NRK Meny
Normal

Volda får asylmottak

Link får drive asylmottak med 120 plassar i Volda.

Volda stadion

Leiteland camping ved Volda stadion blir no vertskap for asylmottaket i Volda.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Forhandlingane mellom Utlendingsdirektoratet og driftsselskapet Link er ferdige, og berre det formelle står igjen.

Det seier Berit Tyldum i UDI Midt-Noreg til nettstaden Nærnett.

Dei to andre tilbydarane i Møre og Romsdal er ikkje ferdigforhandla, men blir ferdig i løpet av veka, i følge UDI.

I Molde og Ørskog kommune er det dermed framleis usikkert om det blir asylmottak i denne omgang.