NRK Meny

Wiik Sørvik på 1.plass

Advokaten Steinar Wiik Sørvik frå Kristiansund er innstilt på 1. plass på stortingslista til Nordmørslista. Det vedtok eit samrøystes nominasjonsmøte tysdag kveld. Linda Jorunn Sandnes frå Tingvoll og Stig Anders Orvik frå Averøy står på 2. og 3. plass. Fleire politikarar har tidlegare trekt seg frå partiet i protest mot forslaget om å stille stortingsliste.

Steinar Wiik Sørvik
Foto: Knut Reitan / NRK