NRK Meny
Normal

– Ho kan ha vore rusa på anna enn alkohol

– Kvinna kan ha vore rusa på noko anna enn alkohol på slutten av kvelden, sa eit vitne i valdtektssaka i Ålesund. Vitnet såg den fornærma og éin av dei tiltalte i saka forlate utestaden i Ålesund saman.

Rettssak Sunnmøre tingrett

Vitne og politiet forklarte seg i dag, under tredje dag i valdtektssaka i Ålesund.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Mannen er dørvakt på utestaden, og vart i løpet av kvelden introdusert for kvinna av ein kamerat. I retten onsdag fortalde han at kvinna var brisen då ho kom til utestaden, men at ho ikkje var rusa nok til at dei vurderte å nekte ho å sleppe inn.

Seinare på kvelden endra det seg, og dørvakta trur ho kan ha vore rusa på noko anna då kvelden nærma seg slutten.

Det er to menn som er tiltalte i saka som går for retten i Ålesund denne veka. Begge dei to tiltalte kom til Noreg som asylsøkjarar, og risikerer no 21 år i fengsel om dei blir dømde.

Ingen av dei to vedgjekk straffskuld då rettssaka starta på måndag. Tysdag forklarte både den fornærma og dei to tiltalte seg for retten. Dei tiltalte sa det ikkje var snakk om valdtekt , men frivillig samleie.

Ville bli køyrt heim

Kvinna seier sjølv at ho må ha vorte dopa i forkant av valdtekta, sidan ho ikkje har opplevd den typen rus tidlegare.

Dette stemmer overeins med det dørvakta i dag fortalde for retten. Han seier han såg kvinna forlate staden saman med fleire andre, og at han då vurderte henne til å vere i stand til å ta vare på seg sjølv. Då han sjølv forlét staden då han var ferdig på jobb, såg han kvinna igjen.

– Ho bad om å bli køyrt heim, sa vitnet. Tilstanden hennar skal ha vore dårlegare, men ho var stadig saman med fleire andre, forklarte han. Mellom anna kjente dørvakta igjen den eine tiltalte, som var innom utestaden ofte.

Ville inn i leilegheit

Den same tiltalte vart også kjent att då han kom til Sundgata 7 saman med kvinna. Ifølgje eit vitne kom den tiltalte saman med den fornærma og banka på ei dør. I leilegheita budde vitnet, som tidlegare har budd på asylmottak med dei to tiltalte.

Vitnet forklarte at den tiltalte ville ha med seg kvinna inn for å ha samleie med ho, men at han nekta dei å kome inn. Dermed gjekk dei to vidare til ein etasje høgare oppe i huset.

– Begge dei to var rusa, fortalde vitnet, som også sa at kvinna var veldig ustø. Forholdet mellom dei ville han ikkje uttale seg om, sidan han ikkje oppfatta så mykje om det då han vart vekt av bankinga på døra.

Fann biologiske teikn på personane

Onsdag ettermiddag la politiet fram bevis frå staden der valdtekta skal ha skjedd. Fleire stader skal det ha vore funne biologisk materiale, både av dei to tiltalte og av den fornærma kvinna.

Politiet undersøkte mellom anna sigarettsneipar som viste teikn frå dei to tiltalte, og ølboksar som viste at dei tre kan ha vore i same rommet.

Aktørane i retten gjorde det veldig klart at DNA-spora aleine ikkje kan påvise kva som skjedde den aktuelle natta. Men representanten frå politiet slo likevel fast at prøver gjort ved overgrepsmottaket like etter, viste spor av begge dei to tiltalte.

Retten høyrde også onsdag fleire vitne forklare seg om ei anna valdssak den eine tiltalte er sikta for. Rettssaka held fram også torsdag.