Hildre Montessoriskule
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bergar bygdene med friskule

I heile landet blir skular lagt ned for at kommunen skal spare pengar, men bygdefolket svarer med å starte private skular. Enden på visa er at kommunen kan sitte att som svarteper økonomisk.

– I starten var det litt rart at vi kunne sitte på golvet i timane i staden for på stolar, seier Sandra Sårheim Gamlemshaug og mimrar tilbake til den første tida med montessoriskule. Ho sit på kne og vaskar bokhyllene saman med fleire klassekameratar, i ein siste innspurt før sommarferien.

I fleire år kjempa foreldre med nebb og klør for å behalde Hildre skule i Haram på Sunnmøre. Underskriftskampanjar og brev førte ikkje fram. I 2009 avgjorde politikarane, med ordføraren si dobbelstemme, at Hildre skule skulle leggast ned. Også Grytestranda skule, 2 mil unna, leid same skjebne. Kommunen hadde bygd nye barneskular to andre stader i kommunen, og planen var å skysse elevane frå dei nedlagde skulane dit.

Men foreldra på begge stadene nekta å finne seg i at bygdene vart utan skule. Dei starta prosessen for å etablere friskular og lokalpolitikarane gav velsigninga dei trong for at søknadane skulle bli godkjende.

Hildre montessoriskule

Då Hildre skule vart nedlagt for at kommunen skulle spare pengar, starta bygda friskule. Skulen har i dag 52 elevar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Smått er godt

Rektor Erin Hildre meiner kampen mot nedlegging har gjort foreldra meir engasjerte i skulen. Foreldremøta er alltid fulle og skulen står i sentrum for fleire aktivitetar enn før i bygda.

– Når det gjeld barn kan ikkje politikarane rekne på tal og pengar. Dei er individ med rettar. Den norske bygdeskulen er veldig bra. Smått er faktisk godt endå, seier Hildre.

I det store rommet der Sandra vaskar bokhylla, er det 27 barn frå 5.–7. klasse. Alle snakkar med låg stemme. Fleire stader står det grøne plantar og på veggane heng fargerike plakatar. Frå taket heng ei stor lerkegrein. Filosofien til skulen er at det skal vere heimekoseleg her. Då tar elevane større ansvar for miljøet rundt seg.

– Det var spådd at skulen kom til å ha færre enn 40 elevar. No er vi 52, seier rektoren.

Fleire familiar i bygda har valt å sende barna sine på skule til kommunesenteret Brattvåg, men Hildre opplever også at det går motsett veg. Folk frå andre bygder ynskjer at barna deira skal gå på montessoriskulen på Hildre.

Eg opplever at kommunen vert trekt økonomisk i så stor grad at det går ut over ressursane til dei kommunale skulane.

Rådmann Turid Hanken
Hildre Montessoriskule

Sandra Sårheim Gamlemshaug og dei andre klassevenninnene har fått i oppgåve å tørke støv og vaske.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kommunen taper pengar

Rådmann i Haram, Turid Hanken, veit at det hjelp lite å vere etterpåklok, men kommunen taper millionar av kroner kvart år på dei to friskulane. Politikarane la ned skulane for å effektivisere drifta, men vart i staden sitjande med tap.

– Vi hadde bygd nye skular, som vi ikkje får utnytta kapasiteten til. I tillegg blir vi trekt ni millionar i rammetilskot fordi vi har ca. 100 elevar i private skular, seier Hanken. Det er kommunen som har ansvaret for spesialundervisninga, skulehelsetenesta og skyss til friskulane.

– Eg opplever at kommunen vert trekt økonomisk i så stor grad at det går ut over ressursane til dei kommunale skulane, seier rådmannen. Ho understrekar at det er fint at kommunen kan tilby ei alternativ pedagogisk retning for dei som ynskjer det, men når slike friskular vert godkjent der det er opplagt at dette først og fremst handlar om å oppretthalde grendeskular, meiner ho det bør stillast spørsmålsteikn.

Hanken meiner det er eit paradoks at kommunane stadig vert pålagt å rasjonalisere drifta. Når dei så legg ned skular for å auke storleiken på klassene, gir staten bygda løyve til å starte friskule.

– Den effektiviseringsgevinsten som vi har, blir spist opp i andre enden når staten tillèt oppstart av så mange privatskular, seier Hanken.

Dersom ho skal gi råd til andre kommunar som er i ein nedleggingsprosess, må det vere at politikarane må tenkje over om dei skal legge til rette for private alternativ og på kva vilkår.

Erin Hildre

Rektor Erin Hildre meiner at skulen er hjarte i bygdesamfunna. Ho er glad for at elevane på Hildre har ein skule der dei bur.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
Friskoler Norge

Søker der skulen blir lagt ned

Dei siste 10 åra har det i gjennomsnitt blitt lagt ned 59 skular og oppretta 22 skular årleg, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. På fem år har det kome rundt 30 nye montessoriskular.

– Vi ser ein tendens til at det blir søkt om å opprette montessoriskular i kommunar der den lokale skulen anten er lagt ned eller er planlagt nedlagt, seier Einar Plahter, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet.

Dei ser alltid på om det er behov for ein friskuleskule når dei behandlar søknadane. At den lokale skulen vert lagt ned, er ikkje god nok grunn i seg sjølv. I tillegg til at friskulen må oppfylle ulike krav, vert også søknaden sendt på høyring til kommunen.

– Vi gjer ei avveing der omsynet til ny friskule må vegast opp mot omsynet til dei offentlege skulane og drifta av desse i kommunen, seier Plahter.

Statssekretær Birgitte Jordahl i Kunnskapsdepartementet seier at nye friskular ikkje skal godkjennast dersom dette vil føre til negative konsekvensar for vertskommunen.

