Tøybleier og baby

Eit norsk barn brukar mellom 5- og 6000 eingongsbleier i løpet av dei første leveåra.

Foto: Maria Nikkinen Rørstad

Kutta forbruket med 5000 bleier

Maria hadde dårleg samvit av søppelhaugen med brukte papirbleiar. Så blei ho heilfrelst på tøybleier, og reduserte forbruket til 24.

Vesle Eskild ligg på ryggen, viftar med føtene og gurglar medan han studere ein fargerik pose på knaggen ved stellebordet. Mor Maria tømmer bæsjen frå bleia ned i toalettet og plasserer den brukte tøybleia i posen på knaggen. «Svitsj», der lukkar ho igjen glidelåsen på vaskeposen. Ingen lukt, ingen lekkasje å spore. Når vaskeposen blir full av bleier, løfter ho posen inn i vaskemaskinen, vrenger ut bleiene og vaskar dei på 60 grader. Deretter må dei til tørk på snora. Vaskeposen hamnar på knaggen igjen, klar for ei ny lading med brukte bleier.

– Eg kan ikkje fatt og begripe at Eskild måtte bli nesten eit halvt år før eg oppdaga at det finst noko så genialt som tøybleier. I staden for 5000 eingongsbleier, baserer vi oss no på 24 tøybleier, seier Maria Nikkinen Rørstad.

Maria Nikkinen Rørstad med Eskild

Maria Nikkinen Rørstad er strålande fornøgd etter at ho gjekk over til tøybleier for vesle Eskild.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Verken bæsj, bakteriar eller lukt er noko problem, meiner ho, og viser fram eit tynt, tynt papir av ris. Det blir brukt til innlegg i bleia for å fange opp bæsjen. Når bleia skal skiftast, kastar ho bæsjen i do, og rispapiret i søppelbøtta.

Maria snuser i lufta på badet, og slår fast at det er luktfritt.

Blanda kjensler ved bleieskift

Sambuar Torbjørn blei ikkje like kjapt frelst på tøybleier som Maria. Den nybakte mora brukte frå før beresjal for sonen, og Torbjørn syntest det tenderte til hippi-tilstandar i heimen då ho lanserte tøybleier også. No kan dei ikkje tenke seg noko anna.

Medan Maria finn fram ein ny bleie for Eskild, vaskar stumpen og festar ein rein, fargerik bleie med leopardmønster på guten, fortel 28 åringen at bleieskift tidlegare gav blanda kjensler. Som dei fleste nybakte foreldre, starta også dei med eingongsbleier.

– Eg fekk vondt i magen og dårleg samvit kvar gong eg måtte presse nok ein full søppelpose med bleieavfall i bossdunken. Lenge før reinhaldsverket rakk å hente den, var dunken alltid fullstappa, sukkar ho.

I Noreg er det til ei kvar tid rundt 180.000 bleiebarn, og barna er storforbrukarar av eingongsbleier. Kvart av dei brukar 5 – 6000 bleier i løpet av bleieperioden, viser forbrukarstatistikk. Til saman gir dette om lag 60.000 tonn avfall årleg.

Maria Nikkinen Rørstad ved søppeldunken

Maria fekk mageverk kvar gong ho skulle presse posen med brukte papirbleier ned i den overfylte søppeldunken.

Foto: Privat

Frå bleiestress til senka skuldrer

Det var på Facebook Maria først oppdaga alternativet til eingongsbleiar. Der fann ho eit heilt tøybleiesamfunn, med tips, kjøp og sal, meiningsytringar og faktainformasjon. Det var midt i blinken for ei som gjerne ville sleppe søppelberg av brukte bleier.

Den vesle familien på tre bur i Sjåstaddalen i Ørsta, langt frå butikkar og kjøpesenter. Som nybakt mor følte ho at eingongsbleiar gav stress i kvardagen på fleire vis.

– Bleier stod alltid på handlelista. Vi var alltid redd for å gå tom. No slepp vi heile maset, og har alltid bleier tilgjengeleg, seier Maria.

Ein tøybleie av det billigaste slaget kostar rundt 50 kroner, dei mest eksklusive kjem opp i eit par hundre.

– Vi har kjøpt 24 bleier på bruktmarkedet og har lagt ut vel 1200 kroner, fortel Maria.

Eskild får på strømpebukse og ulltrøye, og det er tid for kos i armane til mamma. Ikkje lenge etter er han i sin søtaste søvn.

Tøybleie-veteranen

I Ørsta sentrum bur ei anna mor Maria har blitt kjent med, og som har vore til god hjelp og oppmuntring i prosessen med overgangen til tøybleier.

