Dagfinn Wiik på plattform
Foto: privat

Blei alvorleg kreftsjuk etter oljeeventyret

Dagfinn Wiik var berre 41 år gamal då han fekk alvorleg kreft med spreiing. Ekspertar konkluderer med at giftige stoff i oljebransjen gjorde han sjuk. No kjempar han sin livs kamp for å bli trudd.

Plattform Tor 2/4-E, Ekofisk-feltet, juli 1980:

Dagfinn Wiik (22) fell i dekk med eit smell. Den 186 centimeter lange kroppen ligg rett ut på det harde metallgolvet utanfor oljetanken. Han kjem til seg sjølv i det han kjenner kor våt den oransje kjeledressen blir.

Spylerslangen han heldt i hendene pumpar ukontrollert ut veldige vassmengder. Yngstemann på arbeidslaget er nede for teljing, og skal raskt få kjenne effekten av det han har vore med på. Dei neste dagane ligg han på lugaren og er plaga av forferdeleg hovudverk, oppkast og dårleg form.

Reingjering av oljetankar inneber nærkontakt med dei svært giftige stoffa benzen, kvikksølv og saltsyre, og gassen som oppstår i vaskeprosessen har slått ut 22-åringen. Ikkje veit han at det skal skje mange gongar, og på ulike måtar, dei neste åra.

Det er ingen alarmklokker som ringjer i det fjerne. Ingen som kviskrar han i øyra at han gitt seg ut på ei farleg ferd.

Det visste heller ikkje statsministeren som nokre få år før steig i land på Ekofisk-feltet.

Boreskipet Gulf Tide, Ekofisk-feltet, 9. juni 1971:

Kledd i kjeledress, med kvit vernehjelm og svart stresskoffert går Trygve Brattli sakte ut av helikopteret på boreskipet Gulf Tide. Smilande trykkjer han hendene til den eine etter den andre i den dresskledde velkomstkomiteen.

Åpning av Ekofisk i 1971

Statsminister Trygve Bratteli opna offisielt Ekofisk-feltet i Nordsjøen 9. juni 1971. Han ante neppe kor betydningsfullt det skulle bli.

Foto: Dahl, Jan / SCANPIX

Han er komen eins ærend frå Oslo for å offisielt opne Ekofisk-feltet. Etter tre års leiting på norsk sektor, finn Phillips Petroleum verdas største oljefelt til havs. Geologane er skeptiske, men etter nokre månaders prøvetid, bestemmer Phillips seg for å satse. Dei færraste klarer å førestille seg kva det vil bety for Noreg dei neste åra.

– Denne dagen kan bli ein merkedag i vår økonomiske historie. Eg håper dei forventningane som knyter seg til oljeproduksjonen vil bli innfridd, seier landets statsminister før han høgtidleg drar i snora som avdekkjer plaketten som viser at oljeleitinga offisielt er i gang.

Inne på fastlandet på Vestnes på Romsdalskysten lever 13-åringen Dagfinn Wiik eit bekymringsfritt liv og får knapt med seg at oljeeventyret er i gang. Statsministeren sine rosande ord om arbeidet som den framtidige arbeidsgjevaren hans har gjort, gjer ikkje inntrykk. Det skal det bli endring på.

Når storebrørne hans dei neste åra i tur og orden kjem heim og fortel om livet i Nordsjøen, blir han hekta. Inntil no har han levd eit sutlaust ungdomsliv, vore bortskjemd og godt forsynt med lommepengar. På fritida har han køyrt rundt i amerikanske bilar, omtalt seg sjølv som ein rabagast og vore med på mykje tull og tøys. Livet har ikkje vore prega av dei store framtidsdraumane.

Men livet i Nordsjøen lokkar. Oljeeventyret er førebels berre i startfasen, men likevel så omfattande at nordmenn flest begynner å kjenne på kroppen kva det betyr å vere i det mektige selskapet av oljeproduserande land.

Dagfinn Wiik er ein av dei som dei neste åra deltek med liv og lyst ved oljebrønnane på Ekofisk-feltet.

Han veit ikkje at han dermed også kan ha sett livet på spel.

Dagfinn Wiik i Nordsjøen

Dagfinn Wiik elskar livet i Nordsjøen. Trass i lange dagar og fysisk krevjande arbeidsprosessar, er arbeidsmiljøet tett og godt.

