"Bli med heim"-messe på The Hub i Oslo. Yngre jente med ryggsekk i samtale med jobbtilbydarar.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kampen mot kyrkjegarden

Distrikta bruker millionar på å lokke folk frå Oslo – med natur, VR-briller og laksewrap. Men det er nok ei heilt anna oppskrift som kan redde Bygde-Noreg.

Ein ordførar gestikulerte med hendene som ein seljar. Han prøvde å overtale ein av kommunens mange utflyttarar:

– Kva med ein jobb i privat næringsliv?

Frå scena bak dei song Stjernekampvinnar Knut Marius Djupvik innstendig: «Kan du hjelpe meg å hjelpe? Ver så snill å slepp meg inn.»

Smøla-ordførar Svein Roksvåg forsøker å overtale Morten Eines på heimflyttermesse i Oslo. Gestikulerar.

BLI MED HEIM: Ordførar Svein Roksvåg (th.) drog til Oslo med ein sekk full av salstriks for å få folk heim til Smøla. Her med utflyttar Morten Eines.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Bygde-Noreg såg nærmast desperate ut på heimflyttarmessa i Oslo.

Det har dei all grunn til å vere.

Verdsmeisterens vonde venting

Samtidig, ein stad på bygda:

Stig Arild Arvesen hadde gleda seg til å få dottera og barnebarn heim på garden. Men Statsforvaltaren har sagt nei.

Stig Arild Arvesen og sonen Markus framfor våningshus med stor platting, omkransa av kvitkledde fjell, i Eresfjord.

BLI BORTE: Stig Arild Arvesen og sonen Markus vil svært gjerne ha ein ung familie heim til garden. Men staten seier nei.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Også bror hans, verdsmeister Kurt Asle Arvesen, fekk avslag da han ønska å bygge hus i Eresfjord – ei bygd med lite folk og mykje plass. Men no har farfaren gått bort, 97 år gamal, og til huset hans flyttar no sykkelstjerna inn med familien.

– Det er forferdeleg at ein må vente på at sine nærmaste skal døy før ein kan få plass å bu i bygda, seier Arvesen.

Brørne er ikkje aleine om problemet, og har den siste tida blitt nedringt av folk som kjenner seg att.

Bonde Arvesen reagerer sterkt på avslaget frå staten – som blant anna handla om lukt.

Eresfjord, Molde

ERESFJORD: Bygda aust for Molde er ikkje veldig tettbygd.

Foto: Jonny Meringdal

Flukta frå landsbygda

Sidan 1500-talet har folk flytta frå bygd til by.

Lenge var fråflyttinga eit gode. Det blei meir mat til dei som var att, når folk reiste til fabrikkane i byen eller prærien i Amerika.

Frå 1930-talet tok traktoren og motorsaga jobben frå mange hender. Samtidig gjekk barnetala gradvis ned.

Avisene skreiv mykje om «flukta frå landsbygda», og Alf Prøysen via sin (dessverre) einaste roman til temaet.

Omslaget på førsteopplaget av

«Dom arbe hardt på breibygden. Det blir sterke lunger og bron overkropp, det må da vara likere det hell å reise tel byn å få verkstedstøv i bringen.»

«Trost i taklampa» av Alf Prøysen, 1950

På 1970-talet kom ei siste bølgje mot straumen, med opning av distriktshøgskular og flytting av statlege arbeidsplassar.

Men no er desse tilflyttarane pensjonistar. Og dei fleste barna deira har flytta til byen.

Mørkaste sidan Svartedauden

Dermed kan Bygde-Noreg døy ut. Det var i alle fall diagnosen frå eksstatsråd Victor Norman.

– Om vi ikkje gjer noko, blir bygdene fyrst ein vakker gamleheim, og deretter ein kyrkjegard, sa Norman, da han i 2020 leia utvalet «Det handlar om Noreg».

Flyttestraumen frå bygd mot by har stoppa opp. Det er ikkje fleire folk til å flytte. Og for første gong sidan Svartedauden er ikkje distrikta i stand til å reprodusere seg sjølve, heitte det i rapporten.

Kven skal da ta seg av jobbane og det aldrande bygdefolket?

Jente på heimflyttermesse i Oslo, les brosjyrar.

KAMPEN OM DEI UNGE: På rekke og rad stod bedrifter og kommunar for å dele ut brosjyrar og gratis mat.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

VR og wrap

På «Bli med heim» – messa på The Hub i Oslo sto dei på rekke og rad for å lokke med ledige jobbar:

Plakatar med feite typar: TEKNOLOGI, NATUR, BEREKRAFT, TRIVSEL.

Gratis laksewrap. VR-briller – og dronefilm av fjell og fjord til «Å Vestland, Vestland».

Ordføraren på Smøla hadde slagord på t-skjorta: «NORDMØRE – tett på livet». No jobba han for å lokke heim ingeniør Morten Eines, som har budd snart 20 år i Lillestrøm.

Smøla-ordførar Svein Roksvåg forsøker å overtale Morten Eines på heimflyttermesse i Oslo, visar fram noko på mobiltelefonen sin.

LOKKETRIKS: Ordførar Svein Roksvåg (th.) ser etter jobbar til utflyttar Morten Eines.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Kva med utbyggingsprosjekt og slikt, me har jo ein del av det på Nordmøre?

– Jau, det er eg glad i.

– Ja, men da. Da har me heilt sikkert ein ledig jobb åt deg.

Ordføraren rakte han neven og dei to var tilsynelatande einig om at mannen skal flytte heim.

Samtidig tona Stjernekamp-Djupviks vokal ut på scena: «I ska hjelpe deg ut. Hjelpe deg å få sjelero.»

Eitt år seinare har me sjekka om utflyttaren har flytta heim til Smølas sjelero.

Ei hakkete linje i Sogndal

Men først ein telefon til dei som har forska mest på fråflytting.

– Hallo, det er ... ved Distriktssenteret.

Telefonlinja til distriktet hakkar fælt denne dagen. Direktør Marit Mellingen spring frå rom til rom i Sogndal, utan at linja blir betre av den grunn. Me har likevel klart å tolke det meste av kva ho sa.

Marit Mellingen, direktør for Distriktssenteret.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette handlar jo om kampen om arbeidskrafta, seier Mellingen.

Direktøren seier at bygdene har blitt redda av utlendingar dei siste 20 åra, men at arbeidsinnvandringa no har stupt.

– Men er det så viktig at folk skal bu på bygdene, da?

– Rundt i heile landet har me eit blomstrande næringsliv som treng arbeidskraft. Dessutan må folk få bu ruralt om dei ønsker det, seier direktør Mellingen.

Ho peiker også på beredskap. At daude bygder ikkje kan melde frå om det skjer noko mistenkeleg.

Det er særleg tre ting som skal vere på plass om folk skal flytte til bygda, ifølge Mellingen:

Ein eldre mann henger friskt grønt gras over ei hesje.

1. Jobb. Helst til to om dei er eit par.

NRKreporter på jobb i Distrikts-Noreg

2. Bustad. Draumen om einebustad og småbruk står sterkt.

Rånarar i Ørsta sentrum
Kim Erlandsen / NRK

3. Oppvekst. Barnehage, skule – og – å kunne gi ungane ein minst like god oppvekst som foreldra sjølv hadde.

Mellingen snakkar mykje om sirkulasjon av bustadar.

– Ofte er det vanskeleg å få kjøpt eller leigd seg hus. Med dagens byggekrav blir fort verdien på nye hus halvert når du set nøkkelen i døra.

Ho meiner kommunane bør tenke nytt og ta større del av rekninga eller risikoen ved utvikling av bustadar. Om eldre får nye leilegheiter i sentrum, blir det ledige hus og småbruk elles i bygda.

Støv, møkk og lyd

I Eresfjord er det knapt eit sentrum. Rundt dei nygjødsla jorda kransar kvitkledde fjell på over 1500 meter. Det gir store avgrensingar på kor ein kan bu.

– Dette er einaste staden på tomta vår dottera mi kan byggje. Lenger inn er det rasfare, seier Stig Arild Arvesen og sparkar det brune graset.

I ei helling mellom ei gul hytte og ein veg er det ein ledig teig på eit mål. Kanskje blei det dyrka her for nokre generasjonar sidan. Det er ein av grunnane til avslaget frå både kommune og fylket.

Stig Arild Arvesen i Eresfjord ser utover teigen på 1 mål der dottera blir nekta å byggje seg hus til familien.

AVSLÅTT: Stig Arild Arvesen i Eresfjord ved teigen på eitt mål der dottera blir nekta å byggje hus til familien.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Det står i avslaget at dette er på eit samanhengande areal av dyrka mark, men det stemmer jo ikkje. Det ser kanskje slik ut på kart, men dei burde jo ha vore her og sett, seier Arvesen.

Han er lokalpolitikar for Senterpartiet og opptatt av jordvern. Han har tilbode å nydyrke eit like stort areal som erstatning for den tapte marka – utan at det har hjelpt.

Avslaget peikar på andre ting som kan gi konflikt mellom bustad og landbruk:

«Dette kan eksempelvis relatere seg til støy, støv og luktplager – og landbruksarbeid tidlig og seint på dag.»

– At det kan bli møkk, støv og lyd frå traktorar veit nok dei fleste som vil busette seg på ein gard. I alle fall veit dottera mi det, som har vakse opp her, seier Arvesen og ristar på hovudet.

Ein anna stad i kommunen blir det bygd motorveg over 200 mål dyrka mark.

Kommunale influensarar

Det har vore mange kreative forsøk for å få folk til bygda.

Tolga kommune ringde hundrevis for å få unge til å flytte heim att.

Hjelmeland kommune satsa på gratis barnehage, og Tokke delte ut gratis tomter.

Fyresdal kommune tenkte moderne og tilsette influensarar for å lokke unge. Med kanskje avgrensa PR-verdi.

Medan dei i fiktive Vikerslåg satsa på drone:

Ordførar i Vikerslåg frir til heimflyttarar og tilflyttarar. PS: Akkurat denne er fiktiv humor.

Ordførar i Vikerslåg frir til heimflyttarar og tilflyttarar. PS: Akkurat denne er fiktiv humor.

Roleg på Smøla

Smøla kommune var aktive på å selje seg inn på messa i Oslo. Men elles verker dei ikkje like ivrige.

Telefonnummeret for «tiltak for tilflytting» er ute av bruk og kontaktpersonen hadde slutta.

På kommunens oversikt «Kva skjer» var det berre eitt punkt: Ei død lenke. Kulturkalenderen vart sist oppdatert i april 2021.

Og ordføraren svarte oss ikkje på e-post eller telefon.

Kulturkalender Smøla kommune. Kun ein post, som var utgått lenke.
Faksimile: Smøla kommune, mars 2023

I kommunens budsjett står det heile tolv stader at «Smøla vil være en attraktiv bo- og tilflyttingskommune».

Men sidan 1960 har folketalet på øya blitt halvert, og dei har mista nær ein innbyggjar i månaden dei siste ti åra. Dei kan kanskje fronte seg som ei roleg øy.

Ro var noko som lokka utflyttar og ingeniør Morten Eines under messa i Oslo.

– Når eg set meg på ferja til Smøla senkar roa seg. Livet der er særs roande, og eg kan når som helst dra på havet og fiske, sa 47-åringen.

Men kan ro flytte folk?

Lite tru på messer

Ifølge forskinga er svaret nei.

Ein studie frå 2013 viste at 80 prosent av distriktskommunane hadde forsøkt systematisk å tiltrekke seg innflytting dei siste ti åra.

«Dei fleste er ute etter dei same målgruppene – barnefamiliar – og «sel» stort sett den same bodskapen om naturskjønne omgivnader og idylliske oppvekstforhold.»

Det er lite ein kan gjere for å få folk til å flytte, ifølge forskinga.

Bli med heim-messer er ei dårleg investering. Kommunane bør heller bruke pengar på å ta vare på dei som allereie bur der. Det er det beste middelet for å få fleire heim, seier Marit Mellingen ved Distriktssenteret

Direktøren meiner at bygdene heller bør satse på kultur heime enn utanbygds messer.

– Det er viktig for å hindre fråflytting.

Ho drar fram fleire stadar som har vore flinke med målretta jobbing dei siste åra.

Malakoff 2010
Eivind Nordvik Hauge

Nordfjordeid har dei siste 30 åra satsa målretta på kultur, blant anna opera og Malakoff-festivalen.

Læshø i Lom utsikt over vann og fjell med bok og thermos dandert i lyngen.
Live A. Sulheim

Lom har satsa på næringsutvikling rundt nasjonalparkar og natur.

Ulsteinvik sentrum
Arne Flatin / NRK

Ulsteinvik har bygd ut sentrum i tilrettelagt for eldre.

Sogndal
Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Medan Sogndal sel seg inn med stisykling, puddersnø, fotball og friluftsliv.

Allereie i barnehagen begynner ein å få identitet knytt til plassen ein veks opp. Det er den store fordelen mindre stader har for å lokke heim folk.

– Dersom ungdomane har hatt ein god oppvekst, aukar sjansen for at dei flyttar tilbake, seier Mellingen.

– Del opp tomter!

Professor Reidar Almås (80) tar telefonen.

– Eg er på ski-VM i Planica og skal snart sjå herrestafetten.

Han har nettopp møtt bygdenabo Marit Bjørgen på matbutikken i Slovenia.

Reidar Almås

PIONER: Reidar Almås har forska på utviklinga i utkantane sidan starten av syttitalet.

Foto: Grete Thobroe / NRK

80-åringen har nett gitt ut boka «Kva skjer i Bygde-Norge?». Under skrivinga av den blei han overraska. Han blei brått optimistisk på bygdas vegne.

For det er ikkje dei med doktorgrad i byane som skal ta oss gjennom det grøne skiftet, men bygdefolk i kjeledress og arbeidsnever med namnet sitt på bilen.

Almås ramsar opp alt ein treng for karbonfri vekst: Utbygging av straum, tømmer, metall og batteri til vindmøller – og korn, grønsaker, kjøt og fisk.

Bygdesosiologen har ei stor kampsak, nemleg å dele opp tomter:

– Politikarane har bestemt at ein ikkje skal dele opp eigedommar på landsbygda. Om du deler opp ei tomt på bygda er det fy-fy! Om du deler opp ein eigedom i byen blir det kalla verdiskaping.

Almås meiner at ein burde kunne skilje ut tomter på 5–15 mål frå gardsbruk, der folk kan byggje hus, dyrke gulrøttar, ha ein hest eller kaninar og ha olbogerom til å vere kreative. Så lenge ein vernar den dyrebare dyrkajorda.

– Da kan ein fortsette gardsbruket, samtidig som ein minkar køen som er på Finn.no etter småbruk.

Raud sykkel på ein stubbe framfor eit jorde og kyrkja i Eresfjord, med fjellet Goksøyra lett snokledd bak.

ERESFJORD: Kvart år set dei ut over hundre fargerike syklar i den sjølverklærte sykkelbygda.

Foto: Bjørn Magne Øverås

Brukte 2,5 år sist

Fanesaka til Almås er søt musikk i Eresfjord.

– Han bygdeforskaren verkar som ein fornuftig mann, seier bonde Stig Arild Arvesen.

I avslaget mot byggjetomta til dottera, peikte Statsforvaltaren på at det finst andre ledige tomteareal i bygda. Det meiner Arvesen er eit pussig argument.

