Steinen i Geiranger
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Her sluttar alle spor etter Trude Espås

GEIRANGER (NRK): 8. august 1996 gjekk Trude Espås (20) frå hotellet der ho jobba i turistbygda og sette seg på denne steinen ved fjorden. Det er siste gongen nokon har sett henne i live. 20 år etter er drapssaka framleis ei gåte.

4. august 2016 kl. 11.30: Den 72 år gamle tidlegare lensmannen i Geiranger, Jens Arne Hessegjerde, er tilbake ved den store steinen der Trude Espås sist blei sett. Han har gått av med pensjonen for mange år sidan. Men saka er framleis uløyst. Etter 20 år veit han framleis ikkje kva som skjedde.

Trude Espås

Trude Espås (20) rakk berre å vere i Geiranger nokre få dagar. Ingen veit kven ho møtte i skogholtet der ho blei funnen valdteken og drepen etter 11 dagar.

Foto: NTB scanpix

– Eg skulle sjølvsagt ønskt at vi hadde løyst ei slik sak, både for dei pårørande og bygda her inne. Vi burde og skulle ha løyst ho, seier han.

– Er det eit nederlag at de ikkje klarte det?

– Nei, det kan vi ikkje kalle det. Eg veit at vi gjorde alt som sto i vår makt for å klare det. Noko meir kunne vi ikkje gjere, seier den pensjonerte lensmannen.

Les også:

Trudde ho hadde falle i terrenget

Allereie dagen etter at Espås forsvann, begynte leitearbeidet. Det er ikkje uvanleg å gå seg fast i fjellet rundt Geiranger. Fleire har falle i fossane og mist livet, og mange har måtte ha hjelp frå bygdefolket til å kome seg velberga heim frå tur.

Men etter to dagar blir boka og veska hennar levert inn på lensmannskontoret i Geiranger. Dei som kjem med sakene, seier dei har funne tinga på ein stein ved fjorden, om lag 400 meter frå sentrum.

Jens Arne Hessegjerde - Trude Espås veske

August 1996: Lensmann Jens Arne Hessegjerde viser fram veska til Trude Espås, og ber om hjelp frå folk som kan ha sett noko.

Foto: KJELL HERSKEDAL / Scanpix

I same sekund tek saka ei heilt ny vending.

Politiet skjønar umiddelbart at det kan ligge noko langt verre bak forsvinninga, og frå no av er Espås-saka ei kriminalsak. Allereie tidleg nesten morgon er Kripos på plass i turistbygda etter å ha køyrt heile natta frå Oslo.

– Ho sat jo på den steinen og las i ei bok. Boka og veska låg der ... boka oppslått, alt tyda på at ho seier "her er min plass, eg kjem igjen". Og det gjorde ho ikkje. Av ein eller anna grunn har ho gått over vegen og opp til stien, seier han.

Grufullt drap i lita bygd

Øystein Maraak

Øystein Maraak kom frå ferie og heim til Geiranger berre to dagar etter at Trude Espås var forsvunnen. Allereie same kvelden blei han med ut og leitte etter henne.

Foto: Synnøve Hole

Geiranger er ein turistmagnet som kvar sommar trekkjer over 700 000 besøkjande. Men om vinteren bur det berre 240 fastbuande i bygda. For dei var det eit sjokk at det kunne skje eit drap akkurat her.

Politiet var raskt ute og ba om tips – store og små – og spekulasjonane og rykta let ikkje vente på seg i den vesle bygda.

Nesten på dagen 20 år etter er Øystein Maraak nede i hamna i Geiranger sentrum. Saman med kona skal han til nabobygda Hellesylt for å bunnsmørje båten sin i det fine sommarvêret.

Han huskar godt omstenda då han første gong høyrde om Trude Espås i august 1996: Alle snakka om den forsvunne kvinna då han kom heim frå ferie, 10. august det året.

Geiranger

Om lag 700 000 menneske er innom Geiranger berre i løpet av ein sesong. Den dagen Trude Espås forsvann var det truleg mellom 5000 og 8000 turistar i bygda. Det vanskeleggjorde etterforskinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Allereie same kvelden var han ute og leitte etter henne, i lag med politi, Røde Kors og andre sambygdingar. Og leitearbeidet skulle halde fram i over ei veke.

– Det var eit sjokk då politiet fann henne drepen måndagen, seier Maraak. Verst var tanken på at noko slikt kunne skje akkurat her, i Geiranger.

Han seier drapet førte til ei spesiell stemning i bygda. Han avviser likevel bestemt at folk skulte på kvarandre.

– Nei, det følte eg ikkje. Folk var veldig opptekne av å prøve å hjelp til og huske ting som hadde skjedd i den perioden. Sjølv huska eg ein bil vi møtte ved Grotli, eg huskar veldig godt korleis bilen og sjåføren såg ut, og hadde mistanke til han med ein gong. Men det blei avkrefta. Slik ting var folk opptekne av å hjelpe til med, seier han.

