Hopp til innhold

Wikipedia skulda for plagiat

Det digitale, nynorske oppslagsverket allkunne.no skuldar Wikipedia for plagiat og systematisk, ulovleg bruk av stoff som dei har utgitt.

Skjermbilde av Wikipedia

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Foto: Aina Rødal / NRK

–Vi kan dokumentere at Wikipedia har publisert rein avskrift frå Allkunne. Dette er brot på norsk lov og må få fylgjer, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Skuldinga gjeld ein artikkel som er skriven av Per Halse om salmediktaren Arve Brunvoll, og det var forfattaren sjølv som avslørte plagiatet.

Allkunne skriv i ei pressemelding at dei publiserte artikkelen i september 2009. Artikkelen på Wikipedia blei første gong publisert i juni i 2010.

– Artikkelen til Halse er opphavsrettsleg verna og kan etter åndsverkslova ikkje nyttast av andre utan samtykke på førehand. Slikt samtykke er ikkje gitt, verken av Allkunne eller Halse, seier Rotevatn.

- Åndsverkslova krev at det skal opplysast om både opphavsmann og opphavleg utgivar/kjelde. Artiklane til Wikipedia inneheld inga slik form for kreditering.

Allkunne meiner å kunne dokumentere at Wikipedia systematisk brukar tekstar frå dei ulovleg, både gjennom direkte avskrift og ulovleg publisering.

- Vi reagerer sterkt på denne praksisen, seier Rotevatn.

Allkunne krev erstatning for ulovleg bruk og oppreising for ikkje-økonomisk skade på til saman 75 000 kroner, og at Wikipedia dekkjer alle sakskostnadene.