Hopp til innhold

Volda-student omkom i ulykke

Det var 20 år gamle Astri Brandal Reynolds frå Nesodden i Akershus som omkom i speedglider-ulukka i Loen søndag. Ho studerte friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Per Halse, direktør ved Høgskulen, seier at dei allereie i går hadde ei samling for dei næraste studievennane til Reynolds. Der deltok også tilsette ved høgskulen, helsepersonell, prest og kriseteamet i kommunen. Halse vektlegg at dei prøver å vareta medstudentane på best mogleg måte. – Det er veldig viktig å kunne vere i lag når noko så tragisk hender. Det er både sjokk og eit enormt tap, seier han.