NRK Meny

Wolff Eikrem på veg til Hellas?

Magnus Wolff Eikrem si klubbjakt kan i følgje Rbnett vere over. Nordmannen skal etter det avisa kjenner til vere på veg til den greske klubben PAOK. Det er venta at kontrakten skal vere klar i januar. Den tidlegare moldespelaren blei før jul fristilt frå kontrakta sin med Cardiff.