NRK Meny

Voldastudentar best

Allmennlærarstudentar i Volda er best i landet når det gjeld å bli ferdig med studiene til planlagt tid. Det viser ein rapport frå Kunnskapsdepartementet. 70 prosent av studentane som starta på utdanninga ved Høgskulen i Volda i 2009 fullførte utdanninga på fire år. På landsplan greidde 50 prosent av studentane å bli ferdige på fire år.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda
Foto: Høgskulen i Volda