Foto: privat

Plattform 2/4 FTP, Ekofisk-feltet, sommaren 1984:

Dagfinn Wiik blandar xylen ned i eit reagensglas med olje. Han set tommelen framfor og ristar, set så dei tynne, små røra ned i ei lita gryte med kokande vatn og varmar dei opp.

Dei siste åra har han sakte, men sikkert stige i gradene, fått utdanning betalt av arbeidsgjevaren Phillips Petroleum og er snart ferdig som prosessteknikar. Det inneber nye arbeidsoppgåver, mellom anna inne på "laboratoriet", ein lukka container som står nede på dekk.

Under opplæringa får han beskjed om å halde pusten når han arbeider på laben, men etter kvart slår han seg til ro med tanken om at oljeselskapet aldri ville tillate at dei arbeidde med giftige stoff utan ventilasjon. Han trur det er slik det heng i hop. Dessutan er det upraktisk å ikkje kunne trekkje pusten.

– Ein kunne jo ikkje halde på med å springe ut og inn av døra kvar gong ein skulle puste, seier han i ettertid.

Den sterke lukta gjer han ikkje uroleg. Og ikkje er det kultur for å klage, heller. I ettertid berre ler han av tanken på kva som hadde skjedd dersom han, ein jypling frå Vestnes, hadde drista seg til å klage til dei amerikanske representantane, som går rundt med Stetson-hattar og cowboystøvlar. Han har ingen problem med å sjå for seg reaksjonane. På at han sutra over lukta av olje og gass. På ein oljeplattform.

Dagfinn Wiik veit ikkje at dei første gnagande mistankane om kor farleg dei stoffa han arbeider med, har slått rot hos andre.

Dagfinn Wiik i yngre dagar

Dagfinn Wiik på friperiode heime på midten av 90-talet. Kleda skjuler dei store, væskande såra som han denne tida har mange av på grunn av dei kjemikaliane han arbeider med.

Foto: privat

Einar Asbjørnsen er tillitsvald og verneombod i fagforeininga Ekofisk-Komiteen. Dei arrangerer fleire tillitsmannsmøte i 1985 der dei ber om at medlemene får vite kva for stoff dei blir eksponerte for. Det viser seg å vere umogleg å få til.

Pumpestasjon B-11, utanfor kysten av Emden i Tyskland, vinteren 1998:

Dagfinn Wiik har sett seg på sin faste plass i kantina inst i lokalet.

Han skjer eit stykke av biffen. Prøvar å tygge og svelgje, men klarer det ikkje. Så tek han eit mindre stykke. Heller innpå vatn, prøvar å true ned middagen ved hjelp av drikke.

Sjukepleiaren om bord på pumpestasjonen trur det kan vere halsbetennelse og antibiotikaen han får, har ei stund effekt. Men i det han sluttar medisineringa, kjenner han igjen kor det pressar på.

Dagfinn Wiik har vore i Nordsjøen i snart 20 år, og har stadig klatra i systemet. Dei siste åra har han arbeidd med den enorme gassrøyrleidningen til Emden i Tyskland. Han driv mellom anna med reingjering av reinsepluggar i røyrleidningen.

Det å gå rundt med våte kjeledressar, gjennomtrekte av vatn, olje og kjemikaliar har blitt rutine. Han skiftar kanskje ein gong for dag, så må det vente til neste dag, når kleda igjen er tørre.

Han har hatt store utslett på ryggen, armane og beina med opne og væskande sår. Han får behandling for det, og blir til og med sendt heim eit par gongar, men står på vidare. Store sår er ikkje uvanleg blant dette arbeidslaget.

Ein dag ringjer Dagfinn Wiik fastlegen sin på Vestnes og ber han om å bestille ein time hos spesialist på grunn av sveljeproblema. Han har begynt å lure på om han har blitt råka av noko langt verre enn halsbetennelse.

Det skal vise seg å vere rett.

Hos sjukehuset i Ålesund er dommen krystallklar.

Dagfinn Wiik lagar mat

Dagfinn Wiik prøvar å finne lyspunkt i kvardagen, og er ein lidenskapleg kokk.

Foto: Roar Strøm

Han skjønar det i det avdelingssjukepleiaren og legen i kvit frakk kjem inn på rommet hans. Dei ber han setje seg på senga.

Han har kreft i matrøyret, og det har allereie spreidd seg til magen og lymfekjertlane, truleg også til høgre lunge.

Sakte, men sikkert går det opp for han at han snart kan vere ved vegs ende i livet, berre vel 40 år gamal. Han er ikkje bitter, og skjønar ikkje at den aggressive kreften kan ha noko med arbeidet i Nordsjøen å gjere.

Men etter kvart går han inn i ei fredlaus tid. Etter å ha krangla seg til ein operasjon med høgst tvilsamt utfall, fjernar legane alt dei kan av dei kreftsjuke cellene i eit forsøk på å stoppe kreftsjukdommen. Det viser seg å virke.

Dagfinn Wiik prøvar seg i Nordsjøen igjen eit par turar, men blir sendt heim. Han begynner å drikke, får store psykiske problem, og møter til slutt veggen fullstendig. Sommaren 2000 veg mannen på 187 centimeter under 65 kilo.

Budapest, sommaren 2003:

Ein dag ringjer ein av telefonane heime hos Dagfinn Wiik. Han har klart å korke flaska og flytta til Budapest for å prøve å skaffe seg eit levebrød med fiskeeksport og restaurantdrift. Han tenkjer ikkje nøye over kven som er i andre enden, men plukkar opp den norske mobilen.

Ein tidlegare arbeidskollega frå tida på Ekofisk-feltet presenterer seg. Seier han har høyrt kor sjuk Wiik har vore. Fortel om kollegaer som har liknande symptom, folk som er alvorleg sjuke, nokre døde.

Kollegaen lurer på om plagene til Dagfinn Wiik kan ha noko med livet i Nordsjøen å gjere.

– Eg trudde ikkje heilt på det, eg trudde det var konspiratorisk tenking utan nokon substans, seier han meir enn ti år seinare.

Lenge bryr han seg ikkje når kollegaer tek kontakt i tur og orden. Men sakte, men sikkert, begynner han å tenkje at han kan vere eitt av ofra for oljeeventyret.

Den konklusjonen skal kome til å endre livet hans.

For Dagfinn Wiik er ikkje av typen som gir seg når han først har bestemt seg. Av far sin, som er handelsmann på Vestnes, har han lært å behandle andre med respekt, at ein mann er ein mann og eit ord er eit ord. Og no gir han seg i kast med å kjempe for rettferd.

Men endå veit ikkje han at skal kome til å kjempe i årevis mot Tryg Forsikring, forsikringsselskapet til arbeidsgjevaren Phillips Petroleum.

Dei neste åra skal gå med til å skaffe dokumentasjon på kva han har vore med på i Nordsjøen.

Dagfinn med dokument frå siste rettssak

Dagfinn Wiik har kjempa i årevis for å nå fram mot forsikringsselskapet sitt. Her er dokumenta berre frå den siste rettssaka.

Foto: Roar Jonny Strom

Romsdal tingrett, 9. oktober 2013:

I det dommaren slår klubba i bordet i Romsdal tingrett er det ein siger for Dagfinn Wiik. Rapportane frå dei sakkunnige er ikkje til å misforstå, nærkontakten med dei svært giftige stoffa benzen, kvikksølv og saltsyre er årsaka til spiserørskreften og hudproblema.

Sambuaren sit i salen og følgjer nøye med. Ho veit kva dette har kosta.

Dei siste åra har han i praksis vore utan inntekt, han har falle ut av av trygdesystemet fordi han har budd for lenge i utlandet. Forsøket på forretningsdrift må han gje opp, og sjølv flyttar han heim igjen til Noreg. For å klare seg økonomisk, må han låne pengar av sine næraste.

Tryg blir dømd til å betale for dei utgiftene og tapa som yrkesskaden har medført. I dommen får forsikringsselskapet kritikk for å ikkje ha gjort noko for å avklare saka.

Allereie har advokaten hans jobba i fleire år for å bli samd med forsikringsselskapet. Men Wiik veit ingenting om at kampen langt frå er over.

For Tryg ankar dommen til Frostating lagmannsrett, men trekkjer etter ei stund anken.

I ettertid skal det vise seg at dei også kjem til å anke når Dagfinn Wiik tre år seinare blir tilkjent 11,7 millionar kroner i erstatning.

Det betyr endå ein runde i retten, nye førebuingar, nye utspørjingar. Men først og fremst at livet blir sett på vent. Igjen.

