Hopp til innhold

X-bow gjennom Nordaustpassasjen

Seismikkskipet Polarcus Alima har gått frå Atlanterhavet til Stillehavet gjennom Nordaustpassasjen. Skipet er designa av Ulstein-gruppa og er det første i denne klassen som har brukt den nordlege ruta.

Polarcus Alima
Foto: Polarcus Alima

Polarcus Alima la ut frå Hammerfest den 15. september og brukte ni dagar på å gå dei 3000 nautiske mila til Cape Dezhnev i Beringstretet. Skipet er no på veg vidare for eit oppdrag ved New Zealand.

Skipet er spesielt sertifisert for å gå i isen og er dermed i stand til å gå denne ruta som heilt fram til dei siste åra har vore svært vanskeleg å passere på grunn av is.

Ulstein Design årets norske gasell

Verfta satser på miljø

Vanlegvis går skipa gjennom Panamakanalen på ei slik ferd, og i høve til dette var innsparinga denne gongen på åtte dagar. Skulle ruta ha gått gjennom Suezkanalen ville innsparinga ha blitt på tretten dagar.

Store innsparingar

Polarcus Alima - brua

Brua på Polarcus Alima

Foto: Polarcus

Administrerande direktør i Polarcus, Rolf Rønningen, seier at den vellukka navigeringa langs den nordlege ruta gjer at ein får store innsparingar i drivstoff, utslepp og tid.

– Dette gir Polarcus ei ny sjøbru mellom to viktige marknader, seier Rønningen.

Polarcus Alima er eit nytt skip og blei levert i mars i år.

Polarcus tingar 6 med Ulsteindesign

Største X-Bow til no sjøsett

Ruta til Polarcus Alima gjennom Nordaustpassasjen

Ruta til Polarcus Alima gjennom Nordaustpassasjen

Foto: Google

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL