Hopp til innhold

Gjeitnes på femteplass: – Det beste Kari har gjort

Foreldra og den tidlegare trenaren strålar over at Kari Vikhagen Gjeitnes tok ein femteplass under sprinten i Falun. På førehand hadde VM- debutanten håp om finaleplass.

Foreldra og tidlegare trenar til Kari Vikhagen Gjeitnes

Konrad Gjeitnes, Kjell Olav Stømsøyen og Gudrun Gjeitnes

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Alt var bonus etter at ho kom til finalen, seier mor Gudrun Gjeitnes.

Gjeitnes stilte til start som ein av fire norske i finalen. Norge sikra seg to medaljar i sprinten, då Marit Bjørgen tok gullet og Maiken Caspersen Falla tok bronse.

Kari Gjeitnes Vikhagen

Kari Gjeitnes Vikhagen under VM i Falun.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det var først under verdscuprennet i Östersund sist helg at det blei klart at Gjeitnes hadde VM-billett.

Imponerte gamletrenaren

Dei og søskena til Kari har følgt sprinten frå sidelinja. Dei kom frå Skåla til Falun onsdag etter ti timar i bil.

– Vi er fornøgde, seier far Konrad.

– Dette var ei oppleving!

Også tidlegare trenar Kjell Olav Strømsøyen var på plass i løypa. Han er imponert over den tidlegare eleven sin.

– Dette var imponerande av Kari, det beste ho har gjort, seier han.

Foreldra seier dei så langt ikkje har tenkt på feiring, men ein ting er heilt klart:

– Vi veit ikkje kor tid vi treff henne, men då skal ho få ein stor klem, seier mor Gudrun.

Sjå heile finaleløpet her:

Komm.: Jann Post og Torgeir Bjørn.