Hopp til innhold

Voldsom bilbrann i natt - mann redda seg ut i live

Ein mann kom uskadd frå ein voldsom bilbrann ved Drageskaret i Sande natt til søndag.

Bil i brann ved Drageskaret

Ein voldsom brann gjorde bilen ved Drageskaret i Sande totalskadd etter kort tid.

Foto: Erlend Vikene

Det var eit dramatisk syn som møtte bilistane ved Drageskaret i Sande i 01.30-tida natt til søndag. For bilbrannen utvikla seg i løpet av svært kort tid slik at flammane slukte den svarte BMWen, og røyken sto høgt til vers.

- Det såg voldsomt ut og var ingen kjekk hending, men ikkje særleg dramatisk. Det var berre å gå ut og halde god avstand, seier bileigaren til NRK Møre og Romsdal søndag formiddag.

Såg røyk frå panseret

Mannen, som har hytte i området, seier han såg røyk frå panseret, og difor stoppa. Då han opna var det fyr i motoren.

- Slikt er ikkje råd å sløkke, så det var berre å ringe brannvesenet, seier mannen, som til dagleg bur i bergensområdet.

- Vanskeleg å sløkkje

Brannvesenet kom raskt til staden, men då flammane hadde gjort frå seg, var bilen totalt utbrend. Dei stadfestar at det er vanskeleg å sløkkje ein bilbrann.

– Det å sløkke ein bil er noko av det vanskelegaste som finst. Vi kjem oss ikkje inn for å opne bilen, og må gjere det utanfrå, og det er vanskeleg og tidkrevjande, seier operatør ved 110-sentralen, Åge Henriksen.

Begynte å brenne under køyring

Bil i brann ved Drageskaret

Då brannen var sløkt sto berre skalet av bilen igjen.

Foto: Erlend Vikene

Ifølgje politiet oppdaga mannen bak rattet at det begynte å brenne medan han køyrde.

– Han merka at bilen dabba av under køyringa, og så begynte det å brenne. Dette utvikla seg vidare, men han hadde ikkje problem med å kome seg ut, seier operasjonsleiar Terje Lingås ved Sunnmøre politidistrikt.

Ifølgje brannvesenet blei brannen meldt klokka 1.20, etter seks minutt var brannvesenet på staden, og 20 minutt etter var bilen sløkt og totalt utbrend.

Aldri sett noko liknande

Erlend Vikene bur like ved, og kom til staden etter kort tid. Det såg dramatisk ut.

– Bilen sto i full fyr, då brannen var over sto berre motoren igjen, seier Vikene. Han har aldri sett noko liknande før og seier røyken sto langt til vers.

– Dersom det hadde vore folk inni der hadde det aldri gått bra, konstaterer Vikene.

Den svarte BMWen skal vere ein 2007-modell, opplyser politiet.

Bil i brann ved Drageskaret

Brannvesenet var på plass etter få minutt, men brukte 20 minutt på å sløkke.

Foto: Erlend Vikene