Alva Sivertsen Moe er trebarnsmor og veteran på tøybleiefronten. Ho er sjukepleiar, men ute i morspermisjon. Når Maria og Eskild kjem på besøk, blir det full fart i stova med ivrige, dansande småtassar og bleiesnakk.

Også Alva og ektefelle John Kristian starta med eingongsbleier då førstefødde Vilma kom til verda for fire år sidan. Etter tre månader fekk dei nok av alt avfallet, og har sidan berre brukt tøybleier. Alva synest det har gått veldig greitt. Ho erfarer at det ikkje er så masse ekstraarbeid som ho meiner produsentane av eingongsbleiar forfektar.

– Tek ein bleievask i lag med anna vask som handdukar og sengetøy, går det av seg sjølv. Dessutan sparer vi tid fordi vi heile tida slepp å springe ut og inn til bossdunken med brukte bleier, seier ho frå godstolen, der ho sit og ammar Tomine.

Veslejenta er fem månader, og har på ein stripa, fargerik bleie ho arva etter broren Elias på to. I si tid arva han bleia etter storesøster Vilma.

Familien har rundt 40 tøybleier i hus fordi dei til tider har hatt to bleiebarn samtidig. For eitt barn, held det oftast med 24. Alva meiner tøybleier er meir komfortabelt enn dei vanlege bleiene.

Ingen av våre tre har hatt sår stump eller utslett i bleieperioden. Passforma er sjølvsagt viktig, og ein må prøve seg fram til beste typen for sitt barn. Sjølv har eg forresten enno til gode at barna blir gjennomvåte eller utbæsja til langt opp på ryggen, seier ho.

Tøybleiemødre med barna

Dei to familiane i Ørsta eit forbruk på rundt 65 bleier til saman. Maria og Alva kan ikkje tenkje seg å gå tilbake til eingongsbleier.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Mange meiner at barna deira blir tidlegare tørre fordi dei brukar tøybleier. Barnet forstår fort at bleia blir våt når det tissar, og det gir motivasjon hos både barnet og foreldra til å slutte med bleie tidlegare enn vanleg.

– Dei to eldste barna våre var tørre ved toårsalderen. Eg har kjenningar som brukar papirbleier på barna til dei er både tre og fire år, fordi slike bleier syg opp tisset så godt at den kjennest tørr ut. Dermed får ikkje barnet same behovet for å kutte ut bleia, meiner Alva.

Mange mytar om tøybleier

Gammaldags, tidkrevjande, umoderne, sært og bakstreversk. Haldningane til tøybleier er mange, og dei to mødrene har begge fått kommentarar frå andre foreldre som synest det er merkeleg at dei kan bruke slikt på borna. Men det meste er mangel på informasjon og mytar, meiner dei to. Dagens tøybleier er fikse, trendy og langt enklare i bruk enn på bestemors tid. Bleiene er definitivt ikkje kva dei eingong var.

– Det er ikkje snakk om firkanta tøystykke, gassremser, nåler og plastikk rundt det heile, slik det ein gong var. Bleiene er alt- i – eitt-bleier, akkurat som papirbleiane. Dei finst i mange ulike modellar med borrelås eller trykk-knappsystem til lukking. Fellesnemnaren er at dei held fukt ute, og er enkle i bruk, seier dei to entusiastane.

Opne tøybleier

Dagens tøybleier har form som eingongsbleier, men har innlegg av bomull, bambus eller hamp.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Verken bæsj, bakteriar eller lukt er noko problem, meiner dei, og viser fram tynne, tynne stykke ris- og bambuspapir som blir brukt oppå bomullsinnlegget i bleia. Papirflaket fangar opp bæsjen, og når bleia skal skiftast, går avføringa i do, og papiret i søppelbøtta. Bleiene kan vrengast ut av våtposen inne i vaskemaskinen utan at ein kjem borti bleiene. Enklare kan det ikkje bli, meiner dei.

Våtposar til tøybleier

Våtposar til bruk for brukte bleier.

Foto: Maria Nikkinen Rørstad

Fotspora etter oss

Også for familien Sivertsen Moe var omsynet til miljøet ei viktig rolle for bleievalet. Dei er opptekne av gjenbruk, og tek avstand frå bruk- og- kast mentaliteten dei meiner pregar samfunnet vårt. Tanken på dei som kjem etter oss er ein viktig del av motivasjonen for å bruke tøybleier.

– Det er viktig å redusere fotspora vi etterlet oss, og vi kan ikkje halde fram med å produsere så masse søppel. 20 prosent av jordas befolkning brukar 80 prosent av ressursane. Skal det fungere for barna og barnebarna våre, må vi stanse og tenke oss om.

