NRK Meny

Vonar på framhald i Middelhavet

Hovudeigar i reiarlaget Olympic, Stig Remøy, vonar regjeringa snur slik at skipet Olympic Commander får halde fram arbeidet med å handtere flyktningstraumen i Middelhavet. Både Frontex og opposisjonen på Stortinget ønskjer at skipet skal få halde fram verksemda si, skriv nettstaden Sysla.no. Kontrakten går ut 30. januar 2018. Regjeringa har så langt sagt nei til å vidareføre finansieringa av oppdraget.

Olympic Commander
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK