Ordførar i Stranda med plakat med Märtha og Durek Verret på trebru framfor verdsarvsenteret i Geiranger.

Den 31. august giftar sjamanen og prinsessa seg i Geiranger.

Ordførar i Stranda med plakat med Märtha og Durek Verret på trebru framfor verdsarvsenteret i Geiranger.

Dei blir langt frå dei første snedige kongelege i Geiranger.

Geiranger rundt 1900, to store dampcruisere i sjøen framfor den knøttvesle sentrumet Merok. Kyrkje og Union hotell i bakgrunnen, omkransa av høge fjell.

Turistmagneten starta med målretta PR-triks alt på 1800-talet.

Kjendisar i Geiranger: Gandhi, Haakon og Wilhelm, Kongen av Siam, Haakon og Märtha

Historiene om historiske stjerner i bygda er mange -

Kjendisar i Geiranger: Gandhi, Haakon og Wilhelm, Kongen av Siam, Haakon og Märtha

– og nokre kanskje i overkant gode.

Geiranger, hordar av turistar tar selfie ved Flydalsjuvet, tre cruisbåtar i fjorden. Grøne og kvitflekka fjell.

Geiranger – den skapte turistmaskina

Geiranger – den skapte turistmaskina

Geiranger, sommaren 1890:

Fjellbøndene i dei bratte skråningane slepp ljåen og speidar med handa til panna. Her lever dei som dei har gjort sidan vikingtida, blant geiter og robåtar.

Inn fjorden kjem tre enorme skip med røyk frå doble skorsteinar. På hovudskipet spelar eit hornorkester, langs rekkene står 295 tyske marinegastar, medan finfolk skyt med pistol på flasker som blir kasta ut i vatnet.

Keisar Wilhelm II er på sin årlege gutetur til Geiranger.

På land står kanskje ein gluping og pønskar ut korleis den vesle, avsides bygda skal bli Noregs fremste turistmål.

Postkort frå 1906 av SMY Hohenzollern II i ein norsk fjord blant snøflekka fjell. To bunadskledde flettejenter vinkar med kvite tørkle frå ein bergnabbe.

Korleis blei i denne fjellbondebygda så gode på moderne PR?

Foto: Postkort frå 1906

Den første

Men det var ikkje keisar Wilhelm II som var den første cruiseturisten hit. I 1869 kom kvekaren Edward Backhouse – ein av verdas første reisebloggarar. Backhouse grunnla også ein bank som i dag er Barclays Bank, den tredje største i England.

Britiske overklasseturistar ikledd kjoler dresser og hattar sit på dekk av seilbåten Nereid i 1869. On board the Nereid 1869 [Cruise of the Nereid 1869

For å komme seg etter stress og dårleg helse ville han besøke det rolege og naturrike Noreg. Med på seilyachten Nereid var kona, to nevøer og ei niese.

Ettermiddag på dekk Britisk overklasseturistar sit på dekk av seilbåt og les bøker fjord og fjell rundt.

Dei hadde chille dagar på dekk.

Seilyachten Nereid ligg på sida ved tømmerkai

Bortsett frå ved kai ved lågvatn. Dette var visst eit vanleg syn i seilskutetida.

Geiranger 1869, familien Backhouse sit på ein stein, liten dampbåt med mannskap i.

Bileta frå 1869 er truleg dei første som er tatt i Geiranger.

Her sit familien på ein stein.

Lokale folk i Geiranger 1869. Attmed ein husvegg.

På land delte dei ut kvekar-litteratur, tok bilete og prata med lokale folk.

Dessverre kunne ingen i bygda - ikkje eingong skulelæraren - noko engelsk.

Heldig familie blei tatt om bord på Nereid i Geiranger. Mannen med topplue. Ingen smiler.

Nokre geirangerfolk var så heldige å bli inviterte om bord.

Bileta fortel lite om at det var stor stas for dei.

Dei hadde aldri blitt fotograferte før, og var kanskje skeptiske. Ikkje fekk dei sjå resultatet heller.

Familie frå Geiranger ombord på Nereid, kolorert. Raud topplue på herremannen. INgen smiler.

Den raude topplua til mannen på biletet gjorde inntrykk på Backhouse.

Briten skriv at både lua og knebuksene er 33 år gamle, og berre blir brukt på sundagar – altså kyrkjeklede.

Hos Geiranger-folket gjorde det inntrykk at dei fekk godt betalt for å frakte utlendingane rundt med hest.

Eventyrsamlaren kasta pennen

Om lag på same tid var ein ung, eksentrisk skjeggebasse på vandring i området, med stipend frå staten for å samle inn folkeviser og eventyr. Han heitte Henrik Ibsen (34).

Han var inspirert av Asbjørnsen og Moe, men kom nær tomhendt heim. Ibsen slutta til og med å skrive dagbok da han nærma seg Geiranger. Kanskje blei naturen for mektig – eller eventyra for kjedelege.

Sommaren etter drog Ibsen til Italia og skreiv Peer Gynt og Brand – med gode dosar fjell, fjord, troll, og noregsreklame for dei neste 150 åra.

Cruisekeisaren

Ein som ikkje likte Ibsens realisme, men som elska norske segn og fjordar, var tyske keisar Wilhelm II.

Keisar Wilhelm og kompisar på dekk på Hohenzollern

Keisaren chiller på divanen i midten.

Foto: Th. Jürgensen / Stadtarchiv Kiel

Kvar sommar parkerte han kjerring og ungar heime, og la av stad med mann-skapet på 295 mot nord. I norske fjordar skal dei har mora seg med slikt som å balansere egg, skyte med pistol på flasker, drikke punsj og ha med ein bjørn på dekk.

Ved Trollveggen nær Åndalsnes blei keisarflokken sett der dei hoppa bukk og stupte kråke i graset.

At keisaren stakk frå styr og stell heime i den ferske staten Tyskland, blei det ikkje lagt skjul på. Tvert om, «Nordland-reisene» blei brukt som propaganda. Vekeblad viste Wilhelm II vist blant isbrear, mektige norske fjell – og trehus.

Tidstypiske tyske tankar hevda nemleg at germanarane, til liks med blodbrørne i Noreg, bygde hus i tre, før dei blei forderva av fransk og engelsk kultur.

Keiser Wilhelm på Nordland-reise i Tradfjord (!), står på dekk av Hohenzollern med skipslue og frakk.

Postkort med keisaren i den lite kjente norske fjorden «Tradfjord» (kan vere Tafjord nær Geiranger, eller rett og slett ein tradisjonell fjord?).

Foto: Postkort: Th. Jürgensen / Kiel

Det er til og med fortalt at keisaren delte ut gullpengar til nordmenn som likna segnfigurar frå vikingtida.

I Geiranger var det også pengar å tene for folk som ikkje såg ut som viking-karikaturar:

For sjølv om keisaren helst ikkje ville bu på land, han var tryggare på yachten, likte han å ete lunsj i naturen. Med eigne kokkar, sidan han var redd for å bli matforgifta. Til det trongst minst 14 lokale hestar og kjerrer.

Inntektene frå keisaren og andre rikingar fekk folk i bygda til å tenke både nytt og stort på tampen av 1800-talet.

Bautaen til ære for Geirangervennen Keiser Wilhelm II, kneiser over bygda, tre cruisbåtar og fjell og fjord i bakgrunnen.

Takk for innsatsen. Ein bauta til ære for Geiranger-venen Wilhelm II knausar over bygda.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Pionerane

Ved inngangen til 1900-talet budde det 3–400 folk i Geiranger. Allereie da bestemte bygda seg for å få inn folk på marknadsføring. Det var to søkarar til jobben, men begge var lokale – og blei forkasta som «lite verdsvante».

I staden blei den tyske språklæraren Bauermeister frå Hannover hyra inn. Om sommaren guida han rikingar og lærte bygdefolket tysk og engelsk. Om vinteren reiste han rundt på kontinentet og viste lysbilete av Geiranger, medan han delte ut kolorerte postkort (som kosta heile 3,25 kroner per stykk å trykke).