– Det er to tomter heilt nede ved Coopen. Men ikkje i nærleiken av garden her. Når du planlegg å drive garden, vil du jo gjerne bu i nærleiken.

Snøras i Eresfjord.

ERESFJORD: Under intervjuet går det eit snøras frå eit av fjella. Berre for å understreke poenget med at ein ikkje kan bu overalt i bygda.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Avslaget frå Statsforvaltar er endeleg og kan ikkje ankast. Utan at Arvesen gir seg av den grunn.

– Eg brukte 2,5 år på å skilje ut eit småbruk i utkanten av garden til nokre som ville flytte inn i det. Så me gir oss ikkje! seier han.

– Det må bu folk i bygdene om Noreg framleis skal ha landbruk. Men dei greier ikkje å fylle opp skule, barnehage og drive butikk om ikkje folk får ein sjanse til å byggje hus her.

Har han flytta?

Me har ringt utflyttar og geo-ingeniør Morten Eines, nøyaktig eitt år etter «Bli med heim»-messa i Oslo.

– No er eg på Smøla!

Morten Eines på Smøla, i båt med kvit jaktbikkje foran styrehuset.

SMØLA: Utflyttar Morten Eines er tilbake til havets ro.

Foto: Privat

Han har ei pause mellom Teams-møter.

– Har du flytta heim altså?

– Nei, eg har ikkje det. Det er ferie og bortekontor. Det blei litt for små fagmiljø for geomatikk her, dessverre.

Eines fortel at det er vanskeleg å forlate ei leiarstilling med 20 tilsette på Austlandet. Men no er sonen snart i utflyttingsalder, og Eines har starta å snuse på jobbar rundt Smøla. I alle fall i Trondheim.

– Men det er slik at karriere trumfar ro og natur?

– Huff, eg som er så glad i sjø og natur.

Det er som eit vers i låten «Kjedeleg iblant» av Odd Nordstoga og Erlend Ropstad:

«Du vet jeg burde flytte ut på landet

og dyrka ...

frykten for å bli glemt»

*
Bonusmateriale

Ein del andre tiltak som har vore nemnt for å redde Bygde-Noreg, blant anna frå Norman-utvalet er:

Pallekarmar i parken Det er på Badstupladsen i Eidsgata at Kristina Kostopoulos (t.h.) og hagelaget inviterer innvandrarar til å lære om dyrking.
Siri Kolseth

Innvandring

Utlendingar til bygdene, det er særleg oppnåeleg frå Afrika.

JDWOsh1xR1k
NTB

Flytte arbeidsplassar

Fleire jobbar i distrikta til folk med høg utdanning.

– Folk i dag har ein livsstil kor dei kanskje ønsker å bytte partnar fleire gonger i livet, på same måte som dei ønsker å bytte jobb flere gonger. I dag bytter folk i snitt arbeidsplass seks gonger i løpet av yrkesaktiv alder. Flyttar du til Snåsa, får du sikkert jobb, men det er lite truleg at du får bruk for høg utdanning, sa professor Victor Normann til Plan i 2021.

Geilo
Tordis Gauteplass / NRK

Endre skatt for «innbyggjarar»

– Du har jo desse pene menneskene med folkeregisteradresse på Frogner, hytte på Geilo, ei anna hytte på Sørlandet og ein leiligheit i Spania. Kor bur dei eigentleg? Kanskje vi må byrje å å dele inntektsskatten mellom dei ulike stadene? I så fall er Geilo ei ganske stor bygd, har Victor Normann uttalt.

Utsikt fra Røst mot et rødt naust og et fjell.
Synnøve Sundby Fallmyr

Skattefritak

Til dømes skattefri utleieboliger i distrikta.

Lødingen barnehage

Gratis tenester

Slik som gratis barnehage og SFO.

Ungdom bak rattet

Ungdom bak rattet

Forsøk med førarkort for 16-åringer, for å gjere ungdom i distrikta meir mobile.