NRK Meny

Vraksnuing i Hundeidvika

I Hundeidvika i Sykkylven er to båtar i gang med å forsøke å flytte på vraket av den russiske båten "Krasnoselsk", som gjekk ned 1. juledag i 2011. Den havarerte båten skal veltast rundt og dragast lenger ut slik at den ikkje hindrar bruk av kaia. Dersom operasjonen går etter planen blir "Krasnoselsk" liggande på 25–30 meters djupne.

Slepebåt driv med vraksnuing i Hundeidvik i Sykkylven
Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK