NRK Meny

Vurderer opning

Statens vegvesen vurderer no om dei skal opne fylkesvegen mellom Eidsdal og Geiranger. Vegen har vore stengt sidan onsdag kveld, då det gjekk eit 100 meter breitt snøskred over vegen, og skulle etter planen opne opp att i dag. – Vi har fått eit skredvarsel i området frå NVE, og må no undersøke om vegen er trygg nok til å opne, seier seksjonssjef Ole Jan Tønnesen.