Hopp til innhold

Edith brukar ugras i mat

Edith Krohn lagar mat av ugras som ho finn i hagen. Ho meiner mange er for redde for å bruke det dei finn. – Ugras er både kortreist, ferskt og utan sprøytemiddel, seier ho.

Edith Krohn

Edit Krohn er særleg glad i brennesle.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

I eit gamalt hus i Molde, omkransa av høge tre og fargerike blomar, bur Krohn med familien sin. Iført gule gummihanskar og med ei saks i handa er ho på jakt etter spiselege plantar. Det er høgsesong for brennesler, ei av mange naturlege plantar ho brukar i matlaging.

– Vi menneske er nysgjerrige på kva vi kan bruke frå naturen. Og dét er veldig mykje.

Les også:

Eva og Edith Krohn

Systrene Eva og Edith vaks opp med ei mor som brukte planter frå naturen. Som vaksne har dei hald fram med det. Eva driv også med birøkting.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Rik på jern og mineral

te av mynte

Det er mange planter frå hagen som kan brukast som te.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Bak ei solbærbusk finn vi ein brenneslestilk. Edith tar tak i den og klipper av dei små blada.

– Brenneslen er kanskje den mest verdifulle planta som veks vilt i vårt område. Den inneheld mykje jern og mineral som vi ofte manglar i kosthaldet, forklarar ho.

Kva han vi bruke den til?

– Åh, det er mykje! Den kan steikast og nyttast i ulike matrettar, klippast opp og brukast i pannekaker, tilsettast i supper og ein kan lage te av den, ramsar ho raskt opp.

– Smaken er lite merkbar, men maten få eit langt større næringsinnhald.

Kortreist og ferskt

solbær

Blad av solbærbusker, bjørketre og roser kan brukast i te.

Foto: Anne Ognedal / NRK

Løvetann, skvallerkål, meldestokk, ryllik og geiterams er berre eit utval av matplantene som er å finne i hagen til Edith.

– Kvifor et du det som andre ergrar seg over?

– Det er kortreist, ferskt, har fått vakse utan sprøytemiddel og med mykje sollys. Difor har det langt høgre kvalitet enn mat som har lagt i eit kjølerom, meiner Edith.

salat med blomster

Krohn blandar gjere vanleg salat med blomar og planter frå hagen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Meir næringstett enn vanleg salat

Overlege og spesialist i allmennmedisin, Audun Myskja, seier ugraset har meir næring enn salaten du får kjøpt i butikken.

– Ugras er meir konsentrert. Det er rikt på klorofyll, vitaminer og mineral, og gir oss mykje av dei stoffa som vi gjerne har for lite av i kosten.

Musiker, forfatter og lege Audun Myskja

Audun Myskja er overlege og spesialist i allmenn medisin.

Foto: Marte Garmann Johnsen

Han meiner det er eit paradoks at vi kjøper importert og sprøyta ruccolasalat, samtidig som vi fjernar velsmakande, næringsrik og sunn mat frå hagane våre.

– Menneske har ete ugras i tusenar av år og vi har difor erfaring med kva som er trygt å ete.

Men ugras kan vel også vere farlig?

– Ja, absolutt. Dersom du til dømes plukkar sopp, må du vite kva du gjer.

Ryllik

Ryllik er ei vanleg ugrasplante, som er bra for levra. Den kan brukast som te.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Lagar soner for ugras

Marianne Leisner

Marianne Leisner meiner fleire burde la ugraset vekse.

Foto: privat

Om du ikkje ønskjer ein hage full av ugras, kan det vere lurt å halde det på eit lite område. Marianne Leisner held kurs i økologisk hagearbeid, og kjem med følgjande råd:

– Sats på mangfald, det er viktig for den økologiske balansen i hagen. Ugraset kan seie mykje om helsa til jorda, så sett av soner der det kan vekse, meiner ho.

Meldestokk

Meldestokk minner om asparges og kan brukast rå i salat eller surra i smør eller olje.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Edith seier ho alltid har vore interessert i korleis maten påverkar kroppen.

– Eg vaks opp i ein heim der det var lov å eksperimentere med mat. Mor mi har alltid vore interessert i å prøve nye ting, og laga tidleg pannekaker med løvetann og brennesle.

Både brennesle og skvallerkål kan tørkast eller frysast til seinare bruk.

– Det er ikkje vanskelager å tilberede ting frå hagen enn anna mat frå butikken, seier Edith.

– Du må berre vite kor mykje du treng og korleis det smakar. Det handlar berre om å prøve seg fram.

brennelsesuppe

Brennelsesuppe er ein favoritt heime hos familien Krohn.

Foto: Privat