– Samstundes er det ikkje slik at kommunane har ein vetorett. Det avgjerande er kor godt kommunane i kvar einskild sak klarer å sannsynleggjere at ei etablering vil ha negative konsekvensar for den offentlege skulestrukturen, seier Jordahl.

Ho seier at regjeringa er opptatt av å sikre den einskilde sin rett til å velje alternativ til offentlege skular.

Vi plar seier at det blir ikkje jul før vi er ferdig med ei runde med skulenedlegging. Først då kan vi starte med juleførebuingar

Ragnhild Stette

Julestemning av å berge skulen

På ein benk utanfor Stette skule i Skodje kommune er ein foreldregjeng samla, slik dei har hatt for vane dei siste åra. Mafiaen, kallar dei seg på spøk. Dei har brukt hundrevis av timar for å kjempe mot skulenedlegging. Bygda Stette ligg idyllisk til ved fjorden, tre mil unna Ålesund. Nærleiken til byen gjer at mange småbarnsfamiliar vel å busette seg på Stette. Sjølv om bygda er i vekst, har saka om nedlegging av Stette skule kome opp i kommunestyret på tampen av året om att og om att.

– Vi plar seier at det blir ikkje jul før vi er ferdig med ei runde med skulenedlegging. Først då kan vi starte med juleførebuingar, ler Ragnhild Stette sarkastisk. Då ho flytta tilbake til heimbygda i 1996, var det fordi ho ynskte at barna skulle vekse opp på Stette og gå på skule der. Det gjekk ikkje lang tid før ho fekk erfaring med nedleggingsspøkelset som hang over skulen.

– Eg har ligge vaken mange netter og tenkt på at vi flytta hit, og så blir det ikkje skule her likevel, seier Ragnhild. Sjølv sit ho i kommunestyret og har kjempa bygda si sak.

Foreldre ved Stette skule

Ragnhild Stette, Linda Stavset , Siv Torheim og Vivian Opdøl har lagt ned timesvis med arbeid for Stette skule. No er det dugnadsarbeid inne som står på programmet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Orkar ikkje meir kamp

I desember 2014 var tolmodet til Stette-mafiaen slutt. Halve bygda var samla på budsjettetmøtet til kommunestyret og denne gongen var dei sikre på at skulen kom til å bli lagt ned. Sjokket var stort då skulen nok ein gang vart berga.

– Vi bestemte oss for at no er det nok. Vi orka ikkje fleire kampar. Det kostar mykje tid, krefter og sinne, seier Siv Torheim. Bygdefolket starta prosessen for å gjere Stette skule om til montessoriskule og når skulen opnar att i august, er det ikkje kommunen som er eigar. Kommunestyret vedtok å legge ned skulen, og denne gongen var det ingen hissige foreldre i salen.

Dag Olav Tennfjord

Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord, meiner kommunen sparer pengar på nedlegginga av Stette skule.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord (H), er sikker på at kommunen sparar pengar på nedlegginga.

– Skodje er ein låginntektskommune med ein pressa økonomi. Det er vanskeleg å få god utnytting av klassene på ein liten barneskule. Difor har skulen på Stette blitt dyr å drive for oss, seier Tennfjord. Det finst også ein kristen friskule i kommunen.

Ordføraren meiner at kommunen kjem til å spare betydelege beløp på nedlegginga av Stette skule, som dei kan bruke til andre førmål i skulesektoren.

Siv Torheim forstår ikkje reknestykket til kommunen, men vil ikkje legge seg bort i det. No veit bygda at dei har skule, så får det vere kommunen sitt problem at det ikkje løner seg med ein friskule på sikt.

– Samfunnsøkonomisk er det ingenting å spare på å legge ned skulen, seier Torheim.

Hildre Montessoriskule

Sondre Alvestad Aarnes lærer gangetabellen på eit teppe.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det finst alltid ein ny kamp

Det er sol og blå himmel, men som alltid bles det på Hildre i Haram. Vinden har ikkje heilt stilna frå foreldra heller. Dei søkte om å få drive ungdomsskule i same bygg, slik at elevane som ynskjer å halde fram med montessoriundervisninga, kan velje det. Utdanningsdirektoratet godkjende søknaden, men kommunen klaga fordi dei kjem til å tape pengar på at inntil 70 elevar kan forsvinne frå kommunale ungdomsskulane. Klagen førte ikkje fram og dermed får Hildre utvide tilbodet sitt frå hausten.

– Samfunnet er i utvikling, der ein treng eit mangfald av ulike pedagogiske retningar, seier rektor Erin Hildre. Ho innrømmer at det som starta som ein kamp for å berge bygdeskulen for nokre år sidan, no har blitt ein kamp for valfridomen. Ikkje alle elevar passar inn i den offentlege skulen, og Hildre montessoriskule vil vere eit alternativ for dei.

På golvet på skulen sit Sondre Alvestad Aarnes djupt konsentrert og jobbar med gongetabellen på eit teppe delt inn i ruter. I ein haug ligg kort med tal på, som 7-åringen legg systematisk inn i rutene.

På det andre klasserommet har Sandra Sårheim Gamlemshaug vaska ferdig bokhylla og har starta å rydde i papira sine. Ho er snart ferdig på montessoriskulen. I august skal ho starte i 8. klasse på ein kommunal ungdomsskule. Då må ho venne seg til å sitte ved ein pult att, for i den offentlege skulen er golvet lite brukt.

– Eg har gledd meg lenge til å starte på ungdomsskulen og bli kjent med nye folk, men eg gruar meg litt til alle leksene, smiler Sandra.