Alva legg til at tøybleier har gjort henne meir miljøengasjert på andre måtar også. Før bruke ho langt fleire eingongsprodukt, som våtserviettar. No vel ho tøyklutar i staden. Alva vil ikkje virke moraliserande overfor dei mange som brukar eingongsbleier.

– Alle må sjølvsagt ta val som passar for dei. Men det er verd eit forsøk og eg trur mange vil bli overraska over kor greitt det går, seier ho.

Tomine er mett og nøgd, og får sprelle på eit koseteppe på golvet. Vilma sit i sofaen og fordjupar seg i ei bok om kroppen. Elias leikar med togsettet sitt og vesle Eskild har nok med å nappe i mammas hår. Slik gir ein hektiske kvardag også mange gylne stunder.

Gjenbruk og samleobjekt

Som svært mange andre tøybleietilhengarar, har også Alva og Maria kjøpt mesteparten av bleiene på nettet, også frå utlandet. I USA, Canada, England, Polen og Finland er bruk av tøybleier mykje meir utbreidd enn her i landet. Forklaringa kan vere langt høgare prisar på eingongsbleier i utlandet.

Bruktmarknaden er også stor. I USA herjar reine samlefeberen på tøybleier. Dei mest hekta samlarane vil sikre seg komplette samlingar av dei ulike modellane. På eBay går dei mest ettertrakta for både 500 dollar og meir!

– Alle våre bleier er kjøpt brukte for knappe 1000 kroner, mange av dei via Facebook. Vi prøver oss litt fram med alt frå billige importbleiar frå Kina, til dei meir solide og litt dyrare norskproduserte. Erfaringa er at det løner seg å gå litt opp i pris, seier Maria.

– Nei, takk!

Gunn Berge

Gunn Berge kan ikkje tenkje seg å bytte ut papirbleier med tøybleier.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Medan dei to familiane i Ørsta er hekta på tøybleier, er slike typer bleier slett ikkje aktuelt for mange andre.

Gunn Berge er småbarnmor i Ålesund, og seier nei takk til tøybleier. Ho har aldri tenkt over at tøybleier kunne vere noko alternativ.

– Skulle eg bruke slike, måtte det vere fordi eingongsbleier ikkje var oppfunne! Det virkar til å vere mykje meir arbeidskrevjande med tøybleier, sjølv om det prismessig kan virke ok. Det avgjerande for meg er meirarbeidet med all vasking, seier Gunn.

Heller ikkje for Anna Lena Gjøsund er tøybleier aktuelle. Ho synes det virkar tungvindt, særleg viss ein har fleire bleiebarn samtidig.

– Det hadde vore ein fordel om dei selde tøybleier i vanlege daglegvarebutikkar. Men å gå på spesialbutikkar, blir ikkje prioritert. Eg skal ikkje avvise heilt at tøybleier kunne vore noko for framtida, men slik det er no, tenkjer eg ikkje på det i det heile tatt, seier Anna Lena.

Anna Lena Gjøsund

Anna Lena Gjøsund meiner tøybleier virkar tungvindt i bruk.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Ingen statistikk

Ingen har full oversikt over kor mykje tøybleier det blir handla for via nettet. Folk bestiller privat, og det finst ingen statistikk, ei heller hos hovudorganisasjonen Virke.

Organisasjonen representerer over 20.000 bedrifter, og ser at fleire og fleire forbrukarar er opptekne av at produkta dei brukar er miljøvenlege.

– Undersøkingar vi har gjort, viser at stadig fleire vil ha produkt som held lenge og er gode for miljøet. I 2012 svarte 49 prosent ja til dette, i fjor svarte heile 65 prosent at dei ønskte dette. Bedriftene registrerer også at det er kundane som driv utviklinga her, ved at dei spør etter miljøvennlege produkt og tenester, seier miljøansvarleg i Virke, Camilla Skjeldbæk Gramstad.

Eit titals norske kommunar har tilskotsordningar for dei som vil bruke tøybleier. Tilskota varierer frå 400 til 1000 kroner for bleiekjøp per barn. Dei to Ørsta-mødrene meiner langt fleire kommunar bør stimulere til bruk av tøybleier gjennom slike ordningar.

Tvitydige klimarekneskap

Camilla Skjelsbæk Gramstad

Næringsorganisasjonen Virke erfarer at stadig fleire forbrukarar er opptekne av miljøvenlege produkt, seier miljøansvarleg Camilla Skjelsbæk Gramstad.

