NRK Meny
Normal

Volda kjem med frieri til Ørsta

Om to år kan Ørsta og Volda vere ein kommune. Rådmannen i Volda foreslår at kommunestyret inviterer nabokommunen til planlegging av ei samanslåing.

Volda og Ørsta

Volda og Ørsta kan bli slått saman til ein kommune.

Foto: Fotomontasje:Terje Reite/ Nelly Perdy Øye

Arbeidet med å vurdere om dei to kommuane Volda og Ørsta skal slå seg saman har allereie pågått i mange år, lenge før kommunereforma. Blant innbyggjarane viser undersøkingar i fjor at det er stor oppslutning om å slå saman dei to kommunane.

I dag får kommunestyrepolitikarane i Volda utdelt sakspapira, der rådmannen foreslår at dei skal sende eit frieri til Ørsta om å utarbeide ein plan for samanslåing.

– Det viktigaste no er å legge eit grunnlag for ei folkerøysting, seier rådmann Rune Sjurgard.

Dersom dei to kommunestyra gjer sine vedtak om å sette i gang planlegginga, er planen å halde ei folkeavrøysting våren 2016. Først i juni 2016 skal dei to kommunestyra avgjere om samanslåing vert ein realitet.

Volda og Ørsta har til saman 20.000 innbyggjarar.