Hopp til innhold

Ingen forsikring for «Remøy» etter 16 dagar i Murmansk

Det ufrivillige opphaldet i Murmansk kan bli dyrt for eigarane av reketrålaren «Remøy». Forsikringa dekkjer truleg ingenting.

Remøy holdt tilbake av FSB i Murmansk

Reketrålaren «Remøy» ligg framleis i Murmansk etter 16 dagar. Også fredag hadde norske styresmakter møte om situasjonen, utan at saka er løyst.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Det er 16 dagar sidan reketrålaren «Remøy» blei halden tilbake i Murmansk etter ein formalitetsfeil. Fiskeridirektoratet har vedgått at dei kryssa feil på eit skjema, og at dette først blei oppdaga i ettertid.

Reiarlaget har tidlegare meldt at dei taper ein halv million kroner dagleg, fordi dei ikkje kjem seg ut på fiske. Ifølgje forsikringsselskapet Møretrygd er ikkje selskapet forsikra mot denne typen inntektstap.

Bjørn Harald Bakke

Administrerande direktør Bjørn Harald Bakke i Møretrygd seier forsikringa ikkje dekkjer den situasjonen som «Remøy» er komen opp i.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dessverre, det vil det nok ikkje vere mogleg å gjere, for dette ser vi på som ein politisk risiko, og det er ikkje mogleg å forsikre seg mot, seier administrerande direktør Bjørn Harald Bakke i Møretrygd.

Selskapet forsikrar mesteparten av havfiskeflåten, og har aldri vore med på det som no skjer for «Remøy» i Murmansk.

Les også:

Ser ikkje bort frå erstatningskrav

I tillegg til dei tapte fangstinntektene, har russiske styresmakter kravd 90 millionar kroner i kausjon for å setje fri båten. Inga forsikring dekkjer slike hendingar.

Odd Kristian Dahle

Informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i Fiskebåt seier dei førebels ikkje har fokus på moglege erstatningssaker, men ser ikkje bort frå at dei vil vende seg til Fiskeridirektoratet når saka er løyst.

Foto: Pressefoto

Informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i Fiskebåt vil ikkje utdjupe saka, men avviser ikkje at det kan bli aktuelt å fremje eit erstatningskrav i etterkant av saka.

– Det er førebels ikkje noko tema. Fokuset no er å få båten fri, men det er direktoratet som har gjort ein feil. Eit eventuelt erstatningskrav vil vi kome tilbake til, seier Dahle.

Taper millionar

Eigarane av «Remøy» har tidlegare sagt at dei har tap på rundt ein halv million kroner dagleg så lenge reketrålaren blir halden tilbake. Etter 16 dagar inneber det rundt åtte millionar kroner.

– Ja, og vel så det, dette er eit berekna tap av potensiell fangst. Dersom dei hadde vore på sjøen kunne dei fiska reker for rundt ein halv million dagleg.

Har dei sjanse til å ta det inn igjen?

Kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet Olav Lekve

Kommunikasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet vil ikkje kommentere noko eventuelt erstatningskrav før saka er løyst.

Foto: Fiskeridirektoratet

– Nei, sesongen er avgrensa, så i alle fall ikkje alt. Dess raskare dei kjem ut, dess mindre blir tapet, men det er uansett snakk om store tap, seier Dahle.

Møte også fredag

Fredag har utanriksminister Børge Brende og representantar for Nærings- og fiskeridepartementet hatt møte med reiarlaget, Fiskebåt og ordføraren i Herøy, men saka er framleis ikkje løyst.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar til saka frå eigarane av «Remøy».

Kommunikasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet seier han ikkje vil uttale seg om noko eventuelt erstatningskrav før saka er løyst.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL