Hopp til innhold

Vurderer bompengar på førehand

Det kan bli bompengar på ferjene mellom Molde-Vestnes og Solholmen-Mordalsvågen. Tidlegare har Midsund kommune sagt ja til at Vegvesenet kan utgreie førehandsinnkreving av bompengar, som skal gå til utbygging av Møreaksen. No har også Vestnes snudd og sagt ja, skriv rbnett.no. Dermed blir saka tatt opp igjen også i Molde. For Vestnes-Molde kan bompengane utgjere nesten 30 kroner for ein personbil og vel 100 kroner for eit vogntog.

Ferge Mordalsvågen over til Solholmen
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK