- Dramatisk situasjon
Driftsleiar Rune Paulsen og resten av serviceteamet på sju personar, vil trekke seg frå verva viss ikkje politikarane snur.
Situasjonen er dramatisk, seier styreleiar i skisenteret, John Gunnar Bjørkedal.
- Driftsteama har sagt at det ikkje blir aktuelt å halde fram dersom vi ikkje får på plass pengane. Dei føler at dei gjer ein stor jobb på dugnad og forlanger vel at eigarane skal vere med å støtte dei, seier Bjørkedal.
Politisk drakamp
Formannskapet var delt i saka, som kjem opp i kommunestyret torsdag.
Kommuneadministrasjonen har tilrådd at kommunen bevilgar pengane som trengs for å gjennomføre lovpålagte utbetringar som må på plass før neste sesong.
Alternativet er å finansiere dette med private lån, noko som kan sette ein stoppar for andre naudsynte investeringar.
Bankane skeptiske
Bankane er skeptiske og derfor er det viktig at eigarane støtter oss, seier styreleiar John Gunnar Bjørkedal.
Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland(Sp)
Kommunen er største eigar i skisenteret med 25 prosent og førstkomande torsdag skal kommunestyret ta endeleg stilling til om dei vil sette av pengane.
Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland er blant dei som vil at kommunen skal støtte skisenteret og håpar at ho får med seg resten av kommunestyret.