Wiik hevdar det er bevisst uthaling og frys nedover ryggen når han høyrer reklamen til Tryg Forsikring: "Det handler om å være trygg".

– Dersom du ankar i 1000 rettssaker, så langt som det berre går, så er det eit visst tal som ramlar av lasset undervegs. Som gir opp, eller dør, forsvinn, og dette er kynisk matematikk, ingenting anna. Då er det lønsamt å jobbe på den måten, så lenge vi har styresmakter som tillèt det, seier han.

Dagfinn Wiik på møte

Gjennom Arbeidsmiljøskaddes Landsforening arbeider Dagfinn Wiik aktivt for å få oppretta eit senter for yrkesskadde. Målet er å opprette eit team med fagfolk som kan hjelpe folk å få sakene sine raskt gjennom systemet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Quality Hotel Gardermoen Airport, mars 2017:

Dagfinn Wiik slår ut med hendene for å understreke poenget, må reinske stemma. Han står framfor vel 40 menneske og fortel om den djupe depresjonen han gjekk inn i då han måtte slutte i Nordsjøen. Han blir stadig akkompagnert av folk i det tettpakka møterommet som hostar og harkar.

– Sorgprosess, ropar ei lyshåra kvinne frå første rad.

Det er møte hos Arbeidsmiljøskaddes Landsforening. Her veit dei kva han snakkar om. Ein av deltakarane har ei heil korg med medisin på pulten framfor seg. Ei kjem med blindestokk, ei anna må ha ein spesialstol for å kunne vere med.

Den store saka for medlemene er å få realisert planane om eit senter for yrkesskadde, som kan lose folk gjennom systemet så fort som råd.

– Det er veldig mange ting som jobbar mot den som har fått ein yrkesskade. Du er sjuk, skadd, og dess meir sjuk og skadd du er, dess mindre sjanse har du til å vinne fram, slår han fast.

Han meiner det viktigaste eit slikt senter skal gjere er å rydde veg for den som er sjuk, slik at ikkje prosessen stoppar opp. Difor ønskjer han legar, psykologar, sosionomar, yrkeshygienikarar og juristar vere i staben. No startar jakta på samarbeidspartnarar i helsevesenet og politikken.

Sentrale fagforeiningsfolk og arbeidsmedisinarar applauderer ideen, og meiner det er behov for hjelp til yrkesskadde. Og frå forsamlinga av folk som sjølv er skadde eller er næraste pårørande får Dagfinn Wiik applaus.

Dagfinn Wiik er ute og fiskar

Livet ute i tresnekka har vore god rekreasjon for Dagfinn Wiik. Her har han funne fred og ro, og seier også at fisken også har vore bra å ha for å spe på matbudsjettet.

Foto: Roar Jonny Strom / NRK

Romsdalsfjorden, mars 2017:

Tilbake i Vestnes står Dagfinn Wiik ved ripa på den blå og kvite tresnekka si, Havørn. Han har dratt den ribbestrikka genseren godt framover hendene. Vêret skiftar frå regn til sol på ein augneblink.

Det er skralt med fisk i dag, to små pigghå og ein stor middagstorsk. Dei skrikande måsane får innmaten og held fest rett utfor ripa.

Her i fjorden har han klart å skaffe seg eit pusterom, ei fristund frå tunge tankar, og fisken har også sørga for matauk når det har vore lite pengar.

Først om eitt års tid trur han det kan vere realistisk at den neste rettssaka mot Tryg er ferdig. Han håper at han då kan ta igjen noko av det forsømte, få betale tilbake dei han skuldar pengar, pusse opp leilegheita si, kjøpe ein skikkeleg bil.

Men langt viktigare er tanken på at det nasjonale senteret for yrkesskadde då forhåpentlegvis er fleire steg nærare realisering.

– Det er det einaste som er verd det, dersom andre kan sleppe det livet og den kampen som eg har hatt, seier han.

Tryg Forsikring er kjent med påstandane i artiklane. Selskapet vedgår at saka har tatt lengre tid enn normalt, og seier årsaka ikkje er trenering, men at saka har vore komplisert, med omfattande behov for innhenting og vurdering av dokumentasjon. Sidan saka no er anka og skal opp til ny rettsbehandling, ønskjer ikkje Tryg å gje kommentarar utover dette.