Warholm om sine nye livsstilsgrep: – No føler eg meg meir som ein 24-timarsutøvar

ULSTEINVIK (NRK): Aldri har det vore knytt så stor spenning til ein sesong på 400 meter hekk. Karsten Warholm har tatt søvn- og kosthaldsgrep for å stille endå betre førebudd enn tidlegare.

Karsten Warholm

MED HANDA PÅ RATTET: Karsten Warholm har hatt kjempesuksess dei siste sesongane, men har likevel tatt grep for å bli endå betre. Eit godt grep har han også på bobla han vann i Bislett Games i 2017, og som han stiller ut under «Karsten Warholm International». Søskenbarnet Henrik Warholm har brukt eit år på å få bilen i god stand.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

– Så langt går det veldig bra. Ernæringsfysiolog Charlotte Lund Abrahamsen lagar mat til meg. Og eg har blitt flinkare til å legge meg tidleg om kvelden. No føler eg meg meir som ein 24-timarsutøvar, seier Warholm til NRK når vi møter han i Ulsteinhallen før fredagens «Karsten Warholm International».

Ingen kan ta Warholm på noko som helst dei siste sesongane. Han vart verdsmeister på 400 meter hekk i 2017 og følgde opp med EM-tittel i same øving i fjor.

Men sesongen gav også ein spennande tvist.

Czech Republic Athletics Continental Cup

Abderrahman Samba har ein personleg rekord på 400 meter hekk som er 66 hundredelar betre enn Warholms.

Foto: Petr David Josek / AP

Abderrahman Samba frå Qatar dukka opp litt ut av ingenting og slo Warholm seks av seks gonger. På den andre sida av Atlanterhavet herja Rai Benjamin, som også fekk betre tider på 400 meter hekk enn Warholm.

– Det kjentest som eit naturleg grep å gjere dette framfor denne sesongen. Eg innser at eg ikkje er best lenger. Og då må eg ta konsekvensen av det. Eg hadde neppe tenkt slik om eg var åleine på toppen, seier ein dønn ærleg Karsten Warholm.

Usikker på effekten

Han er rett nok ikkje sikker på om grepa han har gjort nødvendigvis gjer han til ein betre friidrettsutøvar.

– Er det dette som skal til, eller er det fridommen eg har levd under før som har gjort meg god, undrar den snart 23 år gamle hekkeløparen.

ATHLETICS-EUROPEAN/

Pavel Maslák har fleire store merittar. Han vart mellom anna europameister på 400 meter i Helsinki i 2012-.

Foto: DOMINIC EBENBICHLER / Reuters

Den første testen på om hans nye liv fungerer får vi i Ulsteinhallen fredag, men då utan hekkar.

Warholm er heller inga novise på 400 meter flatt, men får sannsynleg verkeleg testa seg mot den tsjekkiske europa- og verdsmeisteren Pavel Maslák.

– Med omsyn til merittar og persar er han betre enn meg, men eg ser fram til utfordringa, varslar sunnmøringen.

Ventar tilskodarrekord

Det er klubben Warholm alltid har representert, Dimna IL, som saman med teamet rundt friidrettsesset står bak det ferske storstemnet.

Det er venta tilskodarrekord for friidrett i Ulsteinhallen, der utøvarar frå minst ti nasjonar kjem til å delta.

Karsten warholm

NY SESONG, NY SVEIS: Før «Karsten Warholm International» på heimebane i Ulsteinhallen har stylisten Jan Thomas tatt seg av sveisen til Karsten Warholm.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

– Vi har sett opp ekstratribunar i hallen, slik det blir mellom 1200 og 1400 tilskodarar. Men om vi hadde hatt moglegheita kunne vi selt endå fleire også. Dette må opplevast. I fleire av øvingane er det jo med utøvarar i verdsklasse, seier Arve Hatløy i Dimna IL.

Den dei fleste kjem for å sjå er sjølvsagt Dimna ILs eigen Karsten Warholm, men også fleire av dei andre norske profilane deltek, som Karoline Bjerkeli Grøvdal, Amalie Iuel og Hedda Hynne.

NB. Karsten Warholm International startar fredag klokka 18.15 og blir strøyma på nrk.no

Kathrin Rise og Arve Hatløy, Dimna IL

Kathrin Rise og Arve Hatløy i Dimna IL har hektiske dagar inn mot den aller første utgåva av «Karsten Warholm International».

Foto: Arne Flatin / NRK