NRK Meny
Normal

Vurderer å få inn Kripos på nytt i Espås-saka

Sunnmøre politidistrikt vurderer å melde Espås-saka til den nye Cold Case-gruppa til Kripos.

Politimester Ingar Bøen Ålesund

VURDERER SAKA: Politimeister Ingar Bøen vurderer å melde Espås-saka til Cold Case-gruppa til Kripos.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Den saka er til vurdering, seier politimeister Ingar Bøen til Sunnmørsposten.

Trude Espås (20) blei valdtatt og drepen i Geiranger den 8. august i 1996. Etter å ha studert to år i Alta hadde Espås vore stuejente på Hotell Union i ei dryg veke då ho forsvann.

Aldri lagt vekk

Trude Espås

Trude Espås (20) blei valdtatt og drepen i Geiranger den 8. august i 1996. No vurderer Sunnmøre politidistrikt å melde saka til den nye Cold Case-gruppa til Kripos.

Foto: Privat / Scanpix

Det tok elleve dagar frå Trude Espås vart meldt sakna til liket vart funne. Ingen har vore formelt sikta for drapet, og Kripos har fleire gonger vore inne i saka.

Politimeister Bøen understrekar til Sunnmørsposten at Sunnmøre politidistrikt aldri har lagt vekk saka.

– Saka har vore aktivt etterforska heilt sidan drapet på Trude Espås. Den har aldri vore lagt vekk, seier Bøen.

Nye metodar

Espås-saka er ein av Noreg sine mest omtalte og mest omfattande kriminalsaker.

Fram til februar i år har 3062 vitne i 37 land blitt avhøyrt, 2420 rundspørjingar er gjennomført og 1900 tips har blitt registrert, ifølge VG.

Nye og forbetra metodar for DNA-analysar hjå Nasjonalt folkehelseinstitutt var avgjerande då ein person i førre veke vart arrestert og sikta for å ha drepe Kristin Juel Johannesen (12) den 5. august i 1999.

– Nye moglegheiter og metodar har dukka opp mange gonger i Espås-saka. Me har følgt med på utviklinga og gjort det me kan for å løyse saka, seier Bøen til Sunnmørsposten.

Vil unngå forhåpningar

Kommunikasjonssjef Anne Bye Sandal i Kripos vil unngå å gi forhåpningar i saker, og om den nye Cold Case-gruppa skal ta fatt på dei.

– Cold Case-gruppa blir oppretta i august. Først når gruppa konstituerer seg kan me seie noko meir konkret om kva saker den tar opp, seier Sandal til Sunnmørsposten.