Sommarjobb i Geiranger

Hotel Union i Geiranger

Trude Espås hadde sommarjobb på Hotel Union i Geiranger i ei veke før ho forsvann.

Foto: Synnøve Hole

Trude Espås var 20 år gamal, kom frå Orkanger i Sør-Trøndelag, og hadde hatt sommarjobb på Hotel Union berre nokre dagar då ho forsvann.

Jobben hennar var å rydde rom og halde orden på hotellet. Tidleg på ettermiddagen torsdag 8. august gjekk ho ned og handla i sentrum, og vidare om lag 400 meter utover langs fjorden til ein stor stein.

Fleire vitne såg henne sitte der i timevis utover ettermiddag. Men rundt klokka 17 var ho brått borte, og berre veska og boka låg igjen.

– Ei kvinne går ikkje frå veska si, seier Hessegjerde bestemt. Men kva som fekk henne til å forlate steinen veit altså ingen.

Kjende den fæla lukta frå skogen

Trude Espås-saken

Etter å ha ligge ute i 11 dagar blir Trude Espås funnen. Då har forbipasserande kjent uvanleg sterk og vond lukt frå eit skogholt like ved sentrum.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det var uvanleg varmt og fint i Geiranger i midten av august i 1996. 11 dagar etter at Trude Espås hadde forsvunne, og medan leitemannskapa enno ikkje hadde funne henne, reagerte eit par som gjekk på tur på lukta frå skogholtet rett ovanfor steinen der ho sist var sett. Då dei gjekk opp stien like ved, fekk dei sjå ein sko. Det førte til at dei slo alarm og varsla politiet.

Om kvelden måndag 19. august blei ho funnen. Politiet gjekk på nytt gjennom området i skogholtet ovanfor stien, og der låg Trude Espås. Ho var gøymd under ein stein 100–150 meter frå staden der ho sist var sett. Politiet skjønte fort at ho var utsett for valdtekt og drap.

Dagen etter blei ho frakta bort, og sendt til obduksjon, men dei 11 døgna ute – i sterk sommarvarme – hadde øydelagt det meste av eventuelle spor etter den som sto bak.

Har gløymt kvar ho låg skjult under steinar

Området der Trude Espås blei funnen

I dette området blei Trude Espås funnen drepen og valdteken etter 11 dagars leiting. Ho låg delvis under ein stein og godt skjult av stein og mose.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Ein augustdag 20 år etter er Hessegjerde tilbake der ho låg gøymt. Han klarer ikkje lenger å peike ut funnstaden.

Eg har ei kjensle av at det var oppi her, det var i dette området her, seier han og peikar oppover lia.

– Men det er så gjenvakse og ugjenkjenneleg ... det var eit stykke oppi sida, delvis under ein stein, og så var ho tildekt med stein og mose. Det var lagt ned mykje arbeid for å skjule henne.

Var det mura opp stein over henne?

– Ja, du kan faktisk seie det. Det var brukt mykje tid og energi på å skjule henne.

– Kva tenkjer du om det?

ESPAAS TEGNING

Politiet gjekk etter ei stund ut med denne teikninga av den såkalla 'tyskaren', og bad folk om tips.

Foto: KRIPOS VIA SMP / NTB scanpix

– Eg tenkjer i grunn at då kunne ikkje gjerningsmannen berre forlate Geiranger utan vidare. Dersom han berre kunne stikke av utan å vekkje merksemd, så hadde han gjort det. Men når han brukar så mykje energi på å skjule henne, så tyder det på at han måtte bli her og ville hindre at ho blei funnen, slår han fast.

Ei av landets mest omfattande etterforskingar

Dersom tanken var å unngå at politiet skulle klare å finne den som sto bak, har strategien så langt lukkast.

Sommaren går, hausten kjem og går, 1996 blir til 1997, og framleis står politiet utan løysing på drapsgåta. Dei klarer etter kvart å kartlegge og avhøyre over 3000 vitne frå 37 ulike nasjonar, dei går gjennom hundrevis av hårprøver frå aktuelle menn, undersøkjer tusenvis av bilde og dei elektroniske spora dei finn. Espås-saka blir ifølgje politiet sjølv den mest ressurskrevjande etterforskinga dei har gjennomført.

Men resultatet uteblir.

Ein tysktalande mann er ei stund i politiet sitt søkelys, ikkje minst fordi ei anna kvinne blir tilsnakka av ein tysktalande mann den same dagen som Trude Espås forsvinn. Politiet får laga ei teikning av korleis mannen ser ut, i stripete t-skjorte, men klarer aldri å finne han.

