Volda Handball klare for 1. divisjon

Damelaget til Volda Handball er klare for 1. divisjonsspel neste sesong. Det er klart etter at dei slo Jotun 36-20 og Bravo 26-21 i Tromsø i dag.

Volda handball

JUBEL: Stor jubel i laget etter at opprykket var klart.

Foto: André Kragset

– No skal vi ut og feire, seier ein veldig glad Arild Bakke i Volda Handball til NRK etter at opprykket er eit faktum.

Einvegskøyring

Arild Bakke, Volda Handball

KLAR: Arild Bakke har vore med på satsinga til Volda Handball sidan dei bestemte seg for å bli eit topplag i 2004.

Foto: Arne Flatin / NRK

Første kampen i kvalifiseringa, mot heimelaget Bravo, var spennande. Men Volda Handball vann til slutt klart 26-21. I siste kampen var det derimot ikkje tvil.

– Det var einvegskøyring frå start til mål denne siste kampen mot Jotun. Det var ikkje tvil. Vi var heilt overlegne, seier leiaren i Volda Handball, Arild Bakke til NRK.

Han er overraska over at dei slo laget heile 36-20.

– Vi hadde ikkje trudd dette skulle gå så lett, seier han.

Volda Handball opprykk

GLEDE: Jubel på sidelinja under kvalifiseringa i Tromsø.

Foto: Ove Krumsvik/Volda Handball

Målretta

Volda har hatt ei målretta satsing på handball sidan dei hadde eit møte med handballmiljøet i Ørsta på Ivar Aasen-tunet i 2004.

– Då bestemte vi oss for at dei skulle ta herrehandballen, og vi damehandballen. Den gongen låg damelaget til Volda midt på tabellen i 3. divisjon.

Sidan den gong har Volda Handball sin økonomi blitt ti gongar større, og neste år blir det altså spel i 1. divisjon for klubben.

– Målet er at vi skal hevde oss i toppen, der også, seier ein ambisiøs leiar i klubben, Arild Bakke.

Volda Handball

KLART: Då er det klart. Neste år spelar denne gjengen i 1. divisjon.

Foto: Ove Krumsvik/Volda Handball

Trenarkonflikt

Volda handball fekk ein dårleg start på førebuingane til kvalifiseringsspelet om opprykk. Midt i oppkøyringa, skreiv trenaren, islandske Alfred Örn Finnson, under kontrakt med Storhamar Elite.

Les: – Det har vore ein uryddig prossess

– Vi rydda raskt unna denne konflikten. Både spelarane og trenaren har vore veldig fokuserte på det som skulle skje i dag, seier Bakke.

Og trenaren for neste sesong er alt på plass. Også denne gongen skal Volda-damene bli leia av ein mann frå sagaøya. Kristinn Gudmundsson har skrive kontrakt for tre sesongar.

– Vi har veldig stor tru på han. Også etter at vi har skrive under kontrakta har vi fått mange tilbakemeldingar på at han er ein fin person, seier Bakke.

Dei skal no styrke stallen fram til neste sesong.

– Vi treng nok nokre få nye spelarar. Men grunnstammen i laget er god nok til å hevde seg i 1. divisjon, seier han til NRK.