Foto: Virke

Fleire nasjonale og internasjonale klimagranskingar viser at det ikkje er så mykje å spare på tøybleier contra eingongsbleier av papir. Granskingane viser at dersom ein tek med utslepp av vaskemiddel og straumforbruket, gir det miljøbelasting. Eingongsbleier er ikkje resirkulerbare, men dei kan nyttast vidare til forbrenning, fjernvarme og biovarme.

På heimesida til organisasjonen Framtiden i våre hender viser dei til ei britisk gransking frå 2009 som seier at miljøforskjellen på bruk av eingongsbleier og tøybleier summa-summarum ikkje er så stor.

Men tøybleiebrukarane ta smarte val som reduserer belastinga på miljøet. Då er måten ein vaskar og tørkar bleiene på avgjerande. Viss ein legg til grunn at dei som vel tøybleier i utgangspunktet også er miljøbevisste, tyder mykje på at tøybleier er eit betre miljøval enn eingongsbleier, konkluderer den norske miljøorganisasjonen.

Bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Trondheim, Mari Bremnes Ese, stiller seg tvilande til at dei ulike klimarekneskapar har tatt med alle aspekt i anslaga sine. – Det ser ut til at fleire konkluderer negativt, men då har dei gått ut frå at bleiene blir kokt ved 90 grader, og ikkje vaska ved 60 grader. Tørketrommelbruk er også gjennomgåande i undersøkingane, seier Bremnes Ese.

Vel så viktig for MGD er at bruk av tøybleier også har ein psykologisk effekt.

– Tøybleier kan føre til endå større bevisstgjering og endre både haldning og åtferd. Då kan dette bli ein del av det grøne skiftet, meiner Mari Bremnes Ese. Ho har sjølv brukt tøybleier på sine barn.

Mari Bremnes Ese

Mari Bremnes Ese er kommunepolitikar i Trondheim.

Foto: Privat

For eingongsbleier er Libero marknadsleiar i Noreg, med rundt 40 prosent av marknaden.
– Vi synest det er bra at det fins alternativ til eingongsbleier. På den måten kan kvar foreldre velje den type bleie som passar til sitt barn og sin situasjon. Ingenting tyder på nokon store endringar i salsutviklinga som kan koplast mot bruk av tøybleier, seier Kathrine Hoel, kommunikasjonssjef i produksjons-og marknadsføringsselskapet Sca Hygiene Products .

Trend eller ikkje trend?

Peikar så pila i retning av at tøybleier er ein trend som vil halde fram å vekse her i landet? Forhandlarar i Noreg meiner ja, medan forskarar og andre ikkje er like sikre.

– Tøybleier har absolutt blitt ein trend blant småbarnsforeldre. Vi ser at stadig fleire og fleire heiar på det grøne, og har eit bevisst forhold til miljøet, seier Heidi Somdal-Åmodt.

Hannah-Matthia Mørk Siguråst i Modalen starta Facebook-gruppa «Tøybleiesnakk» for nær tre år sidan, og er ikkje i tvil om at tøybleier er ein klar trend.

– Vi fangar langt ifrå opp alle som brukar tøybleier, men no er vi over 1200 medlemmer frå heile landet. Mange av Fb-venene har sjølvsagt fleire bleiebarn. Ingen veit kor mange brukarar der finst, men gruppa vår aukar nesten frå dag til dag, og det gir ein peikepinn om at stadig fleire er opne for dette, meiner Mørk Siguråst.

Sjølv er ho åleinemor med tvillingar og har berre brukt tøybleier. – Kvardagen min hadde vore heilt annleis om eg skulle springe på butikken etter bleier heile tida. For ikkje å snakke om haugen med avfall, seier ho.

Førstelektor Karl-Fredrik Tangen ved Høgskolen Kristiania, tidlegare Markedshøgskolen, er opptatt av kva som skaper trendar og endringar i samfunnet. Når han finn fram glaskula og spår om framtida for tøybleier, finn han konklusjonen.

– Tøybleier blir ingen skikkeleg trend ut frå miljøargumentet åleine. For det første må det vere praktisk å bruke tøybleier, og så må det følgjast av argument om at dette er bra for barnet. Prove at det ikkje blir sår og greier på stumpen. Det nyttar altså ikkje med miljøargument og små symbolske handlingar åleine, seier han.

Tangen ser likevel ikkje heilt vekk frå at tøybleier kan kome til å avløyse eingongsbleier i framtida, men då må det også lovendringar til. Blir det fordelar ved slik bruk, slik det etter kvart har blitt med elbilar, kan bruken kome. Førebels meiner han tøybleier har preg av å vere meir nisjeprodukt for forholdsvis få.