Asbjørn Hansen

Asbjørn Hansen i Kripos var lenge sentral i etterforskinga. Han gløymer ikkje saka dei aldri klarte å oppklare.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Asbjørn Hansen i Kripos var lenge ein sentral person i etterforskinga. No har han pensjonert seg, men gløymer ikkje drapssaka dei aldri klarte å løyse.

– Det gjekk 11 dagar frå ho kom bort til ho blei funnen. På sommarstid veit vi kva som skjer, det er svært lite gunstig med tanke på biologiske spor, seier han og legg til at mange tusen turistar var innom Geiranger den dagen, og at det gjorde etterforskinga svært utfordrande.

Etter kvart tilstår fleire å stå bak ugjerninga, men ingen blir formelt sikta i saka. Likevel held politiet fram etterforskinga, men med stadig færre folk.

Ber Kripos på nytt om hjelp

Den same augustdagen som NRK er tilbake i Geiranger med gamlelensmannen bestemmer politimeisteren i Møre og Romsdal seg for å be Kripos om hjelp. Alt materialet er no digitalisert, og det gjer det enklare å sende over til kollegaer som kan sjå på etterforskinga med friske auge.

Politimester Ingar Bøen Ålesund

Politimeister Ingar Bøen seier Espås-saka aldri kjem til å bli lagt bort. No ber dei igjen Kripos om hjelp til etterforskinga.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Politimeisteren i Møre og Romsdal, Ingar Bøen, seier dei framleis har håp om oppklaring.

– Slike saker blir ikkje lenger forelda. Saka har aldri vore lagt bort, og vil ikkje bli det. Så lenge det er håp om oppklaring, har politiet og samfunnet eit ansvar overfor dei pårørande for at vi gjer det vi kan heile tida for å forsøke å få saka oppklart, seier han.

Kvifor har ikkje politiet klart å løyse saka?

– Saka er utruleg komplisert, utruleg omfattande, det skjedde ein sommardag i Geiranger, det var 5000 innom bygda, nesten 98 prosent var turistar, mesteparten utlendingar. Det har vore ei omfattande etterforsking, ikkje berre i Noreg, men også i utlandet. Eg kan ikkje i dag kome på ei sak som har eit slikt omfang som denne, seier han.

Turistane veit ikkje kva som skjedde

Chih-Shiang Chou

Chih-Shiang Chou frå Taiwan er på ferie i Geiranger. Han har aldri høyrt om Trude Espås, men seier drap kan skje overalt.

Foto: Synnøve Hole

Tilbake i Geiranger 20 år etter anar utanlandske turistar ingenting om det grufulle drapet som skjedde berre nokre få hundre meter frå sentrum i den idylliske fjordbygda.

Den fargerike, middelaldrande venninnegjengen vi møter berre ristar på hovudet når vi spør om Trude Espås, og lurer på om vi kan ta eit gruppebilde av dei.

37 år gamle Chih-Shiang Chou frå Taiwan sit på benken utanfor ein av kafeane i bygda og tastar på mobilen. Han har aldri før vore i Geiranger, sett den grøne fjorden, dei bratte fjellsidene og fossefalla. Han har heller aldri høyrt om drapet som skjedde like ved sentrum, og ristar på det svarte, korte håret når vi spør etter Trude Espås.

Men han seier folk blir drepne – og at det sjølvsagt også kan skje i fredelege Geiranger.

Steinen i Geiranger

Steinen i Geiranger der Trude Espås sist blei sett i live 8. august 1996.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

– Eg trur slikt kan skje overalt, slår han fast.

– Har trekt ned rullgardina

Lensmannen har vore tilbake i området fleire gongar etter at han blei pensjonert, og vedgår at Espås-saka er den mest spesielle saka han har vore med på. Etter at han blei pensjonist har han forsøkt å gløyme saka, men seier at ho stadig dukkar opp.

– Eg tenkte mykje meir på saka før. Etter at eg blei pensjonist, trekte eg på ein måte ned rullgardina.

Har du dårleg samvit for at de ikkje klarte det?

Jens Arne Hessegjerde

Den tidlegare lensmannen, Jens Arne Hessegjerde, seier politiet gjorde alt som sto i deira makt for å løyse saka. Utan å lukkast.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

– Nei, vi har brukt utruleg mykje ressursar og tid på å løyse denne saka, så eg har ikkje dårleg samvit. Eg veit at vi gjorde alt som sto i vår makt den tida. Det sto ikkje på noko, vi hadde mannskap og ressursar, og det brukte vi.

Mor til Trude Espås seier til NRK at ho framleis har tru på at saka kan bli løyst, men at ho ikkje ønskjer å la seg intervjue. I 20 år har også familien måtte leve med at dei ikkje veit kven som tok frå dei dottera.

Steinen der Trude Espås sist blei sett ligg som før rett ved fjorden og blir dagleg passert av tusenvis av turistar i Geiranger. Men kven som sto bak drapet er framleis ei gåte.