Taktikken var ein suksess.

Snart var det fire hotell i den knøttvesle bygda.

Turistkiosk frå før krigen med postkort og reklameguten til Freia og gamaldags kassaapparat mm.

På 1920-talet var det heile elleve turistsjapper i Geiranger. Dei selde postkort og snop, samt slikt som skinn og teppe – så jegerar og vevkjerringar i bygda også fekk inntekter.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

I tillegg fekk Geiranger om sommaren daglege anløp av skip, såkalla «flytande hotell». Frå eitt einaste besøk i 1869, var det vanleg med 100 turistbåtar rundt 1910.

I 1910 kom 16.600 besøkande til bygda. Det var over halvparten (!) av alle utanlandske turistar i Noreg.

På slutten av 1880-talet opna også den bratte og svingete køyrevegen frå Geiranger mot Skjåk og Strynefjellet. Den førte til enda fleire turistar – og konflikt.

Trafikkmaskin frå 1889, Knuten i Geiranger

Knuten øvst i Geiranger har blitt kalla landets første trafikkmaskin, og var i bruk heilt fram til 1970. Den var sterkt medverkande til at Geirangervegen vann gullmedalje på verdsutstillinga i Paris i 1900.

Foto: Narve Skarpmoen

Dei sju systrer

Bygdefolket skjønte tidleg at det som særleg lokka var fossane på alle baugar og kantar. Da kongen av Siam (Thailand) var på Geiranger-tur i 1907, skreiv han i reisebrev:

«Nokre fell på ein måte og andre på ein anna, nokre er bekkar og nokre er elvar og nokre er stryk – det er meir enn eg kan beskrive»

Dei sju systrene ved Geirangerfjorden
Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto. Dronebilde tatt med dispensasjon frå GeirangerHerdalen verneområdestyre.

Desse fossane med fritt fall på 300 meter har vore den kanskje største turistmagneten.

Dei sju systrene ca 1890
Axel Lindahl ca 1890 / Foto Axel LindahlNorsk Folkemuseum

Fram til slutten av 1800-talet heitte dei Knivsflåfossen.

På så kom ein smarting på å «rebrande» fossen til «Dei sju systrene».

Skageflå ved Geirangerfjorden
Øyvind Sandnes / NRK

Og laga ei historie om at «Dei sju systrene» har fått namnet sidan sløra av vatn liknar håret til sju kvinner.

SmQ__rHMOsw
NTB

Eventyrfossen har vore eit særs ynda fotomotiv blant både prinsesser og andre turistar.

Man ror framfor fossar
Knud Knudsen / 1882

Andre fossar fekk endra namn til «Friaren» og «Brudesløret».

Namn som skapt for bryllup.

I tillegg har lokale heilt utan høgdeskrekk i mange tiår jobba med å frigjere fosseløp, slik at det verkeleg renn sju fossar ned dalsida.

Kommunist-ideologen

I starten var turistane rike, gjerne lakselordar, fjellklatrarar og kongelege.

Som måseflokkar kunne unggutar i robåt følgje bak skipa, for det blei støtt kasta ut matrestar i kasser og tønner. Slikt som restar av ekte kjøt eller eksotiske appelsinar.

I 1890 var makkeren til Karl Marx, Friedrich Engels, på Noregsferie. Kommunismens grunnleggar heldt låg profil for å unngå «å bli sjikanert av politiet», men skrytte av Noreg og folket.

Ved Geiranger møtte han faktisk keisar Wilhelm – herskaren som stod for alt det motsette han sjølv slåst for.

Keiser Wilhelm II på piknik i Noreg. I eit stort telt, med mat og drikke og mange menn, sjølv kledd i Sherlock Holmes-mundur.

Keiser Wilhelm II på piknik i Noreg, sjølv kledd som Sherlock Holmes i sentrum av teltet.

Faksimile: Mit dem Kaiser als Staatsmann und Freund

I eit brev skriv Engels:

«Keisaren hadde gått saman med svirebrørne om bord i ein torpedobåt som skulle fare heilt stille forbi oss i Geirangerfjorden».

Og: «Det er til å le seg i hel av, men eg såg to feite admiralar som prøvde å setje seg i ei lita norsk vogn som knapt hadde plass til ein person.»

Slikt var eit vanleg problem for skysskarane i Geiranger.

For nesten alle turistane ville opp den bratte og svingete vegen til Djupvasshytta.

Djupvasshytta, Geiranger

Djupvasshytta: Vinter på sommaren. Her frå juni 2024.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Tjukke tyskarar

Som kongen Siam i 1907 skreiv til eitt av sine 77 barn:

«Dette hotellet heitte Djupvasshytta. Eg kan ikkje uttale det skikkeleg. Vatnet har vore heilt dekt av is, men den var no halvsmelta. Eg var oppglødd over at eg har fått sjå europeisk vinter midt på sommaren.»

Absolutt alle gardane i Geiranger hadde to hestar for å drive med skyssing om sommaren. Til vanleg krangla dei om kundane, men turen opp var hard for både kuskar og særleg hestane. Så lokalfolket blei snart flinke til å plukke dei rette turistane på kaia.

Ei historie fortel om ein velfødd tyskar som gjekk frå vogn til vogn utan at nokon ville køyre han. Til slutt måtte han rope «Eg betalar for to!».

Men allereie rundt 1910 kom bilen til bygda. Og eigen bilfabrikk (!)

Til hestefolkets gru.

Djupvasshytta 1930-talet

Greitt trykk på Djupvasshytta på 1930-talet.

Foto: Hotel Union Geiranger

Bilfabrikk

Det er vanskeleg å finne ut akkurat kven som var hjarnene bak å døype om fossane og gi dei eigne historier, tilsetje ein tysk marknadsførar – og – skifte namn på sjølve bygda.

For ingen snakka da om Geiranger. Det var Meråk som var namnet inst i Geirangerfjorden, men snart forsvann det namnet frå kartet.

Postkort frå 1800-talet Maerok Geirangerfjord. Bilete av kyrkja og folketom fjord.

«Geirangerfjord from above Maerok». Foto frå 1885.

Foto: Valentine, William Dobson

Ein i bygda som i alle fall forstod ein ting eller to om turisme var Karl Mjelva.

Skysskaren frå Åndalsnes kjøpte saman med kona eit konkurs Union-hotell i 1899. Men dei fasjonable gjestane var gjerne krevjande – og slett ikkje vant til rom utan straum.

Så Mjelva bygde kraftverk i 1907. For første gong fekk indre Sunnmøre elektrisk lys og varme (kraftverket gav 27 kW).

Men gjestane var ikkje vande med rom utan omn.

Så Mjelva bygde omnsfabrikk i 1910 (som med åra blei kjent som Grepa fabrikkar).

Men gjestane trengde hestekrefter opp kleivene.

Så Mjelva bygde bilfabrikk i 1912.

Barnebarnet

Karl Mjelva døyde 57 år gamal i 1928. Men namnet lev vidare med barnebarnet, tredje generasjons hotelleigar.

Karl Mjelva

Karl Mjelva har ei stor samling veteranbilar frå Geiranger skysslag.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Bestefar kjøpte først ein bil frå Frankrike, men den byrja å koke berre den såg ein bakke framfor seg, fortel Karl Mjelva.

Som mange etter han forstod hotelleigaren at franske biler ikkje gjorde susen. Saman med ein kompis i Oslo, den ferske bilimportøren Bertel O. Steen, drog dei rundt 1911 til Adam Opel i Tyskland.

Med ei liste:

– Det måtte vere sterke motorar, god kjøling og god svingradius, fortel Mjelva d.y.

Tilbake til Noreg fekk han med ramme, motor og ratt, og bygde resten i Geiranger. Det blei til saman rundt ti bilar. Ikkje alle var overtydde, i alle fall ikkje hestefolket:

Geirangervegen rundt 1900
N. Skarpmoen / NRK

«Veien er her lagt i skarpe kurve, gjennom bratte bakker (...)

Geirangervegen 1926 med ein automobil

Tænker man sig en række paa 40-60 heste møder en automobil og disse heste rimeligvis blir skræmte, skjønner vi ikke med vor bedste vilje hvorledes ulykker vil kunne undgaaes»

Skysskarane ville ha bilforbod. Det fekk dei ikkje.

I staden blei det skipa billag, så alle i bygda kunne få ein bit av inntektene frå skyssinga.

Gardskulliser

Fram til kring 1960 var turismen eksklusiv. Turistane var kongar, keisarar og adelsfolk, men aller flest frå øvre middelklasse.

Så kom massane, med bil og telt, og etter kvart slepande på campingvogn.

– Om sommaren treff du nesten aldri kjentfolk på butikken, men om vinteren møter ein kjenningar og slår av ein prat, fortel hotelleigar Karl Mjelva.

Geiranger, utanfor hotell Union. Raud dobbleltdekkar og grøn minibil.

Det er i dag tydeleg at det ikkje er bilforbod i Geiranger.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Rundt Geirangerfjorden ligg gardane no som kulisser for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Medan det i sentrum kokar av selfiestenger og menneskeflokkar bak ein guide med leidestang.

– Turismen betyr i grunnen alt for Geiranger. Det er ikkje sikkert det hadde budd folk her utan den. Gardbrukarane har stort sett gjett opp no, seier Mjelva.

Han var sjølv med som vert da dronning Sonja og kong Harald feira sølvbryllaup på den nedlagde garden Skageflå i fjellsida ovanfor «Dei sju systrer». Den ligg på ein fjellhylle 250 meter over havet, og er særleg kjent for at bonden her drog opp stigen da lensmann og fut skulle krevje inn skatt.

I 1993 laga dei landingsplass i brattfjellet og helikopter flaug opp maten, ei rekke kongelege, samt spelemennene Arve Tellefsen og Knut Buen.

Det blei da sagt at prinsesse Märtha Louise var så ivrig etter å speide ned stupet frå Skageflå at spanskekongen Juan Carlos fysisk drog henne inn. Han stolte ikkje på at prinsessa på fjellkanten hadde englevakt.

SILVERCRUISE

Dronninga ønsker velkommen til middag i brattfjellet.

Prins Henrik av Danmark (blå jakke) hjalp en av de danske marinegastene ombord etter at han falt overbord i Øye. Dronning Margrethe smiler av episoden. Ellers ombord i båten bl.a. prinsesse Benedikte og hennes mann, prins Richard samt eks-kong Konstantin av Hellas.

Tidlegare på dagen fall ein gast over bord. Heldigvis fekk dei danske kongelege dratt opp marinegasten.

3yH6xVbO118

Danskeprinsane (no kong Frederik X t.v.) med sigg og kule skyggeluer spesiallaga til sølvbryllupet. Prinsesse Märtha Louise i sentrum av den rojale ungflokken.

Verdas vakraste?

I år er prinsessa sjølv hovudperson, og dei kongelege gjestane skal bu på hotellet til Karl Mjelva. Akkurat som kong Haakon VII gjorde i 1906 og 1936. Den siste gongen spikra far til Mjelva på ti ekstra centimeter på senga til den høgreiste kongen.

Karl Mjelva gjer stasbilen klar med gaffateip.

Karl Mjelva gjer klar stas-Buicken med gaffateip. Med denne køyrde han prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon rundt i Geiranger i 1993. Under prinsessebryllaupet i år er nok kronprinsen bytta ut med sjamanen i baksetet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Rundt 1910 drog halvparten av alle turistane som kom til Noreg til Geiranger. Kvifor har det vore så frykteleg populært å dra hit, trur du?

– Det er naturen, det. Det er ikkje noko anna. Stupbratte fjell med fossefall rett nedi sjøen, det gjer det til ein unik fjord. Og at den fekk status som verdsarv, seier Mjelva

– Unik på verdsbasis?

– Ja, det vil eg påstå. Eg har sjølv vore i New Zealand på Milford Sound Fjord. Det skal jo vere ein veldig fjord, men det var ingenting mot Geiranger. Eg blei skuffa.

Karl Mjelva i det kongelege rom på hotell Union.

Dronningsalongen: Da dronning Alexandra av England – bestemor til dronning Elisabeth 2. – var i Geiranger i 1904 var det i dette rommet med flammebjørk-møblar ho åt og drakk te.

– Men så er det også gjort målretta marknadsføring allereie frå slutten av 1800-talet, blant anna ved å døype om fossane?

– Ja, og kven som fann opp det, er ikkje godt å seie. Det var nok ein god kombinasjon av lokale krefter og utanlandske turoperatørar som ville ha litt meir schwung på reklama. «Dei sju systrer» kling jo betre på engelsk og tysk enn Knivsflåfossen, humrar Mjelva.

Har du vore i Geiranger?

Appendix: Gandhi i Geiranger?

Det er fleire både munnlege og skriftlege forteljingar om da både Mahatma Gandhi og Haile Selassie kom til Geiranger.

Jawaharlal Nehru og Mahatma Gandhi

Mahatma Gandhi og kompisen Nehru som kosar seg på hotellrommet i Geiranger?

Foto: MAX DESFOR / AP

Begge to er sagt å ha kjøpt spisemøbler, sofa og bord i flammebjørk av bygdas bejubla treskjerar, Einar Flydal. Møblar som skal ha blitt nøysamt pakka inn og sendt til India og Etiopia.

Men stemmer dette?

Det er ingen avisklipp som fortel om besøket i samtida. Men nokre aviser frå 1950-talet fortel ulike historier rundt dei norske møblane til den etiopiske keisaren.

Vårt Land 23.8.1950 Selassie Møbler Norge.
Faksimile: Vårt Land 23.8.1950

Kan det stemme at desse ikoniske statsleiarane frå den tredje verda har rusla rundt blant snø og fossefall på nordvestlandet?

– Det er lite som forundrar meg når det gjeld Geiranger, seier historikar Eldar Høidal ved Møbelmuseet.

Han peiker på magnet-effekten bygda har hatt på storfolk frå heile verda.

– Det er kjend at keisar Haile Selassie tinga møblar frå fleire sunnmørsbedrifter. Skipsreiar Mosvold starta attpåtil ein møbelfabrikk i Etiopia som gjekk nokre år, seier møbelhistorikar Høidal, og legg til:

– Men Gandhi som turist i Geiranger? Tvilar – han hadde vel hendene fulle med å frigjere India.

Kanskje er dette også ein del av mytebygginga rundt Geiranger?

Asiatiske turistar tar selfie framfor Hotel Union Geiranger

Det er aldri langt unna selfiane i Geiranger.

Selfie med sjølvutløysar ved Flydalsjuvet, Geiranger.

Selfie med sjølvutløysar ved Flydalsjuvet.

Dette kan vere både ein selfie eller eit tradisjonelt foto, det siste er vel mest truleg. Ved Storfossen i Geiranger.

Dette kan vere både ein selfie eller eit tradisjonelt foto, det siste er vel mest truleg.

Geiranger, hordar av turistar tar selfie ved Flydalsjuvet, tre cruisbåtar i fjorden. Grøne og kvitflekka fjell.

Ved øvre Flydalsjuvet er det enorm selfie-rotasjon. Kanskje skal også prinsessa og sjamanen ta selfie her?

Kjelder:

Sunnylven og Geiranger 1,1949.
Statens vegvesen: Geirangervegen 100 år, 1989.
Arill Riise: Blå fjordar, blått blod, 1994.
Marit Mjelva Henden: Geiranger, ei god historie, 2006
Arild Flydal: Geiranger skysslag 100 år, 2007
Norsk Fjordsenter.
Storfjord1.no