Tidlegare i dag blei det klart at Nila Håkedal sin skulderskade er så alvorleg at ho legg opp.
Les også:
250 reisedøgn i året
No kan det hende at også Ingrid Tørlen legg sandvolleyballen på hylla.
- Eg har ein kropp som fungerer godt, men eg må finne ut om eg har nok å gi. Dette treng eg litt tid til å tenkje på, seier Tørlen.
Men Tørlen er klar på at ho kan gi seg etter årets sesong.
- Det er veldig rart å tenke slik. Men eg må berre finne ut om eg villeg til å satse så mykje som eg gjer.
Sandvolleyball på toppnivå er tidkrevjande. Tørlen seier at dei har hatt opp mot 250 reisedøgn i året.
- Blir rart med ny makker
Tørlen og Håkedal har spelt ilag i åtte år. No kan det hende at Tørlen må vinne seg ein ny makker. Ålesundsjenta vedgår at det blir merkeleg.
- Det har berre vore Nila for meg. Men det er klart at det blir merkeleg å fortsette utan Nila, seier ho.
Ho vil ikkje seie noko om sjansane for at ho held fram.
- Uff, magefølelsen varierer frå time til time.