)
...og så trodde hun at mannen hadde... *tenkepause* juksa (?) på henne.
(He was cheating on her)
Martha Synnøve Håkonsen:"Skuledagen var slutt og vi alle gikk heim". "Vi alle går og håper på at pandemien snart er over"
Kenneth Skarås:Har flere elever på 8. trinn som heller prater engelsk til hverandre enn norsk fordi " de foretrekker det".

Men det har skjedd noko anna også. Noko som ikkje kan høyrast, men som lærarane ser svart på kvitt.

Lærar Christian Grindalmen saman med elevar ved Fagerlia videregående skole

Lærar Christian Grindalmen høyrer engelske ord i klasserommet kvar dag. I det skriftlege ser han dårleg konstruerte setningar som hadde fungert betre på engelsk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den nye jenta på skulen

For Marta starta det då ho las si første engelsk bok på hyttetur i 6. klasse. Den var så fengande at ho las heile serien. Så gjekk ho over til tjukke engelske bøker frå biblioteket.

– Eg kunne lese ei bok på tusen sider på tre dagar, seier Marta.

Engelsken blei tatt til eit nytt nivå tre år seinare då russiske Elizaveta M. Arpiulyeva flytta til Ålesund. Elizaveta og Marta blei kjende i eit friminutt på skulen. Det var full klaff med det same. Dei starta praten på norsk, men heldt fram samtalane på engelsk same kveld. Sjølv om Elizaveta snakkar flytande norsk og har budd i landet sidan ho var seks år.

Etter kvart blei det naturleg å prate engelsk med norske venninner også.

Og engelsken kraup inn i dei norske setningane ho skreiv.

– Plutseleg hadde eg engelske fraser som eg omsette. Dei gav ikkje meining på norsk, seier Marta.

Marta Aspehaug

Marta Aspehaug huskar då ho hadde med seg norsk-engelsk ordbok til norsktentamen. Ho var redd for å ikkje huske det norske ordet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Engelsk ordbok på norsktentamen

På ungdomsskulen var ho så språkforvirra at ho hadde med seg norsk-engelsk ordliste på norsktentamen.

I hovudet har ho så mange engelske ord. Ordlista hjelpte henne å finne dei norske alternativa.

– Eg klarer å uttrykke meg betre på engelsk. Det er så mange fleire ord å bruke og nyansane kjem betre fram, seier Marta.

«Defenestrate» - det er hennar nye favorittord. Det betyr å kaste nokon ut av vindauget.

17-åringen er fascinert over at det finst eit eige uttrykk for det. Kanskje får ho ein gong bruk for det i ei engelsk innlevering. Hittil har ikkje anledninga bydd seg.

– Snikpåverknad

Mange norsklærarar ser at ungdomane brukar så mykje engelsk at det påverkar den norske grammatikken, og enkelte er bekymra.

Anniken Greve Kindt:Jeg jobber med barn på 9 år, 4 trinn. De snakker nesten mer engelsk enn norsk noen dager, jeg må ofte be de snakke norsk i timen! Jeg hører også at ved noen anledninger bytter de ordstillingen i setninger, til mer "engelsk" måte. Som lærer er jeg innimellom litt bekymret over denne utviklingen hos barn....
Merete Haga Helle:Jeg erfarer at det forekommer såååå mye engelsk i norsken til elevene at det skader karakterene de får i norsk
Julie Reinholdsen:Det tydeligste de siste åra er at jeg ser flere og flere elever som skriver: I min mening, som er en direkte oversettelse av In my opinion. Dette gjelder både sterke og svake lesere.

Anette Lunheim er fagutviklar i norsk på skulen til Marta. Ho jobbar både som norsklærar og engelsklærar og kan fort identifisere kva som er problemet.

Engelske fraser blir oversett til norsk. Som til dømes: «Når det kjem til» …( frå engelske «when it comes to») eller «i konklusjon» (frå engelske «in conclusion»)

Og komma er på feil plass etter norske reglar.

Snikpåverknad, kallar ho det.

Ho har også lagt merke til at fleire norsktalande elevar ved skulen pratar engelsk i friminutta.

– Det er utruleg fascinerande. Det er ikkje elevar som nødvendigvis identifiserer seg med England eller USA. Engelsk blir hjartespråket deira, seier Lunheim.

Anette Lunheim

Anette Lunheim er fagutviklar i norsk på Fagerlia videregående skole. Ho ser at mange elevar brukar engelske frasar i norske tekstar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Urovekkande

Utviklinga vekker bekymring. Ein av dei som ikkje likar det er Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Det er urovekkande. Det at engelsk pressar seg inn på fleire og fleire område i det norske samfunnet er vi kritiske til, seier Hauge.

I den nye språklova er det vedteke at det norske språket skal styrkast på alle samfunnsområde. Hauge meiner at ein må jobbe politisk for å få meir norsk på digitale flater, slik som dataspel.

Han fryktar at all den engelske påverknaden går utover nasjonalspråket norsk.

– Det er vel og bra å vere fleirspråkleg, men altfor mange norske elevar går ut av skulen utan å kunne lese og skrive norsk skikkeleg, seier Hauge.

 Peder Lofnes Hauge

Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag. Han er uroa over det norske språket og meiner at det bør utviklast dataspel på norsk.

Foto: Elise Årdal

Språkforskaren som sjølv gløymer orda

Språkforskar Anne Dahl ved NTNU brukar så mykje engelsk sjølv at ho kjenner seg godt att i ungdomane som ikkje kjem på dei norske orda.

Ho opplever at ein del av dei som brukar mykje engelsk, også kan tenke på engelsk.

– Dei som driv med til dømes dataspeling brukar mykje engelsk på fritida og då kan det fort hende at dei tenker mykje engelsk, seier Dahl.

Ho trur også at mange ikkje er bevisste på kva som eigentleg er norsk og engelsk.

– Det er jo eit skille ein berre har bestemt. Vi har jo låneord som vi reknar som utmerka norsk. Og dei nyare oppfattar vi kanskje framleis som engelsk. Kanskje ikkje all ungdom har ein klar ide over kva som er kva, seier Dahl.

Anne Dahl, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU

Anne Dahl er førsteamanuensis ved NTNU. Ho trur mange unge ikkje er så bevisste på kva ord som er engelske.

Foto: ntnu

Ho er ikkje bekymra for at det norske språket skal forsvinne, sjølv om ein må rekne med at språket vil endre seg.

Derimot meiner ho at ungdomar som Marta kan ha ein stor fordel vidare i livet. Mykje av undervisninga i høgare utdanning skjer på engelsk og då er det lettare å henge med for dei som har blitt eksponert for språket.

Marta Aspehaug med gitar og Elizaveta M. Arpiuyeva

Marta drøymer om å bli musikar, medan Elizaveta vil bli skodespelar. Begge trur dei får nytte av å vere gode i engelsk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Artisten og skodespelaren

– I`m your biggest fan.

– I know. Haha

Skulen er slutt. Marta og venninna Elizaveta sit ute på verandaen. Marta med gitar og ein heimesnikra låt. På engelsk, sjølvsagt.

«Someone told me when it rains the clouds are crying. Someone tell me is it lonely where they`re flying»

Framføringa haustar einsam applaus i den kalde vårlufta.

Marta går på musikklinja og skriv alle låtane sine på engelsk.

Elizaveta går dramalinja og drøymer om å bli skodespelar. Marta vil bli musikar.

Og sjølvsagt skal ho studere i eit engelsktalande land.

I lang tid har ho fundert på korleis ho skal gjere det når ho sjølv blir mor ein gong.

– Det er eit ork å lære engelsk frå scratch, så når eg får barn skal eg prate både norsk og engelsk slik at dei kan lære begge deler, seier Marta.

På Marta sine norskinnleveringar finn lærar Christian Grindalmen ikkje så ofte spor etter engelsken hennar. Ho har blitt mykje meir bevisst på kva som er godt norsk.

I framtida treng kanskje ikkje norske elevar å halde tunga så beint i munnen? Marta trur det norske språket kjem til å forsvinne ein gong.

– Då blir det lettare å kommunisere med andre land. Det blir kanskje litt trist, men eg trur ikkje eg lever når det skjer, seier Marta.

Time will show...

Venninnene Marta Aspehaug og Elizaveta M. Arpiuyeva snakkar helst engelsk saman

Marta Aspehaug snakkar helst engelsk med venninna Elizaveta M. Arpiulyeva sjølv om ho pratar flytande norsk. Ho flytta til Noreg som seksåring.