Hopp til innhold

10 år med ekstremsport

Det er 10 år siden X2-festivalen blei etablert av ein gjeng studentar i Volda. Sidan 2005 har festivalen utvikla seg til å bli den største vinter-ekstremsportfestivalen i Noreg.

 Bilde av vinner Blake Sands i vannet

Torsdag var det XWave konkurranse på Flø. På bilete ser ein vinnaren av konkurransen Blake Sands i vantnet.

Foto: Marius Beck Dahle / x2-festivalen

Torsdag var det klart for opning av festivalen som varer ut helga. Pernille Coward, er infosjef for festivalen og ser fram til ei tettpakka helg, sjølv om om nokre av konkurransane er utsett på grunn av skredfare og dårleg sikt.

I stadig utvikling

Festivalen som blei starta av eit knippe studentar ved Høgskulen i Volda med tanke om å arrangere konkurransar innan skialpinisme og freeride, har auka mykje i omfang dei siste åra.

Pernille Coward

Pernille Coward ser fram til ein tettpakka X2-Festival.

Foto: x2-festivalen

Fleire konkurransegreiner har kome til i løpet av åra, og nye kjem også på plakaten i år.

– Vi markerer tiårs-jubileet med å arrangere ei skatekonkurranse i den nye skateparken i Volda. Dette er første gang det arrangerast ein slik konkurranse under X2 og i parken, seier Coward.

Blant dei nye konkurransane i år er XBase, ei basehopping-konkurranse, multisport - ein morosam lågterskelkonkurranse der ein konkurrerer i lag, og speedflying, der deltakarane hoppar ut frå Rotsethornet.

I tillegg til desse aktivitetane konkurrerast det i ein rekke andre aktivitetar.

Aukande interesse

Utover eit ønske om å gi flotte naturopplevingar til både publikum og deltakarar, tilbyr festivalen også foredrag, filmar og konsertopplevingar på festivalområdet i Volda sentrum.

Blake Sands & Markus Wegge

Blake Sands og Markus under XWave konkurransen på Flø.

Foto: Marius Beck Dahle / x2-festivalen

Festivalen har sidan oppstarten i 2005 merka ei stigande interesse blant publikum. Infosjefen trur den aukande interesse har fleire årsaker.

– X2 er i utgangspunktet ein frilufts- og ekstemsportfestival, men vi merkar at mange også deltek på grunn av foredrag, konsertar og andre festelege arrangement på kveldane, seier ho.

Ho trur den aukande interessa for ekstremsport og friluftsliv også bidreg til dei gode besøkstala.

– Det er mange ulike folk som kjem innom festivalen kvart år og det syntest vi er veldig artig, seier Coward.

Ekstra fokus på miljøet

Når X2 går inn i jubileumsåret ønsker festivalen å ha eit ekstra fokus på klima og miljø. Festivalen valde difor å arrangere ein klimadebatt for å diskutere noverande og framtidige utfordringar.

– Naturen og klima er ein viktig del av framtida til denne festivalen, og vi meiner det er viktig å diskutere kva konsekvensane kan vere dersom vi ikkje endrar vanane våre, seier Coward.

Sikkerheit er ein viktig faktor

X2 er stort sett open for dei fleste, men det er likevel ikkje alle som kan delta i dei ulike konkurransane. Her spelar sikkerheita til deltakarane ei viktig rolle. I dei fleste av konkurransane er det eit krav at deltakaren har tidlegare erfaringar med aktiviteten.

– Dei ansvarlege for kvar aktivitet går gjennom påmeldingslistene og sikrar at alle deltakarane er kvalifiserte nok til å delta, seier Coward.

– Så det er eit veldig godt opplegg i forhold til sikkerheit, og det er viktig når vi held på med ekstremsport, held ho fram.