NRK Meny
Normal

Får strålande kritikk i utlandet, klar for Frankrike og Tyskland i 2014

Forfattar Alf Kjetil Walgermo får ros i Sverige og Danmark og blir satsa stort på i Tyskland. Slikt gjer ein nøktern sunnmøring glad.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo har gjort stor suksess med ungdomsromanen «Mitt bankande hjarte».

Foto: Tone Leksbø / Cappelen Damm

– Det er kjempeartig, opnar Walgermo – som er heime på Sjøholt i juleferien.

– Det er verkeleg moro at ei bok med handling frå – det som eg tenkjer på som – Sunnmøre får så gode kritikkar utanlands, seier forfattaren og journalisten vidare til NRK.

Den sjette boka til Walgermo, ungdomsromanen «Mitt Bankande Hjarte», har i haust og vinter blitt gjeve ut i fire land. I 2014 ventar fleire land – mellom anna Frankrike og Tyskland.

«Éin av dei beste»

I svenske Arbetarbladet meiner avisa sin kritikar at dette er «éin av dei beste ungdomsromanane denne hausten».

«Alf Kjetil Walgermo skildrar Amanda sine kjensler så overtydande og det er moro og sørgeleg om einannan», skriv den svenske avisa.

Boka til sunnmøringen handlar om ei 14 år gammal jente som er forelska, samstundes som ein farleg sjukdom trugar heile hennar eksistens.

– No har boka kome ut i Sverige, Danmark, Island og Nederland og fått veldig gode kritikkar. Kanskje spesielt i Sverige, seier Walgermo.

Men også i Danmark møter 36-åringen positive ord.

«Eit gripande og ettertenksamt eksempel på korleis det er når livet trekker i to heilt ulike retningar på same tid. Når glede og spenning kjemper med sorg og angst om plassen i eins hjarte, og når ein ikkje med sikkerheit kan vite, om livet snart er slutt eller like ved å starte.», skriv danske Weekendavisen sin kritikar.

Boka kom ut her til lands i 2011.

Blir satsa tungt på i Tyskland

Rett over nyttår skal ungdomsromanen ut i Frankrike, noko Walgermo ser fram til med spenning. Likevel er det tysk utgiving som kan bli det store i 2014.

– Den skal ut i Tyskland til sommaren, på eit stort forlag – Harry Potter-forlaget i Tyskland, forklarer forfattaren.

Det er forlaget Carlsen som skal gi ut boka i Europa sitt nest mest folkerike land.

– Dei har sagt at dei skal satse ganske tungt på boka mi. Dei skal ha den som eit marknadsføringstyngdepunkt, så det blir veldig spennande.

– Kva gjer slikt med ein sindig nordmann frå vesle Sunnmøre?

– Det er freistande å ta heilt av, men eg er nok litt for nøktern til det. Men eg gler meg til å sjå kva som skjer. Når eit stort forlag brukar litt musklar på marknadsføring, i ein så stor bokmarknad som Tyskland, så kan alt skje, trur Walgermo.

Han vil derimot ikkje ta noko som helst på forskot.

– Men det er i alle fall gøy, og litt stas for meg at dei vel å satse så bra på boka mi.

Nyleg tilsett kulturredaktør

Sjølv om boka rullar og går utanfor Noreg sine grenser, er det andre syslar som har stått øvst på timeplanen for sunnmøringen den siste tida. Vesle julaftan blei han nemleg tilsett som ny kulturredaktør i Vårt Land . Han går inn i stillinga rett over nyttår.

– Eg gler meg veldig til å vere kulturredaktør i ei stor, riksbreitt avis som Vårt Land er. Sjølv om det blir litt meir jobb enn som journalist, trur eg det skal vere tid til å skrive litt bøker på sida.

Walgermo har vore journalist i Vårt Land sidan 2003. Forfattargjerning og redaktørstilling vil han sjonglere på mjukast mogleg vis.

– Eg kjem ikkje til å legge bokskrivinga på hylla sjølv om eg blir kulturredaktør, seier han.

Til NRK fortel Walgermo at han for tida skriv på noveller som skal samlast i ein antologi saman med fleire andre forfattarar.

– Og så skriv eg på noko som forhåpentlegvis skal bli til ein ny roman. Det er sånn ein ikkje likar å prate for mykje om før det er i boks, men det blir jobba med, avsluttar 36-åringen frå Ørskog kommune.