Hopp til innhold

Warholm imponerte i sesongopninga på heimebane: – Inspirerande å ta ein slik skalp

ULSTEINVIK (NRK): Karsten Warholm knuste verdsmeisteren på 400 meter innandørs og tok ny nordisk rekord.

Karsten Warholm

TIL TOPPS: Karsten Warholm sluttar aldri å overraske. Allereie i sesongens første løp fekk han full klaff med siger og ny nordisk rekord.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Utklassing. Karsten var ingen sjølvskriven vinnar. Pavel Maslák kom ikkje hit for å kome på andreplass, sa NRK sin ekspertkommentator Sindre Buraas då Warholm kom i mål i sitt eige «Karsten Warholm International» i Ulsteinhallen.

Med tida 45,56 tok også Warholm ny norsk rekord på 400 meter innandørs med tre hundredelar. Dessutan var det ny nordisk rekord.

Karsten Warholm

SOLEKLAR SIGER: Om lag 1400 tilskodarar heia fram Karsten Warholm til ein overraskande komfortabel siger på 400 meter.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Fantastisk å ta denne rekorden. Dette betyr at eg er i god form. Og ekstra stas å vinne på heimebane. Det var som om taket løfta seg, strålte Karsten Warholm i samtale med NRK etter løpet.

Han la ikkje skjul på at han la ekstra stoltheit i å få til eit godt løp framfor «sine eigne».

Om lag 1400 tilskodarar var til stades i Ulsteinhallen fredag kveld, noko er svært bra til å vere eit innandørs friidrettsstemne i Norge.

Takka konkurrenten

karsten warholm, topp tre

TOPP TRE: Karsten Warholm omkransa av Pavel Maslák og Patrik Sorm, begge frå Tsjekkia, som vart nummer to og tre.

Foto: Arne Flatin / NRK

Pavel Maslák var regjerande verdsmeister innandørs på 400 meter og har også blitt europameister ute (2012). Warholm såg på seg sjølv som ein utfordrar til den tsjekkiske utøvaren før dette stemnet, men igjen slo altså sunnmøringen på stortromma.

Pavel Maslák enda eit hav bak på 47,10.

– Eg vil takke Pavel for at han tok seg tid til å kome opp hit. Han pusha meg bra i dag, og skal ha sin del av æra for mitt gode løp. Det er inspirerande å ta ein slik skalp, sa Karsten Warholm sjølv.

Dette var Warholm sin første konkurranse i 2019. Den no lyshåra 22-åringen har varsla at han har tatt grep innan søvn og kosthald før denne sesongen.

– Det kan ha gitt effekt, men ein skal ikkje undervurdere god trening. Eg trur det trumfar det meste, smiler Warholm.

Ikkje heilklaff

Også fleire av dei andre i norgestoppen i friidrett var på plass i Ulsteinhallen.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

GODKJENT: Karoline Bjerkeli Grøvdal fekk ei bra tid på 3000 meter. Her saman med Sunnmørspostens journalist Jarle Mordal.

Foto: Arne Flatin / NRK

Amalie Iuel vart nummer to på 400 meter med tida 55,01, eit stykke bak hennar eigen norske rekord på 52,52.

Norsk rekord vart det heller ikkje på Karoline Bjerkeli Grøvdal på 3000 meter, der ho fekk tida 8,52,79. Ho sa seg uansett greitt nøgd med løpet i etterkant.

For dei aller fleste var dette årets første stemne. VM i Qatar, som er målet til dei beste norske, startar ikkje før 27. september.

Karsten Warholm sitt neste løp går sannsynlegvis i Bærum om to veker. Då skal det vere nordisk landskamp.

PS. «Karsten Warholm International» vart avslutta med stafett over 4 x 200 meter. På det eine laget stilte spelarar med bakgrunn frå det lokale fotballaget Hødd. På det andre stilte Karsten Warholm og Wilson Kipketer, den danske verdsmeisteren på 800 meter. Sjølv om Warholm og Kipketer sprang to etappar kvar vann dei greitt.

Wilson Kipketer og Karsten Warholm

SHOW: Publikum sette stor pris på stafetten som vart vunne av «Team Warholm».

Foto: Arne Flatin / NRK