Hopp til innhold

Ordførar fekk vaksine i forbifarten – ville ikkje risikere overtid

På slutten av arbeidsdagen hadde vaksine-teamet i Volda fire ubrukte dosar. Då gjekk dei på rådhuset framfor ringe etter prioriteringslista.

Sølvi Dimmen, Facebook-inlegg

Dette innlegget la Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) ut på den private Facebook-profilen sin, etter at ho fekk vaksine.

Foto: Skjermdump

Måndag gjorde Volda kommune klar AstraZeneca-vaksine til hundre innbyggarar.

Dei kalla inn seks fleire enn dei trudde dei hadde vaksine til, men nøye dosering gjorde at dei sat att med fire ekstra dosar etter kl. 15.

– Det var på slutten av dagen og vi hadde vaksinert i fleire timar. Eg tenkte at folk må få kome seg heim etter jobb og ønska å sette vaksinane fort, seier vaksinekoordinator Toril Høidal til Nærnett, nettavisa til journalistutdanninga i Volda som først omtalte saka.

– Var heilt tilfeldig

Ho gjekk dermed inn på rådhuset for å hanke inn fire frivillige. Ein av dei var tilfeldigvis ordførar Sølvi Dimmen (Sp), som raskt sa ja til å få vaksinen.

– Eg blei veldig overraska, men tenkte at ein må stille opp for fellesskapet, for ein kan ikkje kaste noko, seier Dimmen til NRK.

Sølvi Dimmen

Ordførar Sølvi Dimmen skulle akkurat gjere seg ferdig på kontoret då ho fekk spørsmål om å ta AstraZeneca-vaksinen.

Foto: Synnøve Hole

FHI er tydelege på at ein må kalle inn folk frå reservelista viss det blir dosar att på slutten av dagen.

– Ein kan ikkje legge opp til å vaksinere tilfeldige ordførarar som ruslar forbi, seier overlege i FHI, Preben Aavitsland, til Nærnett.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet meiner retningslinene er klare for kven som skal få vaksine no. Det er eldre, sjuke og helsepersonell.

Foto: Tor Erik Schrøder

Til NRK er han klar på at dette er eit brot på retningslinene om at det er dei eldre, sjuke og helsepersonell som skal prioriterast. Det er også ordføraren samd i.

– Ein ordførar står jo ikkje på noko slags prioriteringsliste. Eg har ein far på 80 år, og eg tenker det er heilt sprøtt at eg får vaksine når han ikkje har fått den, seier Dimmen.

Vurderte fleire alternativ

Vaksinekoordinator i Volda, Toril Høidal, ville ikkje snakke med NRK, men viser til ei pressemelding dei har lagt ut på kommunen si nettside, der det blant anna står:

«Som kjent har det vore svært krevjande tider for helsepersonell og mange har strekt seg langt for å utføre ekstra arbeidsoppgåver knytt til pandemien».

På måndag var det berre tilråda å gje AstraZeneca til personar opptil 64 år.

Kommunen skriv at dei vurderte å ringe personar som står oppført på reservelista, å kaste vaksinedosane eller å finne fire personar i rett aldersgruppe som kunne få sett vaksinen med ein gang.

Tidlegare på dagen kalla dei inn frå reservelista, men erfarte at folk brukte langt tid på å ta seg til vaksinasjonslokalet. Derfor gjekk dei rett bort på rådhuset på leit etter folk.

Et glass med AstraZeneca-vaksinen på et vaksinasjonssenter i Roma.

AstraZeneca-vaksinen blei først tilråda for alle mellom 18 og 64 år i Noreg, men frå tysdag av også dei eldste. Dosane har berre nokre timar haldbarheit når dei er opna.

Foto: Cecilia Fabiano / AP

Forventar at dei tar lærdom

– Vi forstår at ein i kommunane må ta raske avgjersler viss ein risikerer å måtte kaste dosar. I dette høvet var betre at nokon blei vaksinert enn at dosane blei kasta, skriv Preben Aavitsland i FHI til NRK.

Det er Fylkeslegen i Møre og Romsdal er samd i. Dei meiner også at kommunen bør planlegge for alle dosane dei kan klare å trekke opp, slik at dei klarer å følgje prioritert rekkefølge.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen ser at denne situasjon kan fremstå uheldig og skape misnøye. Ho forventar at kommunen tar lærdom og brukar erfaringa når dei planlegger i framtida.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Vi forventar at dei organiserer seg slik at det ikkje er tidsnød hos dei tilsette som styrar, skriv fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Ordføraren er tydeleg på at alle som får tilbod om vaksine skal ta imot det, men håpar dei kan unngå liknande situasjonar. Hendinga blir tatt opp i møte i kriseleiinga.

– Det er ein situasjon som ein skaffar seg erfaring frå, så eg tenkjer ikkje vil oppstå igjen, seier Dimmen.