NRK Meny
Normal

Vogntog hamna i grøfta

Eit vogntog har køyrt av vegen ved Bjørkedalsvatnet i Volda.

Vogntog i grøfta

Vogntoget hamna utfor vegen på det glatte føret i Stigedalen fredag.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Politiet fekk melding om utforkøyringa like før klokka 09.00 fredag.

Vogntoget har mist festet på det glatte føret og hamna i grøfta.

Operasjonsleiar, Trygve Ødegård, ved Sunnmøre politidistrikt fortel at sjåføren, ein mann i 30-åra, kom frå det heile utan store fysiske skadar.

– Sjåføren av vogntoget er lettare skadd og vart henta av ambulanse.

Vogntoget ligg i grøfta, og vegen er dermed open.

– Men det er glatte vegar der, åtvarar politiet.

Laster Twitter-innhold
Laster kart, vennligst vent...