Jelena Aurora Mensah
Foto: Privat

Ikkje berre kjærasten til Severin

Ho vil vise ei anna side av livet på ein veglaus gard. I ein ny sesong av Severin på Røneset får kjærasten Jelena Aurora Mensah vist at ho både kan skyte og skape heimekos.

– Eg har alltid vore interessert i å greie meg i naturen over lengre tid og under alle forhold, seier Jelena.

Det kjem godt med for kvinna som har funne kjærleiken på eit forblåst nes i Storfjorden på Sunnmøre. Torsdag kveld går ein ny sesong av serien om Severin på Røneset på lufta på NRK1. Serien har samla tusenvis av nordmenn som følgjer det sakte livet på Røneset gjennom to sesongar. Og mange av sjåarane har vore spente på om Jelena framleis er på plass.

– Det er klart det er ein overgang frå eit anonymt liv, men det har vore fint. Så langt har tilbakemeldingane berre vore positive. Men om nokon kjenner meg igjen er det som regel som kjærasten til Severin, seier ho lattermild.

Skaut sin første hjort

Severin og Jelena

Jelena og Severin har mange felles interesser.

Foto: Privat

Jakt og fiske er viktige ingrediensar i livet på garden. Etter at dei to møttest, bestemte Jelena seg difor for å ta jegerprøven. Med erfaring frå militæret hadde ho erfaring med å handtere våpen. Og på den første hjortejakta i lag, fekk ho full utteljing: Den sjette dagen inn i jakta, var det ho som skaut den første hjorten.

– Det er klart det var artig å få ein så bra start. Men eg må vel nesten seie at Severin var meir guide enn jeger på den turen, seier ho med eit smil.

Ein månad etter den første turen, skaut ho den fjerde største hjorten som nokon gong er felt i området. Ho er også den første kvinna som har skote hjort på staden.

– Det er klart det er stas å vere først, og eg håper det kan vere med på å bane veg for andre kvinner som har lyst til å drive med jakt også, seier ho.

Jelena Mensah

Før jul blei Jelena den første kvinna til å skyte ein hjort på Røneset.

Foto: Privat

Og sjølv om Severin ikkje hadde forventa at ho kom til å få full klaff på første skot, var han veldig imponert av kjærasten.

– Ho var nok meir roleg enn meg. Eg sat på ein stein ved sidan av ho og byrja faktisk å gråte av glede då ho trefte. Så kom jubelen. Det var større enn første gong eg skaut ein hjort, seier han engasjert.

Severin set stor pris på dei naturopplevingane han og Jelena deler og er ikkje bitter for at det var ho som skaut den første hjorten.

– Nei, det unna eg ho, seier han og ler. Alt gjekk etter boka, og det kunne ikkje gått betre. Det er ei oppleving eg aldri kjem til å gløyme. Vi har skapt mange minnerike augneblink på turane våre seier Severin.

Delt motivasjon for å delta

I dei første sesongane av dokumentarserien om Severin har Jelena halde seg i bakgrunnen. Men no får 35-åringen frå Vesterålen ei meir sentral rolle. Ho vedgår at ho måtte gå nokre rundar med seg sjølv då ho bestemte seg for å bli ein del av det heile.

– Først og fremst hadde eg sjølvsagt veldig lyst å vere kjærasten hans, og eg forstod at han inngjekk i ei pakkeløysing, seier ho og smiler.

Men det har også vore viktig for henne å vise livet på Røneset frå eit kvinneleg perspektiv.

– Eg lyst å vise at kvinner kan gjere dei same tinga som menn gjer, som for eksempel å fiske eller gå på jakt. Eg hadde lyst å representere det kvinnelege, og eg håpar det kjem godt fram i løpet av serien, seier ho.

Severin Rønes og Jelena Walstrøm

Jelena Mensah hadde berre budd i Ålesund nokre månader då ho i 2014 tilfeldigvis hamna på Røneset i eit selskap saman med Severin Rønes. Sidan har dei vore eitt par.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Stolt av kjærasten

Severin fortel at han er glad for at Jelena har blitt meir sentral i serien.

