To personar er komne ut av tunnelen. Dei skal ha vore førar og passasjer i køyretøyet som brann, melder politiet.
Dei skal ha berga seg ut i kvar si side av tunnelen. Den eine er sendt til Kristiansund sjukehus med moderate røykskadar, mens den andre skal vere uskadd.
Klokka 10.50 melder politiet at brannen er sløkt, og at det ikkje ha vore fleire personar i tunnelen.
Ein kunne sjå svart røyk ut frå opninga mot Batnfjorden. Føraren og passasjeren i septikbilen rømte ut av kvar si ende.
Foto: Odd Steinar BjerkesetTo vogntog i tunnelen
– Det er svart røyk utifrå tunnelopninga ut mot Batnfjorden, opplyste operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Leir Arne Mork, like før kl. 10.
Øyvind Kvalvaag er innsatsleiar i politiet.
Foto: Tore Ellingseter / NRKBrannårsaka er førebels ukjent.
– Brann i tunnel er ein ting vi tar på høgste alvor, så difor blei det sendt store ressursar. Vi tenkjer at det er ei potensielt alvorleg melding som kan føre til store skadar, seier operasjonsleiar i politiet, Øyvind Kvalvaag.
– Heldigvis var ikkje omfanget så dramatisk som ein i utgangspunktet kunne få inntrykk av.
Kvalvaag fortel at det også skal ha vore eit vogntog til inne i tunnelen. Sjåføren av dette vogntoget klarte å rygge ut for eigen maskin når dei oppdaga at det brann i septikbilen.
Politiet melde om brann i tunnelen like etter klokka 10 fredag.
Foto: Tore Ellingseter / NRKSkal undersøke skadar
Politiet trur tunnelen blir stengd heile dagen. Ein geolog skal sjekke om det er skadar på tunnelen, og bilbergingsbil skal kome frå Vestnes.
Omkøyringsmoglegheitene er via gamle E39.
Høgsettunnelen er ca. 700 meter lang og blei opna i 2013.
Gjemnes ligg i Møre og Romsdal.