Hopp til innhold

Volda opnar fotballhallen sin

Endeleg opnar Volda sin nye fotballhal. Ein hall til rundt 16 millionar kroner som har det aller meste. Mørehallen er om lag dobbelt så dyr som fleire andre slike hallar i distriktet.

Ny fotballhall i Volda

Leiaren for byggenemnda, Johann Roppen, er i strålande humør i dag. Skulle berre mangle. No vert Mørehallen offisielt opna. Ein hall som verkeleg vert voldafotballen si nye storstove i vinterhalvåret. Her er det ingen som skal fryse og det er god plass i hallen.

Den offisielle opninga er fredag ettermiddag og ramma rundt det er 4.divisjonskampen mellom Volda og Ørsta, som rett nok ikkje skal skje i hallen, men på den store kunstgrasbana like ved.

Leif-Tore Telseth og Johann Roppen i byggenemnda

Leif-Tore Telseth (t.v) og Johann Roppen i byggenemnda.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Dette er ei investering ikkje berre for barna våre, men også barnebarna. Om 50 år ser vi resultatet av dette når Volda minst spelar i Eliteserien i fotball, ler Roppen.

Viktig hall

Anlegg er ofte ein viktig føresetnad for å utvikle både topp og breidde i lokale fotballklubbar. Med denne hallen på plass har Volda tatt eit viktig steg. Frå før er klubben blant dei største på FFO (fotballfritidsordning) og har mange lag med i aldersbestemte klasser. Dei to kunstgrasbanene utandørs vert sjølsagt framleis flittig brukte, men særleg om vinteren og seinhausten vert fotballhallen gull verd for trivsel og interesse.

Volda reknar med ein auke i aktiviteten som følgje av den nye hallen. Det er berre eit års tid sidan Ørsta fekk sin fotballhall, så no har dei to naboane allereie planar om felles turneringar der begge hallane vert tekne i bruk.

Mørehallen

Mørehallen innvendig.

Foto: Arne Flatin / NRK