– Ho er seg sjølv lik, og eg synest ho tilfører mykje til serien. Det er ikkje kven som helst som kunne blitt med på dette, seier han.

Han synest også at ho er eit godt førebilete for sjåarane.

– Ho viser at kvinner også kan mykje, og eg er veldig stolt av ho. Eg føler at ho er eit betre førebilete enn meg. Eg var født inn i dette, medan og har hoppa inn i det. Eg må ta av meg hatten for ho, seier han.

Føler seg heime på Røneset

Til vanleg bur og jobbar Jelena i Ålesund, om lag fire mil frå Røneset. Ho prøver likevel å besøke den veglause garden så ofte ho kan. Ho har sjølv vakse opp i Nordland og har vore van med å ha naturen like utanfor stuedøra. Det var noko av det ho sakna mest då ho flytta til Ålesund for to år sidan. Men på Røneset kjende ho seg raskt som heime.

– Det beste med å bu her er at eg finn roa. I tillegg set eg veldig stor pris på alle moglegheitene eg har her. Vi kan dyrke grønsaker i hagen og det er kort veg til fjellet. I tillegg er det utruleg herleg å ta med fiskestonga og gå dei få skritta ned til sjøen, seier ho.

Trass i at Røneset ligg isolert frå omverda, synest Jelena ikkje at staden er aude.

– Med alle desse moglegheitene kjenner eg det slett ikkje slik. Eg tenkjer det er svært verdifullt å ha tilgang til både fjell og fjøre. På den måten tenkjer eg det heller kan kjennast aude i byen fordi eg då er langt frå naturen, seier ho.

Ikkje uproblematisk

Ho vil likevel ikkje romantisere livet dei har på Røneset.

– Det er mykje tungt arbeid på ein gard. I tillegg har du ikkje dei same moglegheitene til å leige utstyr som traktor eller ei kran for å gjere noko av det harde arbeidet. Ein kan ikkje berre bestille noko å få det på døra.

Severin Rønes og Jelena Aurora Mensah

Jelena Mensah bur og jobbar i Ålesund, men besøker Severin på Røneset så ofte ho kan.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Ein har ikkje folk så lett tilgjengeleg, men samtidig så er det også godt å kunne kjenne på roa. Det er litt herleg å ikkje vere så tilgjengeleg òg, seier ho.

Nokre ting har likevel krav meir tilvenning enn andre:

– Eg må jo planlegge meir enn før. Kjem eg plutseleg på at eg manglar mjølk, er det ikkje berre å springe ut og gjere det, seier ho og ler.

Det beste av to verder

Førebels er det dei to på Røneset. Dei trivst godt med det sakte livet, med Jelena vedgår likevel at ho nok trur det kunne blitt einsamt på sikt om ho skulle budd på Røneset på heiltid.

– Ja, det trur eg, særleg om vinteren. Då er det stille her, medan vi har meir gjester om sommaren.

I tillegg blir reisa til og frå garden ført krevjande i vinterhalvåret. Det merkast godt at garden ikkje har veg for ei som har arbeidet sitt i Ålesund.

– På sommaren går det fint å pendle, men på vinteren er det ofte uvêr. Eg trur nok dei færraste arbeidsgjevarar ville syns det var greitt at eg stadig ringde for å seie at eg ikkje kunne kome på jobb fordi eg var vêrfast.

Enn så lenge trivst ho godt med å kombinere bylivet i Ålesund med ein rolegare kvardag med kjærasten på Røneset.

– Eg føler at eg får både i pose og sekk. Eg kan kose meg i byen dei vekene han er på jobb, og så kan eg nyte alt Røneset har å by på når eg er der. Det er det beste av to verder, seier ho med eit smil.

Jelena Aurora Mensah

Torsdag 24. mars klokka 20.25 startar den tredje sesongen av «Severin» på NRK1. Der får sjåarane også bli enno betre kjent med kjærasten til Severin, Jelena Aurora Mensah, som dei til no berre har fått ein smakebit av i dei tidlegare sesongane.

Foto: privat