Hopp til innhold

VM i boogie-woogie i gang i Molde

–14 nasjonar og meir enn 140 dansarar har i dag - bokstaveleg talt - vore i sving i Molde i dag. Byen er vertskap for noko så sjeldant som ein verdsmeisterskap, og det i idretten boogie-woogie.

Lokale håp under VM i boogie-woogie

Stine Bolsønes og Adrian Ulleland er eitt av dei lokale para som er i aksjon under konkurransen i Molde.

Foto: Janncike Farstad / NRK

Vm i boogie-woogie i Molde

To av para i dei innleiiande rundane laurdag føremiddag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det er Molde Swing- og Rockeklubb som står for arrangementet. Dei innleiande rundane for juniorar og seniorar var i gang laurdag morgon, før opninga og seminfianlane stod for tur.

Opning av VM i boogie-woogie i Molde.

Sjå video frå opningsseremonien her.

Norge stiller sterkt med mellom andre regjerande verdsmeister Torbjørn Solvoll Urskog på parketten med ny dansepartner. Men også fleire andre par på senior og juniornivå kan kome til å hevde seg heilt i teten.


–Elskar å danse!

Stine Bolsønes og Adrian Ulleland

Stine Bolsønes og Adrian Ulleland før seminfinalene.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Stine Bolsønes og Adrian Ulleland dansar begge for arrangørklubben. Dei kom til slutt på ein sjetteplass etter å ha tatt seg vidare til finalen for juniorar.

- Eg elskar å danse, det er superartig og passer perfekt for meg, seier Stine Bolsønes.

Dei har dansa i fleire konkurransar før, og var mellom anna i Italia i sommar. Men sjølv om konkurransane er spennande, har det vore ganske mykje trening for dei to, særleg i det siste.

–Det har vore fire treningar i veka, to med dans og to med uthaldenheit, seier Adrian Ulleland.

Men trass i mykje trening seier også han at dette er noko han slett ikkje vil vere utan.

–Nokre gongar kan det vere tungt å halde på, men når du kjem til konkurransar og treff venner og dansarar frå andre land, så er det veldig morsomt, seier Ulleland.

Trenar 30 timar i veka

Sissel Mehren frå Molde Svwing- og Rockeklubb

Sissel Myren er ein av prosjektleiarane til Molde Swing- og Rockeklubb.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Med god stemning og blide deltakarar, er arrangøren så langt fornøgd. Men om stemninga er viktig, er nivået høg og utøvarane topp trent, seier Sissel Myren, som er ein av dei prosjektansvarlege for verdsmeisterskapen.

-Fleire av dei som er ute på golvet no trenar over 30 timar i veka, så dette er toppidrett, absolutt. Det ser artig ut, men det er også alvor for dei som deltar seier Myren til NRK.

–Sjølv om dei er harde konkurrentar er dei også støttespelarar for kvarandre, så det er god stemning, seier Mehren.

Har jobba lenge for å få det til

Så langt har det vore både spennande og hektisk for Myren og dei andre å stå som arrangør av eit VM. Klubben har jobba lenge for å få konkurransen til heimbyen.

Laurdag var mellom 30 og 40 eldsjeler frå klubben i sving for å halde hjula i gang under konkurransen. Med erfaring frå NM i bagasjen, fekk dei støtte frå fleire hald då dei søkte om å bli VM-arrangør.

–Vi fekk hjelp av eit par internasjonale dommarar som såg den jobben vi har gjort under eit par NM, og som syns det var bra. Så dermed fekk vi lov å arrangere konkurransen, seier Myren.