Hopp til innhold

Vurderer privat skule

I Sykkylven vil foreldra søke om å få opprette privat skule dersom Tandstad skule blir lagt ned. Måndag kjem saka opp i kommunestyret. Tove Marie Tandstad seier det er uaktuelt å flytte barna til den skulen kommunen vil dei skal gå på. Petter Lyshol frå Høgre meiner politikarane må ta omsyn til kommuneøkonomien medan ordførar Odd Jostein Drotninghaug frå Senterpartiet håpar å berge skulen.

Elevene ved Tandstad skule i Sykkylven
Foto: Hans Olav Landsverk / NRK