Hopp til innhold

Etter åtte dagar på skipet klarte ikkje William (199 cm) å gå bøygd meir

William Terøy hadde gledd seg til eit år i Forsvaret. Han skulle få eit uventa problem.

Montasje William Terøy og kystvaktskipet KV Andenes

William Terøy er så høg at han ikkje kan stå oppreist i skipet.

Foto: PETTER BRENNI GULBRANDSEN/FORSVARET/PRIVAT

Den høgreiste 22-åringen frå Ålesund bestod alle testane for å jobbe som skipsteknikar om bord på det gamle kystvaktskipet KV Andenes. Men ingen kom på å måle om det var plass til han.

– På rekrutten er det er mykje press på at vi skal ha strak rygg og skuldrene bak. Vi skal vise stoltheit. Det ironiske då eg kom om bord i kystvakta var at det var fysisk umogleg, seier William Terøy.

William Terøy på kystvaktskip

På Snapchatbilde viser William Terøy kor lav dørkarmen på skipet er.

Foto: privat

Måtte stå bøygd

På grunn av koronasituasjonen var han aldri på sesjon, men i sjømannsattesten står det at han er 199 cm. I tillegg kjem skoa.

Høgda gjer at han ikkje kan stå oppreist i skipet. Han må anten stå bøygd eller legge hovudet på skakke.

Om bord i kystvaktskipet var det mange som spøkte om høgda hans, men Terøy forstod at han ikkje kunne gå slik eit heilt år. Då ville han fått nakkeproblem. Det utgjorde også ein risiko for tryggleiken om bord.

– Det blei eit ganske akutt problem, seier Terøy.

Han gjekk nokre dagar og grudde seg, før han tok det opp med ein leiar. Etter få dagar blei han sett i land.

Sjeldan problemstilling

 Michel Christian Hayes

Orlogskaptein Michel Christian Hayes seier at ingen er for høge for Forsvaret, men at ikkje alle stillingar passar for dei høgaste.

Foto: Forsvaret

Forsvaret seier at problemet til den 199 centimeter høge soldaten er svært uvanleg.

– Eg har ikkje høyrt om det før, så dette er ikkje eit stort problem hos oss, seier orlogskaptein Michel Christian Hayes i Sjøforsvaret.

Forsvaret har ingen generelle høgderestriksjonar, men enkelte stillingar er mindre eigna for høge soldatar. Då handlar det om at dei fysisk skal ha plass i ei vogn, passe til maskinar og system.

Burde ikkje problemet med høgda vore avdekt før Terøy mønstra på?

– Jo, det kan ein seie. Ein veldig høg person burde ha blitt oppdaga på førehand, seier Hayes. Koronarestriksjonar gjer at den rutinemessige samtalen etter rekruttskulen der slike problem hadde blitt avdekt, har blitt avlyst.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at gjennomsnittshøgda til norske sesjonspliktige menn i fjor var 180,6 cm.

Flytta til anna skip

Terøy er utdanna automatikar og har røykdykkarkurs. Han såg svart på korleis det skulle bli, men problemet fekk ei løysing. Forsvaret tok den bøygde nakken hans på alvor og flytta han over til eit nyare kystvaktskip. Før overflyttinga blei det gjort målingar med laser for å vere sikker på at 22-åringen skulle ha god nok plass på KV Barentshav. Her kan han stå oppreist med god margin.

– Eg trur det blir kjekt. Mange gruar seg til Forsvaret, men eg har gått og trippa sidan eg fekk vite at eg skulle inn. Eg gler meg til å kome inn i rutinane, seier 22-åringen, som heretter skal ha strak rygg og skuldrene bak.

William Terøy utanfor kystvaktskip

Wlliam Terøy går til eit skip der han kan stå oppreist. Han gler seg til eit år i Forsvaret.

Foto: privat