Hopp til innhold

Slutt for Voksi-posen

Bodil Korshamn sel Voksi-konseptet, som blir flagga ut til Estland. Tolv tilsette i firmaet Ullkorga i Rindal mistar jobben.

Voksi-posen
Foto: Ullkorga

Den populære Voksi-posen som blir brukt av ungar i barnevogner, har ikkje vore lønsam dei siste åra.

For dyrt

Barnestolprodusenten HTS Hans Torgersen & Sønn i Buskerud tek no over produksjonen. Konseptskapar Bodil Korshamn seier det blei for dyrt å produsere i Rindal:

- Vi er så låst økonomisk for tida, at vi verken finn folk eller pengar til prosjektet i Rindal.

 

Bodil Korshamn
Foto: Ullkorga

 

Utlandet

Voksi-posen har fått fleire prisar her i landet. Konseptet skal etter salet bli vidareført og lansert i utlandet:

- Eg merkar veldig godt pågangen frå utlandet no. Dei vil ha posen, spesielt i Tyskland.Og om vi ikkje får ut produktet no, så går toget. Då er eg redd Voksi blir tapar og forsvinn heilt. Men vi greier altså ikkje å få til dette frå Rindal, seier ei vemodig Bodil Korshamn.