VM: Håper på finaleplass for Kari

Målet hennar er å kome til finalen, så det håper vi på også. Det seier søskena til Kari Vikhagen Gjeitnes like før starten i sprinten i Falun. Familien følgjer løpet frå sidelinja og er svært spenge.

Familien Gjeitnes i Falun

Lasse og Randi Vikhagen Gjeitnes syns det er spennande å følgje storesøstra under VM.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Familien Gjeitnes

Foreldra Gunvor og Konrad Gjeitnes saman med resten av heiagjengen i Falun.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Ho er nok i si eiga boble. Alt kan skje, vi håper på at det ikkje skjer uhell eller stavbrekk eller slikt, seier Konrad Gjeitnes.

Han og resten av familien reiste frå Skåla i går og kom fram til Falun etter nærare ti timar i bil. Men dei er ikkje i tvil om at der er verd turen.

– Dette er noko av det største ho har opplevd i skisporet, seier Gunvor Gjeitnes.

– Det er nervepirrande å følgje med. Dette er noko ho har tenkt på det siste året, så eg unner henne verkeleg at ho får gjere det godt i dag.

VM på ski

Går i siste heat

Først under verdscuprennet i Östersund sist helg blei det klart at Moldejenta hadde VM-billett.

Vi veit kva som ligg bak, så vi blir veldig rørt. Det har vore sånn nesten lenge, så det er stas å sjå at ho lukkast, seier Randi Gjeitnes. Også ho og broren Lasse er på plass for å følgje storesøstra.

– Det er kjempeststas, dette er det store målet, og no når ho har gått så bra, så blir det ekstra spennande, seier han.

Under sprinten går ho i siste heat. Det er ikkje nødvendigvis ein fordel, men familien er postive.

– Ho får lengst ventetid før start og kortast tid fram til eventuelt seminfinale, men vi håper ho når målet sitt om finaleplass, seier faren.

–Vi veit at ho er i god form og alt kan skje. Ho håper sjølv på finaleplass, så det gjer vi og. Og det hadde jo vore stas med ein medalje, meiner søskena.