Hopp til innhold

Vurderer farenivået kontinuerleg

Sjefgeolog i NVE Lars Harald Blikra seier det kan bli aktuelt å oppgradere farenivået ved Mannen dersom hastigheita på rørslene i fjellpartiet aukar. Sjå dei spektakulære helikopterbileta.

Sjå dei spektakulære helikopterbileta frå Mannen.

Sjå dei spektakulære bilete frå fjellpartiet Mannen i Rauma. Foto: orangeaerial.

Høgare temperaturar og auka snøsmelting har igjen sett fart i det rasutsette partiet ved fjellet Mannen i Romsdalen. Tysdag melde NVE at dei hevar farenivået frå grønt til gult.

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE fortel at ei vidare heving av farenivået (frå gult til oransje) er avhengig av rørslene i den nedre delen av fjellpartiet.

– Rørslene treng ikkje å auke så mykje meir per døgn før vi vurderar å oppgradere farenivået, seier han.

Nedbør er avgjerande

Rørslene i det rasutsette partiet er no oppe i om lag 5 millimeter per dag. Det er likevel mykje mindre enn det som vart målt i oktober i fjor. Då var hastigheita oppe i nesten 70 millimeter i døgnet, og ein trudde lenge at skredet ville gå i løpet av eit par timar.

Mannen måling

Tabellen viser rørslene ved fjellpartiet det siste døgnet.

Foto: NVE

Blikra seier at det er vanskeleg å seie noko om korleis rørslene i fjellet vil utvikle seg vidare, men fortel at nedbørsmengda vil vere avgjerande.

– Nedbør og snøsmelting som følgje av stigande temperaturar bidreg til å auke rørslene. I dei komande dagane er det meldt både varmare vêr og regn, så det blir spennande å følgje utviklinga, seier han.

Det ustabile området ligg på 1100–1200 moh., og det er framleis mykje snø i området.

Overvakar rørslene

Geologane som overvakar Mannen kontrollerer no rørslene i fjellet hyppigare etter at NVE heva farenivået frå grønt til gult.

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog i NVE Lars Harald Blikra fortel at dei følgjer rørslene i Mannen nøye.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi følgjer utviklinga i fjellpartiet nøye og vurderer kontinuerleg om vi må oppgradere farenivået, seier Blikra.

Han vektlegger likevel at situasjonen så langt ikkje er dramatisk.

Geologane overvaker fjellpartiet med trekkstag i den øvre delen, ein radar som står nede i Romsdalen, og to seismiske sensurer som målar risting i fjellsida.

Rauma kommune har også invitert innbyggjarane i området inn til informasjonsmøte søndag 5. juli. Der får dei vite meir om skredfaren framover.

Mannen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL