Hopp til innhold

Vurderer tunnel i Herøy

Verdianalysen for Nerlandsøybrua i Herøy er klar. Brua har berre att ei levetid på fem-seks år og må erstattast. Representantar frå Herøy kommune og fylket har no hatt eit møte om verdianalysen. Dei summerer opp med at kryssinga av Vaulen skal skje på den eksisterande traseen og at det skal vere 20 meters seglingshøgd. Dessutan skal det utgreiast kor vidt ein kan erstatte brua med ein betongtunnel. Fylket skal no søke kompetansemiljø i Norge som skal gjennomføre utvida undersøkingar for å teste tunnelalternativet.

Nerlandsøybrua
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK