Hopp til innhold

VM-sølv til norsk duo

Martin Helseth og Oscar S. Helvig rodde seg inn til ein andreplass og tok sølv under U23-VM i Bulgaria søndag.

Martin Helseth og Oscar S. Helvig på U23-EM i Bulgaria

Martin Helseth og Oscar S. Helvig tok sølv under U23-VM i Bulgaria.

Foto: Norges Roforbund

Martin Helseth (21) frå Ålesund roklubb og Oscar S. Helvig, frå Norsk Studenters Roklubb, rodde inn til nest beste tid under finalen i U23-VM i Bulgaria søndag.

Den norske dobbeltsculleren kom i mål litt under to sekund etter vinnaren Tyskland, og sikra seg dermed ei sølvmedalje.

– Akkurat no er eg veldig letta. Vi hadde eit håp om medalje, og det gjekk over all forventning, seier Helseth til NRK.no etter finalen.

– Forma var bra og alt gjekk etter planen, held han fram.

OL i sikte?

Også under semifinalane imponerte duoen frå Noreg. Då rodde dei først over målstreken, 1.35 sekund framfor Nederland og 5.44 sekund framfor Spania.

 Martin Helseth og Oscar S. Helvig U23-EM i Bulgaria

Martin Helseth og Oscar S. Helvig på U23-VM i Bulgaria.

Foto: Norges Roforbund

Sjur Øyen i Norges Roforbun seier at innsatsen til dei to er imponerande.

– Ein andreplass i eit U23-VM er ei kjempesterk plassering. No blir det veldig spennande å sjå korleis dei gjer det i VM. Dersom dei klarer å prestere der ligg dei godt an til å kvalifisere seg til OL, seier han.

Helseth fortel at han allereie jobbar målretta mot neste målsetjing.

– No skal eg ut å feire med familien og så blir det tilbake til treninga. VM er neste mål, og det gler eg meg til, seier han.

Imponerande 8.-plass

Men det er ikkje berre Martin Helseth som imponerte under U23-VM i Bulgaria. Også veslesøster Thea Helseth vekte oppsikt.

Thea Helset på U23 EM

Thea Helseth imponerte i sin debuten som seniorroar.

Foto: Gaute J. Tjøm/Norges Roforbund

Laurdag rodde 19 år gamle Thea seg inn til ein 5.-plass under semifinalen i singlesculler for kvinner, og var dermed klar for B- finale søndag.

Der rodde ho inn til ein sterk andre plass om lag to sekund bak Yue Zhou frå Kina på første. Det resulterte i ein 8.-plass totalt.

– Ein 8.-plass høyrast kanskje ikkje imponerande ut, men dersom ein ser det i samanheng med at dette var debuten hennar som seniorroar, så har prestasjonen til Thea har vore fantastisk. Det blir spennande å følgje utviklinga hennar, seier Øyen.

Og ifølgje storebror var også Thea sjølv fornøgd etter løpet.

– Ho var veldig glad og fornøgd med innsatsen sin. Det er ikkje dårleg med ein 8.-plass i sitt første seniormeisterskap, seier Martin Helseth.